Under følger årsmøtetalen til avtroppende styreleder i Felleskjøpet Rogaland Agder, Gabriel Joa:

Den 30. mai neste år er det 120 år sidan den spede starten på Vårt Felleskjøp. Derfor er 2018 det 120-ande driftsåret. Dette er eit jubileum me ikkje markerer, men me kan slå fast at det er ein livsfrisk 120-åring, som er i kontinuerleg utvikling, som er solid og som har livskraft.
Då me for snart 5 år sidan laga strategiplan for åra 2014-2018, var måla for 2018 ei omsetning for konsernet på 3 milliardar og eit resultat før skatt på 100 millionar kroner. Ikkje alle såg desse måla som realistiske. Men som de ser i årsmeldinga, nådde me i 2017 3 milliardar og 58 millionar kroner i omsetning, og 97,4 millionar i resultat før skatt. Målet var vidare at 70 av dei 100 millionane skulle koma frå morselskapet og 30 millionar frå døtrene. Også her ser det ut til å bli god treff.
Me mangla bare 3 – 4 vogntog på å passera 380 000 tonn kraftfôr for første gong i 2017. Det var ein auke på 0,9% totalt, mest av fôr til grovfôretande dyr på grunn av det dårlege vêret i fjor. Det blei ein liten nedgang i marknadsandel for samla kraftfôrsal. Dette er det sett i verk tiltak for å ta att.
Salet har vore godt totalt sett i maskindivisjonen, men me har slite me å få John Deere- traktorar av 5R-modellen til rett tid. Dette er nå i ferd med å retta seg, og det er saman med FK Agri lagt mykje arbeid i å unngå at me skal koma opp i liknande framover.
I verksemda AM Nutrition AS, der hovudproduktet er protein basert på erter, har endringar i prosesseringa gjort at proteinutbyttet nær har dobla seg sidan starten. Omsetnadsauken er på vel 17% frå 2016 til 2017. Tilsvarande auke har hundefôrproduksjonen i Fish4Dogs. Eg føler meg trygg på at det her er potensiale for solid auke også i åra som kjem, og at desse sideverksemdene ytterlegare vil auka si avkastning til oss eigarar.

Våre tilsette har som vanleg gjort ein mykje god jobb for oss i 2017. Det er ein liten auke i sjukefråveret, men dette er framleis lågt i høve til nær sagt alle me kan samanlikna oss med. Produktiviteten har auka også i 2017, og har kompensert for det meste av auken i råvareprisar. Det er all grunn til å retta ein stor takk til våre tilsette.
For driftsåret 2016 blei det vedteke ei etterbetaling på 2,5% for alt kjøp av kraftfôr og butikkvarer frå medlemmene. For 2017 har styret gått inn for 2%. 2016 var eit spesielt år, med store gevinstar ved sal av eigedom. Desse gevinstane blei ikkje brukte til etterbetaling, men det ga rom for ei ekstra etterbetaling frå den ordinære drifta.
Styret sitt framlegg til etterbetaling må sjåast i samanheng med at me nå er inne i store investeringar – omlag 200 millionar til ny kraftfôrfabrikk og over 20 millionar kroner til nytt fjøs på Stamsædgarden i Klepp. Det gir tryggleik for framtida at me har ein solid eigenkapital, men også at me disponerer tilgjengeleg resultat på ein forsvarleg måte når investeringane er så store. I 2019 vil avskrivningane mellom anna bli 18-19 millionar kroner større enn i 2017. Den nye kraftfôrfabrikken vil auka kapasiteten med 50%, i tillegg til ei betring av effektivitet og fleksibilitet i høve til bruk av nye fôrråstoff. Drifta av forsøksfjøset blir betalt av Felleskjøpet Forutvikling på langsiktig avtale.

