Plastdugnad: Å vera medlem i Vigre 4H gir høve til å vera med på å ta i mot landbruksplast frå bøndene på Nærbø. – Knallgildt, seier frå venstre: Natalie Stange Nilsen, Tobias Rimestad, Jøran Valdeland Voll, Ruth Rimestad og Inger Fernholt.

Plastdugnad: Å vera medlem i Vigre 4H gir høve til å vera med på å ta i mot landbruksplast frå bøndene på Nærbø. – Knallgildt, seier frå venstre: Natalie Stange Nilsen, Tobias Rimestad, Jøran Valdeland Voll, Ruth Rimestad og Inger Fernholt.

Vigre 4H på Nærbø i Hå har tatt i mot landbruksplast i ei årrekkje. Det gir gode pengar i lagskassen.

Sjur Håland

Det blir beløp som monar av til saman 24 containerar med nær 500 kubikkmeter plastavfall til resirkulering.
– Og gode høve for bøndene i området til å bli kvitt avfallshaugane som hopar seg opp gjennom sesongane, understrekar medlemmane i Vigre 4H, som har kledd seg i varme traktorbunadar for å halda varmen.

Traktorkø

Det er laurdagsfred på Bjorhaugsletta industriområde på Nærbø. Men ikkje heilt. Første laurdagen i desember kjem det traktorar med tilhengarar i alle fargar og fasongar glidande inn mot industritomta. Her herskar det organisert kaos eit par føremiddagstimar. Bøndene riggar seg til i ein kø, og ventar på å få rygge ekvipasjane på plass mellom fire blå containerar, der to gravemaskinar med høvelege klyper står klar til å heise dryge fang med plast høgt til vêrs og over i conteinerane.
– Kor lenge har de hatt dette tilbodet?
– Eg er ikkje sikker, ti år, minst, seier ein av ungdommane, Jøran Valdeland Voll, og rettar seg opp frå haugen med plast han står og sorterer saman med dei andre ungdommane.

Reiser på leir

Det handlar om både avfallshandtering, miljøinnsats og dugnad for 4H.
– Me får pengar slik at me kan reisa på leirar og drifta laget elles, seier Jøran, og får stadfestande nikk frå dei andre. – I år har me med gravemaskinar, for å få arbeidet unna, slik at bøndene ikkje treng venta så lenge før dei får tippa lassa, seier han.
I løpet av to hektiske føremiddagstimar skal dei seks tjue kubikks-containerane fyllast opp.
– Etterpå fester me nett på toppen, så er plasten klar til å hentast med lastebil over helga.
Alle plasttypar og –fargar blir teke i mot.
– Me tek også rundballenett. Det kostar 50 kroner ekstra å levera for bøndene som har med seg nett, forklarer Jøran.

30.000 i fjor

Vigre 4H er eit stort lag med kring 50 aktive medlemmar. Plastinnsamlinga går føre seg fire gonger i året. I fjor gav plastinnsamlinga til saman 30.000 kroner inn på 4H-kontoen.
– No er prisen på returplast noko redusert, men som kompensasjon har me fått tildelt støtte frå eit lokalt fond, Gauslandsfondet, seier ein av bøndene, medan han gir tippe-teikn til ein traktorsjåfør.
To av klubbrådgjevarane, Møyfrid Espe og Mette Søyland, er til stades på dugnaden og gler seg over tiltaket
– og over at det for ei gongs skuld er opphaldsvêr.
– Me deler medlemmane opp i fleire gjengar, slik at alle får vera med i løpet av året. Å vera med på plastinnsamlinga betyr at ungdommane får jobben kreditert som lagsaktivitet. Dessutan blir det pizza og brus for dugnadsgjengen etterpå. Det er alltid stas, seier dei.

Resirkulering: Vigre 4H fyller seks containerar med plastavfall frå landbruket fire gonger i året.

Resirkulering: Vigre 4H fyller seks containerar med plastavfall frå landbruket fire gonger i året.

Stikkord denne saka: