• Inger Johanne Bligaard og Knut Egil Stakkestad driv kjøtproduksjon på Stakkestad, i Tysvær kommune på Haugalandet, Rogaland.

Eit friskt pust av entusiasme og arbeidslyst ramma deltidbonden på Stakkestad. Ti år seinare er garden heilt forvandla.

Liv Kristin Sola

– «Maen» meiner alt er min feil.

Inger Johanne Bligaard flirer og trekk føtene opp under seg i sofaen. Ho snakkar om endringane som har skjedd på garden sidan ho vart ein del av drifta.

Den omtala «maen», Knut Egil Stakkestad, står framfor omnen. Bitande vind har sett seg i kroppen.

– Iskaldt, sukker han.

Frå deltid til heiltid

Attåt ein kaffikopp, serverer Inger Johanne og Knut Egil historia om utviklinga av garden.

For ti år sidan var drifta på eit minimum. Knut Egil jobba meir enn full dag som entreprenør. Nokre oksar i det gamle kufjøset fylde dei få timane som var av fritid.

Maskinar har alltid vore ein lidenskap. Livet som anleggsmaskinførar starta då Knut Egil var rundt 15. Fagbrevet tok han først då han var godt vaksen.

– Det er nok også min feil, seier Inger Johanne, og ler.

Sjølv jobba ho i mange år som resepsjonssjef på Rica Maritim Hotel, Haugesund. Tett kontakt med ulike mennesketypar gjorde at ho søkte meir kunnskap om menneske og våre evne til å utvikla oss og sjå moglegheiter. Ho har utdanning som coach og rettleiar, kunnskap som kjem til nytte i jobben som ansvarleg for AOF sitt tilbod til vidaregåande opplæring i yrkesfag.

– Eg stortrivst med PC, telefon, samtalar og rettleiing, rapportar, skjema og system, seier Inger Johanne.

Knut Egil er bonde på fulltid, etter mange år som maskinentreprenør. Inger Johanne har full stilling som seniorkompetanserådgivar i AOF Haugaland. Men ho innrømmer at det er godt å koma heim til praktisk arbeid på garden, etter ein hektisk kontordag.

Politisk engasjert

– Me har så mange ulike roller. Eg er bonde, lærar, koordinator, tillitsvald, leiar, veninne, mor, bestemor, kone og kjærast. Blant anna, smiler Inger Johanne, og trekk pusten.

Med erfaring og entusiasme kastar ho seg inn i nye roller,I tillegg til jobb og gard. Ho har to års fartstid som leiar av Tysvær bondelag, og mange år som styremedlem i LO. No er det avls- og interesseorganisasjonen TYR, som får mest merksemd. Nyleg vart ho vald til leiar i TYR Rogaland, etter fire år som nestleiar. Ho er nestleiar på tredje året i TYR Norge,

– Det skal bety ein skilnad å vera medlem i TYR, både fagleg og sosialt, spesielt for unge, og nye produsentar. Men like viktig er det at erfarne produsentar deler av erfaring og kunnskap, til beste for alle, slår ho fast.

Tilskot til innmarksbeite står høgt på dagsorden. Ho fryktar at dersom tilskotet vert fjerna, vil det føra til mindre bruk av innmarksbeite og auka attgroing. Gjennom TYR jobbar ho for at alle typar beite skal likestillast, dersom noko må endrast på.

– Det er det som er å forenkla, understrekar Inger Johanne.

Ti år med vekst

Knut Egil kunne berre ane kva som vente då han inviterte si kjære Inger Johanne heim til gards. Kona kom med medgift, i form av entusiasme, pågangsmot og nye planar for garden. I 2009 kjøpte dei ein nabogard med jord og eggproduksjon. Året etter bygde dei om hønsehuset og sette inn aviar med plass til 7500 høns. I veke­dagane har dei god hjelp av Solveig, mor til Knut Egil, som pakker egg.

For nokre år sidan kjøpet dei jorda frå eit nabobruk. I tillegg har dei dyrka jord på eigen gard for å auka grovfôrgrunnlaget i drifta. I dag disponerer dei 477 dekar inkludert overflatedyrka, og har dyr i tre fjøs. I ammekufjøset held kyr, kalvar og oksar til, totalt 131 dyr. 43 kviger står oppstalla i det tidlegare mjølkefjøset heime på garden.

limousin kviger

Tre limousinar i fjøset

– Me vart sjarmert, konstaterer Inger Johanne og Knut Egil.

