Nei til kårhus: Sjur Kalleklev førebur garden til generasjonsskifte, men får ikkje løyve til å bygga kårhus. Endeleg avgjerd i saka skal takast av Settefylkesmannen i Aust- og Vest-Agder ut på hausten.

Tysvær kommune seier ja, medan Fylkesmannen i Rogaland seier nei til eit planlagt kårhus på garden til Marit og Sjur Kalleklev.

Sjur Håland

Produksjonsomfanget har blitt ein del av argumentasjonen mot å gje løyve. Marit og Sjur Kalleklev førebur garden til generasjonsskifte. Eit kårhus inngår i planane, før sonen flyttar til gards med familien sin. No ligg husteikningane på vent medan frustrasjonen aukar.
– Dette er langt frå kjekt. Eg trudde det skulle vera kurant å bygga kårbustad på garden, andre bønder i området har ikkje hatt problem med å få løyve til å bygga, seier Sjur Kallekleiv, idet han parkerer i tunet, stig ned frå traktoren og tek seg tid til ein liten pause i siloslåtten.

Ammekyr og fôrproduksjon

Kallekleiv sin gard ligg i idylliske Dalsbygda i Skjoldastraumen i Tysvær kommune. Tunet er omkransa av eit våningshus frå først på 1990-talet med tilhøyrande hage, saman med den raudmåla driftsbygningen. No held han på med å fylla siloane med friskt gras som skal bli vinterfôr til dei 20 ammekyrne i besetninga. Til garden høyrer 70 dekar dyrka, 120 dekar innmarksbeite pluss skog og utmark. Mjølkekvoten på 70.000 liter er utleigd til dottera, som driv gard i nærleiken. Kalleklev har valt å erstatta mjølkekyr med ammekyr, noko som også høver godt med planane til sonen, kona og dei fire borna som gjerne vil flytta til gards og ta over.

Vil driva aktivt

– Han driv eit lite entreprenørfirma, ho er sjukepleiar, begge ønskjer å driva aktiv landbruksproduksjon på garden, slik me har gjort, understrekar han.
Kalleklev er oppgitt over at fylkesmannen har kome med innseiingar til byggeplanane.
– Dei har ikkje eingong vore på synfaring. Dette er ikkje akkurat noko som stimulerer til generasjonsskifte og ein smidig overgang for familiens folk. Eg trudde styresmaktene ville leggja til rette for at det skal vera attraktivt og praktisk å ta over gardane rundt om i distrikta. Denne praksisen bidreg til det motsette, avvikling og fråflytting, meiner han, og fryktar at eit avslag hjå han kan skape presedens og få konsekvensar for andre gardsbruk framover.

Tysvær gir dispensasjon

For å få løyve til å bygga eit hus nummer to i eit LNF-område på ein landbrukseigedom, må bygningen definerast i tråd med plan- og bygningslova som «nødvendige tiltak for landbruk». Elles krevst det kommunal dispensasjon frå plan- og byggingslova, medan fylkesmannen har klagerett. Denne dispensasjonen fekk Kalleklev etter handsaming i teknisk utval i Tysvær kommune 2. februar 2017. I saksframlegget påpeikar rådmannen at sjølv om tiltaket (kårhus) ikkje er naudsynt for sjølve drifta, så er Tysvær ein kommune som skal ha fokus på landbruk og som gir dispensasjon for å legga til rette for framleis gardsdrift og ei lettare overgangsordning før endeleg overtaking av garden for neste generasjon. Kårhuset er planlagd 180 meter frå tunet på ein uproduktiv utkant av eigedomen nær fylkesvegen.
– Vår vurdering er at plasseringa gir minst ulemper for drifta på garden. Alternativet hadde vore å bygga ved tunet, då hadde me måtta nytta fulldyrka jord, det vil me unngå, seier Sjur Kalleklev.
Rådmannen skriv i si vurdering at det er gode jordbruksareal og aktiv drift med storfe og litt sau på desse areala. Vidare held rådmannen fram at «oppføring av eit gardshus slik det er søkt om, vil vera eit konkret bidrag til meir levande bygder, slik det er formulert i kommuneplanen frå 2015».

Fylkesmannen si klage

Fylkesmannen klaga ja-vedtaket frå kommunen. Dei peikar på bustadfelt i bygda som aktuelt bu-alternativ og konkluderer med at kommunen ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til sentrale og regionale føringar for areal- og ressursforvaltninga i LNF-område og viktige område for landbruksnæring. Fylkesmannen peikar også på at om ikkje kommunen gir dispensasjon utan vilkår om deling, vil kommunen ha ei svak sak dersom ein søknad om frådeling seinare blir fremja.
– Behovet i høve til omfanget av landbruksdrifta er brukt som eit argument hjå Fylkesmannen. Det blir heilt feil å måla behovet for bustadar ut frå produksjonsomfanget. Kor skal grensa i tilfelle gå, spør Kalleklev.

Settefylke avgjer

Sjette april 2017 handsama teknisk utval i Tysvær saka på nytt etter fylkesmannen sine innspel. Dispensasjonen blir oppretthalden, medan det i tillegg blir vedteke vilkår om at seinare frådeling ikkje kan skje.
Sjur Kalleklev fortel at saka no har vorte handsama hjå fylkesmannen på nytt.
– Dei opprettheld sine innseiingar. No ligg saka hjå Settefylkesmannen i Aust- og Vest-Agder for avgjerd ein gong ut på hausten.

FYLKESMANNEN I ROGALAND:

Ikkje driftsmessige behov

Rådgjevar hjå Fylkesmannen i Rogaland, Trond Olav Fiskå, forklarer at Tysvær kommune i denne saka har kome til at den aktuelle produksjonen på garden ikkje utløyser behov for to hus, og at søknaden dermed krev dispensasjon frå LNF-føremålet i kommuneplanen.
– Kommunen synar til at det vil vera ein fordel, også ut frå landbruksinteressene, å føra opp det aktuelle huset i samband med eit føreståande generasjonsskifte, Dei har likevel ikkje, i lovens forstand, kome til at huset er å sjå som eit naudsynt landbruksbygg, forklarer Fiskå.
Dispensasjon, som skal vurderast etter plan- og bygningslova, kan ikkje gjevast dersom omsyna bak føresegnene det dispenserast frå, eller omsyna i lova sine føremål, blir vesentleg sett til sides.

Uheldig fragmentering

– Oppføring av bustadhus på staden det er søkt om i dette høvet inngår i eit større samanhengande landbruksområde. Eit bustadhus på den staden det er søkt om inneberer etter vårt syn ei uheldig fragmentering av det aktuelle området. For kvart hus som blir oppført utan driftsmessige behov, vil bustadinteressene kunna få større vekt slik at det går ut over landbruksinteressene. Etter vår vurdering vil difor sjølve etableringa av ein bustad nummer to i denne konkrete saka vera til skade for landbruksinteressene, understrekar han.
Fiskå held fram at ei enkeltsak i seg sjølv vil kunne gje avgrensa konsekvensar.
– Men dei samla verknadane av ein liberal dispensasjonspraksis knytt til oppføring av hus i landbruksområda, utan driftsmessige behov, vil fort føra til ei uheldig fragmentering av landbruksareala, påpeikar Fiskå.

TVEIT REGNSKAP:

Ikkje ein liten gard

Halldor Skare er seniorrådgjevar hjå Tveit Regnskap, og har engasjert seg i saka. I ein merknad til fylkesmannen held han fram at ein gard av denne storleiken ikkje er ein liten gard med svakt ressursgrunnlag, samanlikna med andre gardar i regionen.
– Det føregår stor matproduksjon med utgangspunkt i ressursane på denne garden, understrekar han.
Skare påpeikar også at det ikkje er noko som hindrar at garden i framtida kan vera eit driftssenter for ei stor drift med til dømes mjølkeproduksjon,
– Vurderingar må gjerast med langt tidsperspektiv og ut frå framtidas moglegheiter. Dersom denne garden ikkje har ressursgrunnlag nok til å ha to bustadhus, må det ha skjedd ei stor endring av retningsliner og regelverk, slår Skare fast i merknaden.

Share This