Kjell Andreas Heskestad

Fleire av matkjedene vel vekk egg frå høner i miljøbur i sitt butikksortiment. – Eit alvorleg og urovekkjande signal om manglande kunnskap saman med feil og misforstått bruk av makta til matkjedene, meiner Kjell Andreas Heskestad.

Sjur Håland

Bonden frå Lund er nestleiar i Rogaland Bondelag. Han trur at Rema 1000, Bunnpris og Norgesgruppen sine strategiar om å fasa ut egg frå miljøburhøns i butikkane i løpet av 2019, også skuldast signal frå forbrukarane, der det manglar elementær kunnskap om norsk matproduksjon.

– Ei marknadsundersøking frå Rogaland fjørfelag, som leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes nyleg refererte til, avslører at kunnskapsnivået til forbrukarane er alarmerande lågt. Av dei 2000 spurte var det til dømes så mange som 20 personar som ikkje ein gong visste at egget kom frå høna.

For svakt grunnlag

Kjell Andreas Heskestad er oppgitt over matvarekjedene sine vedtak, og likar lite at det ser ut til å vera dyrevernorganisasjonane og ikkje det offentlege Mattilsynet som bidreg til å setja standard på dyrevelferd.

– Eg meiner bestemt at grunnlaget for strategien om å fasa ut egg frå miljøbur er for svakt. Alt peikar på at dyrevelferden er minst like god i miljøbur som i frittgåande besetningar, seier han.

Bonden er glad for at Nortura, ved Sveinung Svebestad, tona tydeleg flag i avisa Nationen tidlegare i dag. Her vart det blant anna understreka at avgjerder knytt til dyrevelferd, må vera faktabasert. No meiner Heskestad at landbruket må vurdera å ta til motmæle. Gjerne samstundes som næringa utøver eiga forbrukarmakt.

– Landbruksnæringa utgjer ei stor gruppe forbrukarar. I tillegg er me ei gruppe som har både truverd og sympati hjå resten av forbrukarane. Kanskje er det på tide å spørja etter egg frå besetningar med miljøbur når me handlar egg i butikkane.

– Eggprodusentane er oppe i ein svært kinkig situasjon. Kva er di beskriving?

Fryktar nye kjedegrep

– Butikkjedene er ute og testar makta og kor mykje dei kan få gjennom. Om det blir enkelt for dei, fryktar eg me kan få parallelle saker. Kva skjer om kjedene vil selja lam frå Sirdal, men ikkje lam frå innmarksbeite. Og kva med mjølk, kan me venta at til dømes Norgesgruppen ikkje vil selja mjølk frå kyr i båsfjøs. Dette blir riv ruskande galt. Matproduksjon skal byggast på fakta og ikkje på kjensler, slår han fast.

Kjell Andreas Heskestad siterer ein nabo som omtalar utviklinga i samfunnet med å nytta ordet disneyfisering. Landbruk og eventyr blir blanda saman.

– Manglande kunnskap om matproduksjon og dyrevelferd fører til at grensene mellom menneske og dyr vert viska ut. Folk snakkar med dyra sine og er i mindre grad ute av stand til å skilja dyr og menneske. Den utviklinga ser me, og dermed blir vala oftare basert på kjensler i staden for fakta.

Bonden understrekar at landbruksnæringa, med Norges Bondelag i spissen, held dyrevelferden høgast.

– Den har, og skal ha, førsteprioritet. No er det viktig at fjørfenæringa får ei samla næring i ryggen, slik også pelsdyrnæringa, som også er ei lita næring, har.

– Blir det dyrevernorganisasjonane og matkjedene som skal setja standarden framover?

Formidlingsproblem

– Nei. Men problemet er gjerne at våre stemmar ikkje blir høyrt i fora der desse diskusjonane blir tekne. Her kan me ta noko sjølvkritikk for at me ikkje blir inviterte til å formidla dei udelt positive argumenta for norsk matproduksjon og den høge standarden som me, saman med det offentlege, har definert for streng dyrevelferd.

Heskestad synar til at avlsarbeid og naturlege tilhøve har bidrege til friske dyr og minimalt medisinbruk.

– Me har verdas friskaste kyr og griser saman med salmonellafrie egg som til og med er ettertrakta i den farmasøytiske industrien, slår Heskestad fast.

Stikkord denne saka: , ,