Det starta med tre limousin-kyr. Det var litt tilfeldig. No er dei limousin-entusiastar. Men det skal mykje kapital til å fylle fjøset med reinrasa kyr, og bøndene bestemde seg for å ta det steg for steg. Dei kjøpte 13 reinrasa dyr i tillegg til fleire kjøtfekryssingar og kryssingar mellom kjøtfe og mjølkekyr. I dag har dei rundt 20 reinrasa limousin-kyr. Resten av flokken er eit muntert innslag i mønster og fargekombinasjonar.

– I starten var målet å fylle fjøset med dyr. No er me meir bevisste på val av mordyr, seier Inger Johanne.

Dei rangerer ut kyr som ikkje har dei ønska brukseigenskapane, og vil på sikt ha ein rein limousinbesetning. Tre avlsoksar kjøpt på auksjon på Staur, sørgjer for nye genar til buskapen.

Stakkestadbøndene har ikkje som høgste prioritet å avla fram topp avlsoksar til Staur. Dei karakteriserer seg som kjøtprodusentar. Likevel har dei fleire oksar som er kåra og selde til liv.

Varierande tilvekst

Inger Johanne har funne fram nettbrettet og skrollar seg gjennom storfekjøtkontrollen. Ho har oversikt over buskapen. Høg tilvekst er eit viktig mål for drifta. Dagleg tilvekst varierer mykje, frå 740 gram til tett oppunder 1300 gram. Gjennomsnitt er rundt 1000 gram per dag.

– Med noko innkryssing av mjølke­rasar i buskapen, er det godt med mjølk tilgjengeleg, og kalvane deler raust med kvarandre, kommenterer Inger Johanne.

Kalvane har fri tilgang til kraftfôr. Etter avvenning får oksane fire kg heilt fram til slakt.

– Me nyttar TopBull som kraftfôr til heile buskapen, men snusar litt på Maxammon Bygg, seier Knut Egil.

Dei registrerer fødselsvekt og vekt ved 200 dagar. Fødselsvekta er relativt låg for denne rasen, mellom 37 og 45 kg, men kalvane legg raskt på seg i starten.

Ei elektronisk vekt er plassert i enden av fjøset.

– Den står litt kranglete til. Det vart eit kompromiss så lenge den ikkje var planlagt frå starten, seier Inger Johanne, og rådar andre til å planlegge for systematisk veging av dyr i buskapen.

Erfarne nybegynnarar

Kalvingane er spreidd gjennom heile året. Slik får dei nytta bygningane effektivt. I starten opplevde dei ein del kalvingsproblem, før dei fann ut at limousin-kvigene ikkje er fysisk klar for kalving før dei er rundt 27 månadar gamle.

– Kvigene vart para for unge i starten, seier bøndene.

Alt nytt må lærast, også for erfarne bønder som prøver nye produksjonar. Etter at dei utsette å bedekka kvigene til dei var passert 18 månadar, er kalvingsproblema sterkt redusert.

Kvar haust kjøper dei to trailerlass med halm frå Austlandet. Dei nyttar halm i kalvingsbingane og i fellesbingen der ku og kalv går dei første dagane etter kalving. Kalvegjømma og sjukebingane er også fylde med halm. Kalvingsintervallet varierer frå 11 til 12 månadar.

– Når dyra har det bra, kjem dei i brunst tidlegare, understrekar Inger Johanne.

Blandar grovfôret

Alt grovfôret vert pressa i rundballar. Dei har mykje blaut og tung jord på garden.

– I fjor fekk me ein del tredje slått. Året før sleit me med å hausta to slåttar, seier Knut Egil.

Med fullfôrvogna får dei blanda grovfôret. Ei blanding på 2000 kg består av første og andre slått, 200 kg tørr halm og litt mineral. Gjødsla vert tørrare og båsane reinare med litt halm i blandinga, er bøndene si erfaring. Blandinga rekk eit døgn, med utfôring kvar ettermiddag.

– Eg justerer grovfôrmengda litt etter temperaturen ute. Er det kaldt, èt dei alltid meir grovfôr, understrekar Knut Egil.

Høge slakteklassar

Oksane vert slakta puljevis frå 15 opp til 18 månadar gamle. Då er dei rundt 400 kg slakta. Auka tillegg for høge slakteklassar er godt nytt for bøndene på Stakkestad. Det meste av slaktet på garden vert klassifisert i klassane U, E og E -. Dei har hatt to oksar i klassa E+.

– Det hender jo at me ser R’en på slakteoppgjeret, men det treng me ikkje snakka så høgt om, seier Inger Johanne, og ler.

Inger Johanne og Knut Egil trur at ein kombinasjon av rase og fôring er oppskrifta på dei høge klassane. Erfaringa er at limousinslakt oppnår betre klassifisering enn kryssingane, som kan tapa seg litt fram mot slakt om bøndene ikkje heilt klarer peila seg inn på optimalt slaktetidspunkt.

