• Torsdag kveld. Kyrne var gått til ro langs stokken, på ei seng av sagspon. Ut frå mørket kjem Andreas og Liagubben. Andreas først, i godt driv med Liagubben hakk i hæl.

Ung ryttar på erfaren hest

 

Liv Kristin Sola

Lørdag var hesten i fokus på Dyrsku’n.

Andreas Nøkleby Knutsen er seks år. Han var yngste deltakar som viste fram skeidmomenter på oppvisninga på Dyrsku’plassen. Andreas rir familien sin eigen dølahest, Liagubben.

Skeid er ei løype med naturlege hindringar og tekniske utfordringar. Utforming av løypa gir dei nasjonale hesterasane høve til å visa kva for lynne dei har, og kva dei er gode for når det kjem til bruksegenskapar. Skeidløypa skal vera utfordrande og kjekk å ri, både for ryttar og hest.

 

 

Stikkord denne saka: ,