Dyrevelferd: Grisen skal til ei kvar tid ha strø på liggearealet og rotemateriale i bingen. For mykje strø kan gi utfordringar som tette rister og vanskeleg tøming av flyterenna med vakuumtrekk.

Vakuumtrekk, måkeanlegg og gjødselrister lagar proppar i systemet for mange svinebønder som skal syta for at grisen får nok av rett rotemateriale. Nøyaktig tildeling opprettheld interessa og tilfredsstiller krava, erfarer svinebonde.

Sjur Håland

Silofôr, halm eller høy er bra for grisen, men fungerer dårleg i blautgjødsla. Tilstrekkeleg med rotemateriale og strø er ein nøkkelfaktor for å oppretthalda god dyrevelferd, noko som også vart understreka av Mattilsynet på Norsvin Rogaland sitt møte med Mattilsynet på Undheim tidlegare denne veka.
– Det handlar om å få blautgjødsla til å flyta fritt og få grisehuset til å fungera sjølv med eit utgjødslingsanlegg som ikkje er optimalt, seier Bjørn Borgen.

Brukar høy

Bonden driv gard på Orre på Jæren og har drive med gris i 35 år. Status som avlsbesetning har han hatt i 32 av desse åra. Han brukar strø og høy i bingane, men må vera nøye på å bruka rett mengd.
– Grisene mine får stråfôr to gonger til dagen. Mi erfaring er at dyra må få nøyaktig rett mengd slik at dei finn rotematerialet interessant og spanande til ei kvar tid – og slik at dei et det opp før neste tildeling.
Får grisene for mykje å jobba med, hamnar ein del på ristene.
– Då blir det klissete og tettar til, samstundes med at grisen mistar interessa.
Han meiner praksisen med å ikkje bruka meir rotemateriale enn at grisene et det opp rett før neste tildeling er mogleg og i tråd med Mattilsynet sine retningsliner, men at det krev ein vaken og røynd røktar.

Bjørn Borgen

Skjør balanse

– Hjå meg kan det vera skil på kor mykje rotemateriale som skal til frå binge til binge. Det kan handla om kor gammal grisen er, eller kor han er i syklusen. Det er mange omsyn å ta, balansen mellom passe og for mykje er skjør. Det er mange omsyn å ta, erfarer Borgen.
Svineprodusenten erfarer at den nye grisen har blitt meir aktiv, uroleg og krevjande. Det stiller større krav til røktaren enn før.
– Ja, dette er nok ei av årsakene til at me har fått større utfordringar med halabiting og eit skjerpa behov for nok strø og rotemateriale. Men det er inga unnskyldning for dårleg dyrevelferd, understrekar Bjørn Borgen.

Sjekk pakningen

Arvid Søyland er Tilførselsleiar gris hjå Nortura og kjenner godt til utfordringane med å stetta krava til rotemateriala.
– Krava til dyrevelferd ligg i botn og må sjølvsagt følgjast opp. Det skal væra strø på liggjeplassen og rotemateriale i bingen til ei kvar tid. Å gi generelle råd er vanskeleg. Det vil variera frå grisehus til grisehus. Eg kan berre rå til at ein prøver seg fram, søkjer råd og finn ein rotemateriale-strategi som stettar krava og som fungerer godt i eige grisehus, seier han.
Grisehus med vakuumtrekk har ei særleg utfordring når krava til bruk av høy, halm eller ensilasje skal oppfyllast.
– Det er nok vakuumtrekka som gir dei største utfordringane i høve til effektiv utgjødsling. Eit grunnleggande råd for maksimal effekt vil vera å sjekka pakningane på proppane. Dei må vera heilt tette slik at den blautaste delen av gjødsla er på plass og bidreg til full effekt når vakuumtrekket blir aktivisert, påpeikar Søyland.

Frå mattilsynet.no om aktivitets- og rotemateriale:

Nødvendige egenskaper

Aktivitets- og rotemateriale bør oppfylle grisenes basale behov uten å være helseskadelig. Materialet bør derfor ha følgende egenskaper:
a) Være spiselig – dvs. at grisene kan spise eller snuse i det. Helst skal det ha en positiv effekt på fordøyelsen eller inneholde næring (tiltalende smak og lukt er av betydning her)
b) Kunne tygges på – dvs. at det er attraktivt, godt og trygt for grisene å bite i det
c) Kunne rotes i – dvs. at grisene kan undersøke og rote rundt i det
d) Være manipulerbart – dvs. at grisene kan flytte på materialet og endre på utseendet eller strukturen.

Kriterier for tildeling

Materialet bør gis på en slik måte at:
– det har vedvarende interesse, dvs. at materialet bør varieres og fylles på regelmessig for å stimulere grisene til økt utforskning, aktivitet og roteatferd
– det er innenfor grisenes rekkevidde slik at de kan flytte på og bearbeide det med munnen
– det er nok materiale til at alle grisene i bingen har tilgang på det
– det er rent og hygienisk.

Stikkord denne saka: ,
Share This