Investeringane i landbruket ligg år for år på eit jamt høgt nivå, noko som tyder på at det er mange som trur på næringa og på behovet for mat også i framtida. Trenden er gjennom mange år nå at investeringane hjå den enkelte blir stadig større, i tråd med styresmaktene sine ynskje om færre og større bruk. Men store investeringar og stor drift gjer også den enkelte bonden meir sårbar. Då er me mange som blir sterkt uroa over det me kunne lesa førre veke, at Landbruksdirektoratet og Miljøverndepartementet har sett fram krav ovafor Landbruksdepartementet om skjerpa krav til spreieareal og krav om tak over alle gjødsellager. Kravet til spreieareal er føreslått auka frå 4 til 5 dekar pr. dyreeining i første omgang, og om få år til 6 dekar. Auke på 25 og seinare 50 % er svært dramatisk for vårt område. Eg meiner den faglege grunngjevinga knapt held mål, og meiner at ein i alle høve må venta med skjerpa krav til det føreligg gode nok løysingar til alternativ bruk av gjødsla, til dømes til biogassproduksjon. Det blir sagt at dei nye krava er reint fagleg begrunna, men det er jo ikkje rett. Til dømes er krava dei same på Sør-Vestlandet som i Finnmark. Vekstsesongen hjå oss er nær dobbelt så lang, og avlingane nær dobbelt så store. Altså reint politiske krav. Eg vil også peika på at krava, om dei blir gjennomførte før vi har fullgod alternativ bruk av gjødsla, vil bryta med kanaliseringspolitikken som me har retta oss etter og investert etter i snart to generasjonar. Me må ha tru på våre organisasjonar og våre politikarar, at dei ikkje vil køyra fullstendig over næringa vår.

FKRA sin produksjon av tørka fjørfegjødsel i Norsk Naturgjødsel AS frigjorde i fjor over 12 000 dekar spreieareal for oss medlemmer. Me trur på større produksjon og sal, og har nå rusta opp fabrikken ytterlegare. Me er også inne i satsinga på biogass, ved ein 22% eigarandel i Biogass Konsortium AS.

Me opplever at landbruket stadig oftare blir utsett for angrep frå mange ulike hald. Angrepa kjem på stadig nye område, og ved kvart angrep er det ei ny gruppe som blir ramma. Då er det viktig å stå saman, slik at me blir sterkast mogleg. Denne gongen er det deg, neste gong er det meg. Eg vil ta nokre døme:
Det er ikkje meir enn godt eit år sidan den blå-blå regjeringa saman med Sp og KrF freda pelsdyrnæringa etter at næringa hadde gjennomført omfattande forbetringar av dyrevelferda. Denne fredninga blei sjølvsagt oppfatta som ein garanti for overskueleg framtid. Og frå næringa blei det satsa. Så skulle Venstre inn i regjeringa og måtte ha ei sak å markera seg på. Eg er særs skuffa over knefallet frå storebrødrene i regjeringa. Ei samla landbruksnæring må stå opp for pelsdyrhaldarane, for me veit jo at dyrevernalliansen ikkje gir seg med dette. Dei skal forsvare sin eigen eksistens, og er heilt avhengige av nye saker å køyra fram. Eg kan i denne samanhengen syna til deira arbeid i opinionen og ovafor daglegvarekjedene med til dømes egg frå burhøns i høve til frittgåande høns, i høve til val av hybrid for slaktekylling og for gris. Dyrevernalliansen når lett gjennom i media, og kjedene føler seg pressa til å følgja.

Det har vore, og er, for tida ubalanse i marknaden når det gjeld mellom anna lammekjøt og gris. Nortura har som før ansvar for marknadsreguleringa, men mulighetene for regulering er stadig blitt svekte. Derfor har bøndene sine organisasjonar oppmoda produsentane til å redusera produksjonen sin med ein prosentsats for å få bort overskotet og prisdumpinga, for i neste omgang å kunna ta ut avtaleprisar. Så trugar Konkurransetilsynet med å melda desse organisasjonane for brot på konkurranselova – det er ikkje lovleg å oppfordra til prissamarbeid, ein skal heller konkurrera kvarandre i hel. Dette er politikk. Men er det ingen av politikarane som ser at marknadsbalanse over tid er til fordel også for forbrukarane? Bøndene kan ikkje ta ut høgare pris enn avtalt i jordbruksavtalen. Dersom overproduksjonen blir stor over tid, og pris til bonde tilsvarande låg, kan produksjonen gå for langt ned. Kva då med prisane?

