Midtvesten: Felleskjøpet Rogaland Agder sitt turfølgje til USA og Midtvesten i haust. Store John Deere haustemaskinar er eit vanleg syn på prærien.

Amerika fascinerer framleis. Odd Sele har opplevd Midtvesten for første gong, og er ikkje framand for ein ny tur.

Sjur Håland

– Det var rett og slett ei fantastisk oppleving, seier Sele, som er bonde på Voll i Klepp kommune.
Han er vel heime og godt i gang med kvardagen etter ein tolv dagars tur til Midtvesten med Felleskjøpet Rogaland Agder som turarrangør.
– Eg var ikkje klar for å koma heim, turen kunne vart lenger, seier han.

Odd Sele

Slekt og historie

Han konstaterer at USA framleis er stort på mange måtar. Dessutan opplevde han at banda til slekta som frå 1870-åra og utover emigrerte til USA framleis er sterke.
– Eg trefte faktisk tremenningar på turen, det var veldig spesielt og gildt. Eg har ikkje problem med å skjøna at mange reiste over havet og vart verande. Landskapet er imponerande med enorme vidder, rasjonelle teigar og ikkje ein stein i jorda.
I løpet av turen tok bussjåføren, som hadde norske anar, dei 38 deltakarane med til ein kyrkjegard langs vegen.
– Det var sterkt å sjå dei norske namna på gravminna. Utvandringa til Amerika er nær historie, understrekar Sele.
Besøk på sukkerfabrikken Minn-Dak Farmers Coop i Red River, Nord-Dakota stod på programmet.
– 10.000 vogntog køyrde til og frå i løpet av eit døgn. Det betyr sju bilar i minuttet. Det er enormt og må opplevast. Kontrastane er store. Frå skyskraparane i Chicago til prærien og gigantisk industrilandbruk, og til Amishfolket som driv landbruk utan bruk av moderande teknologi.

Pressa storbønder

– Var det noko som skuffa eller som du opplevde negativt av alle inntrykka?
– Ikkje plent skuffa, men på eit mjølkebruk me besøkte i meieristaten Wisconsin hadde dei 3200 kyr. På denne garden, som leverte 32 millionar liter mjølk i året, hadde eg nok ikkje trivest. Det er klart at ein gjer seg nokre refleksjonar. Farmarane er pressa på økonomien og har det nok på fleire måtar tøffare enn oss.
– Fekk du med deg noko som kan overførast til landbruket her?
– Tja, me har jo sett at det har kome fjøs med sand i liggebåsane hjå oss. Dei amerikanske bøndene gav uttrykk for at god helse hjå kyrne var knytt til sand i båsane.

5-600 hestar

Besøk på eine fabrikken til John Deere i Waterloo, Iowa og hovuddelelageret til Caterpillar i Peoria, Illinois, stod også på programmet.
– John Deere produserte 5-600 hestars maskinar den dagen me var på besøk. Sjølv har eg ein JD 7280 på 310 hestar. Det er den minste traktoren dei produserer.
Odd Sele fôrar med kraftfôr, men har aldri sett korleis råvarene mais og soyabønner blir dyrka og hausta.
– Nå har eg fått det visualisert. Dette var nyttig og lærerikt.