Søte og verdifulle: Små og smaksrike tomatar oppnår langt høgare pris enn den vanlege store, runde.

– Tomatarealet aukar for første gong på over ti år, jublar Bjarte Åsbø, konsulent i Grøntprodusentenes samarbeidsråd.

Bothild Å. Nordsletten

Utviding av produksjonsarealet for norske tomatar har gått i rykk og napp dei siste åra, men noko er i ferd med å skje.

Tomatentusiast: Bjarte Åsbø

– I år kjem det fleire nye mål hjå ein produsent i Skjold, nytt areal på Hanasand gard på Rennesøy, samt ein reduksjon av paprikaproduksjonen til fordel for tomat på Miljøgartneriet. I sum utgjer dette ein arealauke på over 25 mål. Så stor auke som frå 2016 til 2017-sesongen, har me ikkje sett sidan 2010, stadfestar Åsbø.

– Siste store happening i norsk tomatproduksjon var då Miljøgartneriet opna i 2010, seier Åsbø, og viser til Kåre Wiig og Hallstein Aase sitt 70 mål store veksthus i Hå kommune.
Åsbø forklarar årsaka til auken med god etterspurnad etter norske tomatar samt med offensive og innovative gartnarar som ynsker å posisjonera seg i marknaden.

Smått veks godt

Rundt 90 prosent av alle norske tomatar kjem frå Rogaland. Samstundes som arealet aukar, har volumet av norske tomatar minka kraftig. Årsaka er dei populære, små og smaksrike cherry-, piccolo- og juanita-tomatane. Per kvadratmeter gir dei berre omlag halvparten av avlingane i forhold til dei store, runde. Produksjonen av dei raude perlene breier seg no over snaue 60 prosent av det totale produksjonsarealet. Dei oppnår langt høgare pris enn den tradisjonelle tomaten. Likevel har ikkje økonomien i næringa vore spesielt god dei siste åra, fortel Åsbø. No ynskjer tomatbransjen å styrka produsentane si stilling på ein tøff marknad.

– Korleis?

– Det norske tomatforbruket ligg på 5-600 tonn i veka. For å styrka produsenten, må me heva norskdelen. Di større den er opp mot marknadsdekking, di meir kontroll får den norske tomaten i marknaden.

– Er det berre større areal som skal til?

– Nei. Tomatgartneren slit mot billig import sjølv med tollvern. Dei norske tomatane må «sjarmera» seg inn på marknaden med kvalitet, bredt utval og ved å bli oppfatta som trygg og kortreist. I tillegg må omsetjar og butikkjedane ta tydelege val om å selja norske tomatar.

– Kan me bli sjølvforsynte?

– Nei. Og me har mykje å gå på for å heva norskdelen, som er på berre ca. 50 prosent i tollperioden frå 10. mai-15. oktober, vedgår Åsbø.

Heilårsproduksjon viktig

Han oppmodar produsentane til å halda fram arbeidet med merkevarebygging og for å styrka preferansen for norsk tomat. Åsbø viser til den norske agurken, som døme på kva det er mogleg å oppnå.

– Det er ein enorm preferanse for norsk agurk i marknaden. Ein kan ta ut fleire kroner meir per agurk i forhold til den importerte, fordi dei som kjøper agurk vil ha norsk.
Årsaken til dette er i følgje Åsbø at agurken har vore etablert som heilårsprodukt lenge.

– Tomaten kjem og går. Når forbrukaren får tilgang til ei vare heile året, vil dei etterspørje den heile året. Heilårsproduksjon av tomat vil difor vera bra for å auka norskpreferansen.

Hard konkurranse

Åsbø stadfestar at priskonkurransen med utanlandske, stort sett nederlandske tomatar, er hard.

– Pris er grunnen til at nokre tomatar tapar seg i produksjon i Noreg. I dag har me kronetoll per kilo. Dette slår dårleg ut for dei minste tomatane, som har dårlegare tollvern enn dei store. Norske produsentar har til dømes ikkje sjans til å konkurrera med First Price sine cherrytomatar.

Åsbø peiker på energibruk, kvalitet, tilgjenge og utval som kritiske faktorar for å sikra lønsemd framover.

– Det blir umåteleg viktig å oppretthalda og kanskje forbetra den norske kvaliteten endå meir. Tilgjenge og utval bygger etterspurnad og preferanse, som skal skape ei positiv prisutvikling og betre lønsemd for produsent.

– I kva grad blir produsentane råka av matkjedane sine bonusordningar på frukt og grønt?

– Det veit me ikkje ennå. Komande sesong vil gi svaret. Kampanjer av ulike slag gjennom sesongen har produsentane levd med i mange år. Den situasjonen vi har no kan sjå spesiell ut. Det blir særs viktig at produsentane utnytter verktøyet som styresmaktene har gitt dei gjennom Grøntprodusentenes Samarbeidsråd. Økonomien til produsent må sikrast, så kan kjedane rabattere fritt etterpå. Personlig tykkjer eg det er trist å sjå at friske, sunne, norske produkt vert selde på billigsal.

På den rette greina

Åsbø er like fullt optimistisk med tanke på den komande tomatsesongen spesielt, og på vegne av den norske tomaten generelt.

– Interessa for sunn og kortreist mat har aldri vore større enn no. Medan mange har innført ein kjøtfri dag, er det berre ‘køyr på’ som gjeld for frukt og grønt. Tomatbransjen sit på den rette greina. Difor har eg god magefølelse innfor sesongen som kjem.

 

Stikkord denne saka: , ,