Dialog og velferd: Det viktigaste for Magne Økland gjennom 46 år som kontrollassistent, husdyrkonsulent og rådgivar, har vore dialogen med bonden og velferd for dyra.

Magne Økland, ein reiseglad sportsidiot, med lidenskap for kyr og hjarte for bonden gjennom 46 år. Og eit lunt glimt i auge til den som treng det.

Liv Kristin Sola

Magne Økland har nettopp landa. Reint fysisk altså. Tinerådgivaren på Steinsland, i Vindafjord i Rogaland har vore på ein av sine mange reiser. Denne gongen til VM i skiskyting i Austerrike.
– Eg er vel det me kallar sportsidiot, innrømmer Magne.
Skiskyting er favoritten. Handball kjem også langt opp på lista. Uventa vendingar og spenning til siste slutt, er årsaka. Sjølv går han ofte tur. Utanfor dei store vindauga i vinterstova, er det panoramautsikt over Magne sitt rekreasjonsområde. Det er berre å knyta på seg skoa, fylla termosen og legga ut på tur.
Etter fullført agronomutdanning på jordbruksskulen på Tveit, eitt år i militæret, og eit drygt år som dreng på ein gard på Karmøy, kunne det gå to vegar. Magne søkte på to ledige stillingar, ein i banken og ein som kontrollassistent i Vikedal Meieri.
– Eg trivst godt med tal. Men eg har aldri angra at eg valde Vikedal Meieri, seier Magne.

Kontrollassistenten

Det er 46 år sidan Magne vart tilsett som kontrollassistent i Vikedal Meieri, i Vindafjord. Om lag 100 mjølkeprodusentar leverte mjølk til meieriet. Halvparten var med i det som då heitte husdyrkontrollen, og skulle ha mjølkeprøvar kvar månad. Rykta vil ha det til at Magne kjende dyra og kunne referera til plassering i fjøset, ofte betre enn bonden sjølv. All registrering vart gjort av kontrollassistenten.
Arbeidsdagen starta i eit fjøs, med mjølking og prøveuttak. Frukost vart servert, bonden fekk ny kraftfôrliste, og mjølkemengd og kalvingar vart notert. Dyra fekk tatovert individnummeret i øyret. Meieriet haldt utstyret og kontrollassistenten gjorde jobben.
Når jobben på garden var unnagjort, bar det vidare til meieriet med prøvane. Utstyrt med pipette og frakk, vart mjølka tilsett svovelsyre for å finna feittprosenten. Kontrollassistenten analyserte tankprøvane på same viset. Mjølka vart betalt etter innhald av feitt. Først mot slutten av syttitalet kom laboratoria, og mjølka vart analysert for protein og celletal, i tillegg til feitt. Reinhald av prøveflaskene var eit nøysamt og systematisk arbeid. Magne hadde også ansvar for vedlikehald og reinhald av mjølkemålarane, og for å levera dei til neste gard. Noteringane vart overført til kukontrollen, utan datamaskin og internett.

Vurdering av fôrlager

Ei viktig oppgåve var besetningsstyring og fôrlagervurdering.
– Kvar haust når avlingane var i hus, talde me ringar i tårnsiloen. Me vurderte mengde høy og kålrot, og planla fôrforbruk gjennom vinteren, kor mykje fôr som kunne nyttast kvar dag, minnast Magne.
Kor mykje fôr dei hadde i tårnsiloen vart juster for høgde. Høg silo gav meir pakking, og dermed meir fôr per volumeining.
– Tilskotet vart faktisk betalt ut etter fôrvolum. God avling ga gode tilskot, minnast Magne.
Hadde bonden mykje fôr, kunne dei kjøpa fleire kyr. Lite fôr, betydde at bonden måtte redusera tal på kyr den vinteren. Det var aktivitet på livdyrauksjonane. Magne var ofte på auksjon og handla kyr på vegne av bøndene.
– Besetningsstyring er framleis ei viktig oppgåve i mange besetningar. Fôrlagervurdering er det dessverre mykje mindre av i dag, fortel rådgivaren.

Haldbare kyr

Kvar månad vart beste ku og beste kvige kåra. Magne fortel om stor konkurranse. Magne minnast mange høgtytande kyr allereie på 70-talet. Kyr som mjølka 60 liter i månadsvis.
– Variasjonen i besetningane var større enn i dag. Det var stor bruk av eigen okse. Avlsarbeidet og betre fôring har jamna ut dei store skilnadane, forklarer rådgivaren.
Det var viktig for bøndene at kyrne var haldbare. Fleire eldre kyr i buskapen ga meir mjølk i tanken. Bonden kunne selja kvigekalvar og redusera oppdrettskostnadar når fôret var den knappe ressursen på garden.
– I dag utnyttar me ikkje potensialet til kyrne på same måte, kommenterer Magne.

