Pressemelding:

På 4H-gårdene får barn og unge kunnskap om dyr natur og norsk landbruk. Foto: Kristin Haanshuus, 4H

340 000 deltok på aktivitetar på besøksgardane til 4H Norge i 2016. – 4H-gardane gjer ein utruleg innsats som vindu mot landbruket, smiler Cecilie Pedersen, pedagogisk leiar ved Bodin 4H-gård. 

Åge Avedal
Regionleiar 4H Nordvest / rådgjevar 4H-gard

Stadig fleire reiser på besøksgard for å lære om dyr og natur. I 2016 besøkte nesten 340 000 ein av 4H-gardane eller 4H-setrane i landet. Over 250 000 av besøka var på gardsaktivitetar med eit pedagogisk innhald, viser tal frå 4H Norge.

Dobbelt så mange gardar

– Det blir gjort ein utruleg innsats på gardane våre landet rundt, og vi er bevisst på at besøka skal ha eit pedagogisk innhald. Både små og store får lære ved å gjere på gardane. Det er slik vi menneske lærer best, seier Cecilie Pedersen, som i tillegg til å vere pedagogisk leiar på 4H-garden i Bodø er nestleiar i 4H-gard Norge, nettverket for besøksgardar i 4H.

4H Norge har i alt 47 4H-gardar. Mange av 4H-gardane er private bruk på bygda, men ein del ligg også i dei største byane, som Oslo, Trondheim, Bergen, Tromsø og Bodø. Talet på 4H-gardar i landet er fordobla dei siste seks åra, og i 2016 fekk seks nye gardar status som godkjent 4H-gard.

– Eg er utruleg glad for at vi har fått så mange nye 4H-gardar. Dette heng nok saman med ei satsing i 4H Norge og at styret i 4H-gard Norge har vore aktivt og frampå, seier Cecilie Pedersen

– Lykkeleg på 4H-gard

– Kvifor er tilboda ved besøksgardane så viktige?
– 4H-gardene er eit vindu inn mot det ordinære landbruket. Her får du ein smakebit av matproduksjon og livet på garden. I gamle dagar hadde dei fleste eigen gard eller ein som nærmaste nabo. I dag er det strenge krav og vanskeleg å få eit innblikk i drifta av dei få gardane som er igjen i nærmiljøet. Då er det viktig at vi har besøksgardar som viser korleis baconet og juleribba blir til. Dei besøkande lærer òg noko om ansvar, bærekraft og etikk, forklarar Cecilie Pedersen før ho held fram:

– Eg blir lykkeleg av å arbeide på 4H-gard. Lykkeleg fordi eg veit eg utgjer ein forskjell i livet til nokon, og fordi eg får formidla mykje kunnskap om matproduksjon og dyrevelferd til barn og unge. Det ser eg er noko som verkeleg trengst i dagens samfunn.

Fakta om 4H-gard:

  • 4H-gard er eit ope gardsanlegg som tar imot born, unge og vaksne til pedagogisk tilrettelagte besøk.
  • I Norge finst det i dag 44 4H-gardar og tre 4H-setrar.
  • Hovudmålet er å vise fram kva som skjer på ein gard med både planter og dyr. Dette vil gje auka kunnskap om økologiske samanhengar, matproduksjon, dyr og natur.
  • Meir om 4H-gard på www.4h.no.
Stikkord denne saka: