Refs: Jon Georg Dale trugar med å tøffa seg om ikkje slaktegrisprodusentane i Rogaland skjerpar dyrevelferden.

– Heilt, heilt uakseptabelt, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale om bileta frå Mattilsynet, som avslørar slett dyrevelferd i slaktegrisbesetningar i Rogaland.

Sjur Håland

Dale nytta tilmålt tid på Varhaug-møtet på Jæren tidlegare denne veka til også å snakka om dyrevelferd. I følgje statsråden er svinenæringa sine signal om å rydda opp er heilt på plass.

– Eg inviterer til ein felles dugnad for å løfta dyrevelferda. De får sjansen no til å rydda opp, elles kjem eg til å tøffa meg, var beskjeden.

Norge er kjent for god dyrevelferd. Statsråden ønskjer ikkje riper i den blanke lakken.

– Me må halda fast på omdømmet det norske landbruket har i inn- og utland, og ha orden i sysakene. Mat produsert med verdas beste dyrevelferd er den største konkurransefordelen norsk landbruk har.

Friskmelding

Geir Heggheim, styreleiar i Nortura heldt fram at invitasjonen frå statsråden alt er teken.

– Bileta som er presentert synar noko som er aldeles uakseptabelt, understreka han.

Heggheim synte til at halve tilsynskampanjen i slaktegrisbesetningar i Rogaland er unnagjort.

– Greier me, med dei tiltaka som er sette i verk, å retta opp slik at resten av tilsynskampanjen ikkje resulterer i nemneverdige funn, får me eit godt grunnlag til å friskmelda svinenæringa. Dermed kan me bygga vidare på forbrukartilliten og konkurransefortrinnet som både ministeren og me er opptekne av. No er me godt i gang og skal levera, påpeika Heggheim.

Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, omtalte stoda som utruleg kjip, og hadde følgjande melding til Jon Georg Dale.

– Eg vonar du slepp å tøffe deg på dette området. Næringa har gripe fatt i problema og vil jobba målretta fram til me kan seia at me har ei svært god dyrevelferd på gris, også her i fylket.
 

Stikkord denne saka: , ,