– Ein limousinokse avleirar ikkje feitt. Det er omtrent ikkje feittrekk å spore på avrekningane frå slakteriet, seier Inger Johanne og Knut Egil.

Restriksjonar på beite

Buskapen er delt i tre flokkar som beitar på tre ulike områder. Kalvingsklare kyr går i eiga gruppe, med tilsyn to gonger om dagen.

Noko av beitearealet er registrert som kystlynghei av nasjonal betyding. Dyra kan beita, men bøndene får ikkje spreia gjødsel. Drikkevasskjelda til innbyggjarane i Haugesund grensar til beiteområda, noko som legg restriksjonar på tida dei kan nytta til beiting.

Når dyra kjem inn frå beite, vert dei klipt og stelt. Kalvane vert skilde frå, og dyra vert vegne og får lusebehandling.

– Me må sørgje for god trivsel og friske dyr. Då kjem mykje av det andre av seg sjølv, seier Inger Johanne.

 

Stort uteareal

Fjøset er kaldfjøs med betongelement og naturleg ventilasjon, og bingar på begge sider av eit breitt fôrbrett. Dyra er delt inn i grupper, med høgdrektige kyr, kalvingsbingar og oksar til framfôring på den eine sida. Andre sida er delt mellom ku og kalv, og ei avdeling for sinkyr.

Fangfront langs delar av fôrbrettet gjer det enkelt å sortera ut dyr. Drivgangar langs veggane, er på 90-100 cm, slik at dyra ikkje kan snu seg.

– Heilt naudsynt, minner dei to om.

Alle dyra har tilgang til uteareal med støypt dekke og liggeplassar. Med opning i begge endar kan dei ulike gruppene gå ut og inn som dei vil heile året. Fjøset er plassert ved ein fjellskråning, og Knut Egil har støypt liggebåsar under halvtak, som føl fjellskråninga i ei bue. Langs fjøsveggen er det liggeplatting med gummimatte.

Kalvane har si eiga kalvegjømme og tilgang til kraftfôr, også ute. I tillegg får kyrne grovfôr på fôrhekk.

Behandlingsboksar

Dei har to behandlingsboksar som vert flittig nytta. Mest til handtering og stell av friske kyr for å førebygga sjukdom.

– Me hadde ikkje klart oss utan behandlingsboksane. Dyra vert vane med å gå i boksen, og me får ro og tryggleik rundt handteringa. Det er trass alt store dyr, understrekar Inger Johanne.

Dei fikser litt klauver sjølve, men understrekar at alle dyra hadde hatt godt av ein runde i ein klauvboks. Men bøndene må smøra seg med tålmod. Det vert dei nøydd til, då det er få profesjonelle klauvskjerarar i området, og dei som er, har fulle ordrebøker.

Er det noko dei saknar, er det omrøring i gjødselkanalane. Det hadde letta jobben med å få ut den tørre gjødsla. No må dei til med vogn og vasstrykk, og ikkje sjeldan må dei opp med spaltene. Gjødsla vert for tørr.

Med støvlane på

Når barn og barnebarn er på besøk, er dei gjerne med i fjøset.

– Ungane får ein eigen gange når dei får på kjeledress og støvlar. Skulle tru dei eigde heile fjøset, flirer ho, som er bonde, mor og bestemor.

Sjølv har dei berre avløysar når dei er vekke begge to. Då er det sonen til Knut Egil som trør til i fjøset.

– Eg visste at bøndene jobba mykje, men det vart annleis å kjenne det på kroppen, seier Inger Johanne.

For berre dei som har støvlane på, kan forstå kor stor arbeidsinnsats som krevst for å oppnå lønsemd i landbruket.

– Dyrevelferd og kulturlandskapet gjer seg ikkje sjølv, seier den etter kvart så erfarne bonden.

Aldri angra

Det er slutt på late sommardagar i horisontalen på terrassen. Noko godt i glaset, i lag med veninner eller med ei god bok, er mest historie.

– No griller me på trass. Inger Johanne ler.

– Blir det godvêr, er det armar og bein, og ein kamp mot tida, seier ho.

Graset skal i hus, og gjødsla skal ut, gjerder skal sjekkast og fiksast, og dyra skal ha tilsyn. For ikkje å snakka om den evige kampen mot tistlane.

– Me går og går og går, heile sommaren, seier Inger Johanne. – Men eg har aldri angra, slår ho fast.

Blikket Knut Egil sender Inger Johanne tyder på at heller ikkje han ville hatt det annleis.

 

Artikkelen stod på trykk i Bondevennen nr. 9 2017

kraftfôr med trynetillegg
Stikkord denne saka: , ,