• Kalvemønstringa er delt i to grupper i år, frå 4 (3) til 10 år, og frå 10 til 14 år.

15 barn, full av forventning og håp om at det dette året skal gå deira veg, at dei kan reisa heim med sløyfe og premie, som beste kalvemønstrar i si klasse på Jærmessa.

Liv Kristin Sola

Søndagen var det kalvemønstring, delt i to klassar etter alder. Alle kalvane var vaska og børsta, og mange var fint klipt. Mønstrarane var staselege i kvitt og svart, og gjorde stas både på seg, og kalven, – og på foreldre og besteforeldre på sidelinja.

Dommaren fekk ein vanskeleg jobb. God kontakt med kalven, og merksemd på dommaren til ei kvar tid, vart til slutt det som skilde dei beste frå resten.

To aldersklassar

I klassen for 10 til 15 år vart det finaleomgang mellom Maria Skretting (12) og Malin Regine Fotland Øglænd (12). Med lite som skilde dei to, vart det til slutt Malin Regine som vart kåra som vinnar av si klasse.

I klassen for 4 til 10 år vart det tett mellom Annelin Helland (7) og Jannike Anda (8). For Jannike vart det ein knall-debut, då ho vart kåra som vinnar i si klasse, første gong ho er på kalvemønstring.

Alle andre kom på delt 3. plass i konkurransen, som seg hør og bør.  🙂

 

Stikkord denne saka: , ,