Modernisering av mjølkebruket

På syttitalet vart det framleis nytta mykje kålrot og lauv som fôr. Mot slutten av tiåret kom tårnsiloane for fullt. Fôrhaustaren vart eit stadig vanlegare syn på gardane. Gardane vart modernisert. Det var stor aktivitet med nydyrking og optimisme. Magne understrekar kor viktig mekanisering av fôringslinjene har vore for å få til ei betre fôring av mjølkekyrne.
– Fordeling av grovfôret har hatt stor innverknad på helsa til kyrne, og dermed også på avdråtten. I dag har bøndene gode moglegheiter til å planlegga ei god fôring, understrekar Magne.
Men den nyvinninga som truleg har betydd mest for kuhelsa, er kraftfôrvogna som vart introdusert på nittitalet.
– Fordeling av kraftfôret på fleire gonger i døgnet, er utruleg viktig for eit godt vommiljø, god utnytting av fôret, og friske kyr, konkluderer rådgivaren.
Samstundes med mekaniseringa ute, kom røyrmjølkingsanlegget for fullt utover åttitalet.
– Det var viktig for jurhelsa, understrekar rådgivaren.
Etter kvart som fleire fekk røyrmjølkingsanlegg, auka oppslutninga om kukontrollen.

Mjølka i 25 år

Magne tok over heimegarden på åttitalet. Garden var på 46 dekar dyrka jord og litt skog. Eit gamalt båsfjøs med ni kyr og 60.000 liter i mjølkekvote.
– Utover 2000-talet kom så mange nye krav til oppstalling at eg måtte ta eit val, oppgradera fjøset eller slutte, seier Magne.
Han valde det siste. Etter 25 år som mjølkeprodusent i tillegg til jobben som rådgivar, var det slutt i 2006.
– Eg saknar krøttera, spesielt om sommaren. Den gode kjensla av å sleppa store fine kviger på beite om våren.
Han har grøne fingrar. Om våren vert bustad omfamna av blomar i bed og krukker. Kjellaren er full av blomknollar, blant anna favorittane Engletrompet og Skaugum, som skal ut til våren.
– Eg likar å ha det triveleg rundt meg, seier Magne.
Magne går seg gjerne ein tur for å rydda reiner og kantar langs jordlappane han paktar vekk. Han likar orden. Utset ikkje til i morgon det han kan gjere i dag.

Den viktige heimbygda

Samfunnshuset og idrettslaget er hjarta for aktivitetane i bygda. Magne har konkurranseinstinkt. På nittitalet var han aktiv i idrettslaget. Løp og sykkel har vore hans idrettsgreiner, med Nordsjørittet og Holmenkollstafetten som nokre høgdepunkt. Magne tek sin skjerv av dugnad og verv. I snart ein mannsalder har han vore aktiv i Bondelaget, fleire år som leiar av Sandeid Bondelag. Magne har vanskeleg for å seia nei, både i jobb og privat. Han er pliktoppfyllande og positiv.
– Vil me ha ei aktiv bygd, må alle trø til.

Dagens rådgivar

For Magne er det viktig med allsidig rådgiving og tett kontakt med bonden. På fleire bruk er han rådgivar for tredje generasjon på garden. Men rådgivingstilbodet i Tine er i stadig endring.
– Eg kan sakne den tette kontakten med bonden.
Magne er nøkkelrådgivar for 90 produsentar og sekretær i fleire produsentlag. For å oppnå god dialog og få respons og tillit, er det viktig å vera ærleg. Både om det som er positivt og det som kan gjerast betre. Men det er ikkje alltid like lett å nå fram, medgir Magne.

Til unge bønder – og andre interesserte:

  • Sett deg mål og delmål og ha kontroll over drifta.
  • Gå på fagmøter og hald dykk oppdatert.
  • Spør om det du lurer på og lær av andre.
  • Delta i erfaringsgrupper.
  • Ring rådgivaren når du har spørsmål.
  • Nytt deg av styringsverktøyet i kukontrollen.
  • Knytt deg til eit nettverk. Livet som bonde kan vera einsamt.

«Ei støtte for bonden er Magne sitt mål», er ei setning som utmerkar seg i helsinga Magne fekk frå styret i Vikedal meieri, etter 25 år som rådgivar. Han ville jobba med dyr, tal og system. Som rådgivar har han fått utfordring på alle desse områda, men kontakten med bøndene har vore det viktigaste for Magne gjennom 46 år.


Dette portrettet har vore på trykk i Bondevennen tidlegare i år, i BV 11 – 17. mars