Konkurransen på mjølkesektoren har vore, og er, politisk styrt. Og alle har vel akseptert at det skal vera konkurranse også her. Men når måla for konkurransen stadig blir justerte, og dette skjer ved å svekka den sterkaste parten, altså Tine, så skjer det noko som burde oppta alle mjølkeprodusentane. Når ein over prisutjamninga stadig overfører ein større sum frå Tine til konkurrenten, og dermed svekkjer Tine si utbetalingsevne, lir prisen til alle produsentar. For det blir ikkje lagt skjul på at konkurrenten set sin produsentpris etter den prisen Tine betaler, og så i ettertid gir same etterbetalinga. Altså gir svekka utbetaling frå Tine, tilsvarande tap hjå konkurrenten sine produsentar. Vinsten hamnar då vel hjå eigarane av konkurrenten?

Førebuinga til årets jordbruksoppgjer er i full gang. Jordbruket skal i utgangspunktet ha same tillegg som andre grupper + eit tillegg for å ta att noko av differansen i høve til grupper me kan samanlikna oss med. Dette skal bli vanskeleg nok å oppnå, om me ser på tidlegare erfaringar. Så er det spørsmålet om fordeling – mellom pris og tiltak, mellom ulike distrikt og mellom ulik struktur. Dei styrande i dag har jo eit marknadsliberalistisk utgangspunkt, og dette kolliderer ofte med jordbruket sine ynskje, og våre ynskje om framleis satsing på familiebruket. Er me flinke nok til å finna alliansepartnerar i bygdesamfunna som kan vera med å kjempa vår kamp? Det bør vera ein del felles interesser med alle som ikkje er bønder når det gjeld levande bygder, å hindra attgroing, å sikra ei oppretthalding av busetnaden.
Styret i FKRA har gitt innspel til jordbruksforhandlingane og bede om auke i frakttilskota for kraftfôr. Dette er heilt nødvendig for å gi like vilkår for landbruk over heile landet. Så har me bede om at ein går sterkare inn i spørsmåla kring rett prissetting av kvalitet og av ulike kornslag og andre kraftfôrråvarer i høve til marknadsbehovet. Det er med stor glede me registrerer at dei største aktørane i kornmarknaden – FK Agri og Norske Felleskjøp – også gir klare signal om behovet for å tilpassa produksjonen betre til det marknaden etterspør.

Ved sist årsskifte gjekk administrerande direktør Ola Bekken av etter 23 år i stillinga. Bekken gjorde ein framifrå jobb for FKRA frå første til siste dag. Utviklinga i hans tid som dagleg leiar var formidabel, både når det gjeld kjerneverksemda, og når det gjeld oppretting og utvikling av sideverksemder. Det fall mange gode og velfortente ord til Bekken då styret takka han av på ei enkel tilstelling sist på fjoråret.

Eg følte stor glede og lette då Per Harald Vabø var tilsett som ny administrerande direktør frå dette året starta. Han kjenner verksemda særs godt og har gjort ein framifrå jobb i ulike stillingar i FKRA, sist som marknadsdirektør og nestkommanderande. Eg føler meg heilt trygg på at han går inn i den gode rekka av særs dyktige daglege leiarar som me har hatt i selskapet. Me ynskjer Per Harald lukke til med det viktige arbeidet han skal gjera for oss.

Dette er siste årsmøtet mitt som styreleiar. Etter 8 år var det på tide å takka av. Det har vore ei svært interessant tid og ei gild oppgåve. Eg vil takka for den tilliten eg har fått, for godt samarbeid med styret og administrasjonen og ynskja lukke til med vidare utvikling av ein særs veldriven organisasjon.

Takk for meg!