Magne Vegge fortelde om kva som er naturlege reaksjonar på motgang i kvardagen.

Magne Vegge fortelde om kva som er naturlege reaksjonar på motgang i kvardagen.

Når vår største styrke blir vår største svakhet, er det vanskeleg å få hovudet over vatnet. Landbrukets HMSteneste har i Agder hatt ein møteserie for at bønder skal vere betre rusta til å sjå når det er tid for å ta grep eller varsle.

Jane Brit Sande

Som ein del av prosjektet «Trygghet i landbruket», arrangerte Landbrukets HMS-teneste (LHMS) temamøte om psykisk helse, spesielt retta mot bønder, bondefamilien og andre interesserte.
– Det er ikkje ofte eit tema engasjerer meg så mykje som det psykisk helse gjer, sa Gunnar Helliesen, LHMS, då han opna møtet. Magne Vegge, bonde og einingsleiar av psykiatrisk poliklinikk i Farsund, var invitert for å fortelje om korleis ein best mogleg kan møta dei ulike utfordringane i kvardagen.
– Halvparten av Norges befolkning vil i løpet av livet oppleve periodar med psykiske problem, påpeika Vegge.
– Bønder skil seg ikkje ut frå resten av samfunnet her, men med denne kampanjen gjer me eit målretta grep for å auka medvit og kunnskap om teamet i næringa vår.
– Skal eg peike ut noko, kor me bønder skil oss ut frå andre i samfunnet elles, må det vere at me pressar oss langt, og er treige med å kontakte lege, påpeika Vegge, som har vore bonde sidan 2002.
– Bønder er ei yrkesgruppe med generelt veldig lågt sjukefråver. Det kan vere mange grunnar til det; me har ikkje tid, og me har dyr som er avhengige av at me kjem oss opp om morgonen og ser til at dei får mat, fortsette han.

Balansekunsten

– Kor godt kjenslene er integrerte, er avgjerande for psykisk helse, sa Vegge.
– Integrerte kjensle er kva du kjenner og tenkjer, og korleis du handlar i tråd med dette, fortklarte han. Dei som får overveldande utfordringar, har store problem med å klara seg gjennom kvardagen. For å vere betre rusta for å kome tilbake til seg sjølv og situasjonen, viste Vegge til eit kompass for kjenslene, der målet er å setta seg sjølv i sentrum.
– Det gjeld å vere i kontakt med seg sjølv. Det skjer mykje drit når ein er bonde, og det skal noko til å halde ut i det ein opplev når det røyner på. Mange trur då, at om ein ikkje kjenner etter på kjenslene blir det betre. Det er i kjenslene fornufta er, og det mange ikkje veit er at dei fungerer som psykisk lim.
– Når det glepp for oss, og me ikkje maktar å stå i det, er det naturleg. Fire retningar er vanlege reaksjonar; unngå, døyve eller dempe, angripe andre, eller angripe seg sjølv, haldt han fram.
– Vike unna truande affektar og kjensle, kan på desse fire måtane hindra oss i å integrere dei på gode måtar. Me mister då kontakten med deler av oss sjølve og situasjonen vår. Det kan då vere nødvendig med hjelp, for å sortera og landa tilbake i seg sjølv og situasjonen, slik at ein igjen kan manøvrera sjølv. Den gode nyheita er at det nyttar, og du kan få det betre.

Bedrifshelsetenesta

LHMS har med seg Bedriftshelsetenesten Mandal på laget, med blant andre psykiatrisk sjukepleiar Astrid Faye.
– Det er først og fremst førebyggande arbeid med driv med, ikkje behandlande, påpeika ho.
– Det viktigaste er at du tør ta kontakt, når det stomar som verst. Me treng av og til hjelp til å sortera. Når me har mange ballar i lufta, går det fort utover oppgåver som me tidlegare tok på strak arm. Då treng me ei hjelpande hand til å velje ut kva ballar me skal plukka ned. Eg hadde ein samtale med ein bonde, der eg hjelpte han med akkurat dette. Det blei med den eine samtalen. Då eg trefte han igjen ei stund etterpå, var det ein heilt ny mann, fortalde Faye engasjert.

Sjå kvarandre

Alle har ein grunnleggande evne til å forsyne seg sjølv med mykje av det ein treng, men behovet for kontakt med andre menneskjer er tilstade hjå alle.
– Det er forskjellig kva behov me har, når det kjem til sosial kontakt, sa Faye.
– Men føler du deg einsam, er du nøydd til å gjere ein innsats for dette sjølv.
Om ein bonde i eigen omgangskrets, er utsett for ein krise, er det ikkje like godt å vite korleis ein skal møte denne bonden.
– Det viktigaste du gjer, er å møte denne bonden med open, ikkje-dømmande haldning. Det er ein god måte å koma i dialog på, streka Vegge under.
– Det er ikkje alltid orda er det viktigaste, det gjer godt når nokon hjelp til med praktiske oppgåver. Det treng ikkje vere meir enn å få inn dyra om kvelden.
Og hugs; ver litt snill med deg sjølv, sa Vegge.
– Treng du ein kvil på sofaen, så gjer du det. Så lenge du kjem deg opp igjen, er det ikkje noko problem om ein tar ein pause frå kvardagen. Det kan godt hende det var det du trengte mest.

Stikkord denne saka: