• Samlingsplass på setra Njuk, 680 m.o.h. Kvart år sender Inga og Torbjørn, 30-40 dyr til fjells. GPS- registreringar viser at dyra kan gå så langt som tre km mellom to registreringar, og dei er registrert så høgt som 900 m.o.h. Foto: Privat.

Fjellbeitene er ein viktig fôrressurs. God dyrevelferd er ein bonus.

Liv Kristin Sola

I Granvin herad, i Hordaland, driv Inga Winjum Rørlien og Torbjørn Amundsen, gard med om lag 70 storfe og 67 vinterfôra sau. Torbjørn er gravemaskinførar, medan Inga arbeider fulltid på garden. Dei har barna Helene på 13 og Anders på 9. For Helene er hest den store lidenskapen. For Anders er det musikk som fyller kvardagen, i tillegg til dei 5 hønene han har skaffa seg.

Frå mjølk til kjøt

Då Inga og Torbjørn overtok heimegarden til Inga, hadde garden ei mjølkekvote var på 48.000 liter, 8 kyr, knappe 50 sau, og 100 dekar jord til disposisjon. Kvota var liten og bakkane bratte, og paret bestemde seg for å bytta ut mjølkekyr med ammekyr. Frå 2006 inseminerte dei mjølkekyrne med limousin. Seks år seinare slutta dei å mjølke.

Bratt areal

Etter kvart som naboar har gitt seg, disponerer dei meir jord, både flatt og bratt. Dei driftar 512 dekar fordelt på 12-13 gardsbruk. 445 dekar er dyrka, mykje vert nytta til beite. Sjølv eig dei 60 dekar dyrka jord. Dei får ikkje tilskot til å drive bratt areal, sjølv om mykje av det dei driv er i kategorien, svært bratt.

– Me driv for mykje flatt areal til å få tilskot til bratt areal. Men det bratte arealet krev eige utstyr, og er like dyrt å driva, sjølv om me har mykje flatt areal i tillegg, seier Torbjørn, om tilskotsordningane.

Vår- og haustbeite avgrensar

Dei 20 kyrne i fjøset har god plass. Tanken var å auka tal på dyr, produsera meir, og i  større grad nytta beiteressursane til fjells.

– Me har nok vinterfôr, men utfordringa er beiteareal om våren og hausten, seier Torbjørn.

Med mykje dyrka jord, sår dei i eittåring raigras på eit skifte, som vert nytta til vår- og haustbeite.

– Raigras tek seg som oftast opp att etter tråkkskadar, seier Inga.

Kontroll med GPS

I 2012 kjøpte dei telespor/GPS-bjøller som dei har på tre av kyrne.

– Me har meir kontroll og seinka skuldrar når me har GPS-peiling på dyra. Det var ei lita investering samanlikna med det me får att, seier Inga.

Inga og Torbjørn har programmert bjøllene til å rapportera fire gonger i døgnet. Dei skiftar batteri kvart år for å sikra at det held heile sesongen, og betalar eit årleg abonnement på nokre hundrelappar.

– Dei har sine favorittplassar som dei går attende til. I fjor gjekk gjeldkyrne i ein flokk, og kyr med kalvar gjekk i lag i den andre gruppa, seier Inga.

Ein traktorveg gjer at dei kjem opp i høgda med ein ATV. Frå vegen endar, er det 20 minutt å gå inn til setra Njuk, som ligg på 680 m.o.h. Minst to gonger i veka tek dei turen til fjells, for å telja og sjå til at dyra er friske.

– Sendarane sparar oss for mykje tid. Me veit kor me finn dyra, og tek turen når flokken er nær setra, seier Inga.

Inga og Torbjørn vurdere kor mange kyr dei kan ha i fjellet til ei kvar tid. Ut frå meldingar frå sendarane, ser dei kor mykje dyra flyttar seg frå dag til dag. Dei ser også om dei trekk til områder kor dei ikkje skal gå.

– Går dei for langt ned mot Voss, er det for lite mat, seier Torbjørn.

Bøndene har tilpassa produksjonen til ressursane på garden. Utmarka er for verdifull til å stå unytta, og GPS har gjort det lettare å ha dyra på  fjellet. Flaskehalsen er vår- og haustbeite.

 

Stikkord denne saka: ,