Stig Jakob Hanasand var vert for gartnerivandringa 21. april. Her viser han utstyr for spreiing av rovmidd.

Stig Jakob Hanasand var vert for gartnerivandringa 21. april. Her viser han utstyr for spreiing av rovmidd.

– Det ser godt ut, fortel Stig Jakob Hanasand, tomatgartnar frå Hanasand på Rennesøy.
Eirik Stople

Stig Jakob Hanasand har eit veksthusareal på 13 dekar, med tomatproduksjon. Hovudproduksjonen er klasecherry av sorten Teisteri. I tillegg har han eit mål med 20 sortar, det han kallar ein lukka avdeling, og eit mål med produksjon av standard runde tomater.
– Av omsyn til konkurransen mot importen og å halda oppe det norske totalvolumet, er det viktig at vi også fyller opp etterspørselen etter standardtomat, fortel Stig Jakob.
Målprisen for tomat er sett med referanse til standardtomat.
– Vi starta haustinga denne veka, fortel tomatprodusenten.
I toppsesongen har han 15 tilsette, utanom familien. Han forklarer at suppleringslys har gitt rask utvikling av plantene, og dessutan er energien frå lys i dag billegare enn oppvarming frå gass. Importvernet for norsk produksjon trer i kraft frå 10. mai.
– Sjølv med importvern opplever vi sterk konkurranse frå importen. Det er avgjerande at vi har ein kvalitet som gjer at forbrukarane vel norsk vare, forklarer Stig Jakob Hanasand.

Fire samlingar i året

NLR Rogaland, Bioforsk, Jæren gartnarlag og NLR veksthus går saman om fire gartnerivandringar i året, to på Jæren og to i Ryfylke, for tomat- og agurkprodusentane i Rogaland. Samlinga på Rennesøy var ein del av denne serien.

Utanlandsk arbeidskraft

– Utgangspunktet for dagens hovudtema er at næringa har gjort seg avhengig av utanlandsk arbeidskraft, innleia Arne Madland, i Finnøy og Rennesøy landbrukstenester.
Madland sitt føredrag handla om kommunikasjon, lovar og regelverk for utanlandsk arbeidskraft.
– Stell godt med arbeidsfolka, då får du òg mest igjen, var Madland si erfaring og utfordring.
Madland stilte spørsmålet: Kva er ein god arbeidsplass? Han gav sjølv svaret og la mellom anna vekt på følgjande:

  • Ver nøye med å informere.
  • Fortel den enkelte kva han / ho har i løn, om rutinane omkring løn og lønsutbetaling.
  • Ikkje berre tru at dei veit.
  • Bruk tolk, slik at du sikrar at alle får rett informasjon.
  • Nokre nasjonar fungerer dårleg i lag.

(Saka fortsett under biletet)

Dei første klasecherry-tomatene blei hausta i veke 17.

Dei første klasecherry-tomatene blei hausta i veke 17.

HMS og opplæring

– Alt som dei tilsette blir sett til å utføre krev signert opplæring, understreka Madland.
Hans erfaring er at Arbeidstilsynet har eit ekstra fokus på dokumentert opplæring av utanlandske arbeidarar. Bruk opplæringsattest, det er utruleg viktig å kunne vise til at ein har eit system. Madland meinte det er ein god regel å informere om kor ein finn sikringsskap, hovudvasskrane, brannslukkingsutstyr og skrin med førstehjelpsutstyr.

Kontraktar

Det er krav om arbeidskontrakt med alle tilsette som er utlendingar. Ikkje skriv lenger kontrakt enn det som er faktisk arbeidsperiode. Det er vanleg å starte med ein tre månaders kontrakt. Etter ei gjensidig evaluering kan ein teikna ein seks månaders kontrakt, om arbeidsbehovet tilseier det. Hald deg til offentleg tariffavtale som har følgjande trinn:

  • Startlønn: kr 109,40 per time
  • Etter tre månader: kr 114,90 per time
  • Etter seks månader: kr 129, 50 per time

Utover dette har tariffavtalen ingen ansiennitetsregel. Overtidsbetaling føl reglane i arbeidsmiljølova. Avslutt arbeidsforholdet når ein kontrakt går ut, eller teikne ny kontrakt i samsvar med forventa arbeidsbehov.

Oppseiing

Alle har ei prøvetid på seks månader. I denne perioden er det 14 dagars oppseiingstid. Er det problem med ein arbeidstakar, ta det straks opp med vedkomande. Skriv opp alt som blir sagt, lag ein logg. Hugs at ei oppseiing må vera tufta på sakleg grunn og at ei oppseiing sit langt inne, jfr arbeidsmiljølova.
– Husk likebehandling. Ha eit sett av kriterier som gjeld for alle. Vær klar over at oppseiing er svært krevjande, avsluttar Arne Madland.

Stikkord denne saka: , , , ,