Høgare avlingar: Grovfôr 2020 har som mål å auka avlingane og bruken av grovfôr i mjølkeproduksjonen og tilhøyrande storfekjøtproduksjon med 20 prosent i løpet av prosjektperioden frå 2016 til 2019.

Etter at dei regionale fagmøta i prosjektet Grovfôr 2020 er gjennomført i 2017, kjem dei deltakande fôrdyrkarane på Agder og i Rogaland godt ut. Det tydar på at snitt-fôrdyrkarane i området har ei stor unytta oppside.

Sjur Håland

Medan snitt-tala på dei fire føregåande samlingane andre stadar i landet låg mellom 5-600 FEm (fôreining mjølk) per dekar, hadde dei 25 deltakarane på regionmøtet i Stavanger eit snitt-tal på over 800 FEm per dekar.
Lista-bonden, Henning Kolnes, toppa lista med 1250 FEm per dekar og ein grovfôrkostnad på berre 1,16 kroner per FEm. Tine rådgjevar Petter Klette er imponert.
– Han lagar eit godt og rimeleg grovfôr, bruker under 20 kilo kraftfôr per 100 kg Ekm, og får ei god dyrehelse med haldbare kyr og moglegheit til å selja livdyr på kjøpet, seier han.

Meir å henta

Det er truleg dei mest interesserte fôrdyrkarane som har møtt opp på regionmøta til Grovfôr 2020. Men dei beste tala illustrerer i følgje Klette at det er svært mykje for Kvarmannsen å henta på å vera medviten om økonomien i grovfôrdyrkinga.
– Dei beste går føre som bjøllekyr og visar potensialet for alle andre, og det er jo bra, seier han.
Tala frå bøndene er frå avlingsåret 2016. Tørrstoffprosenten låg på 30,5 med ein variasjon mellom 22-40 prosent, medan foreiningskonsentrasjonen var 0,88. Her varierte tala mellom 0,82-0,91. Det kosta i snitt 0,98 kroner å dyrka ei FEm, medan haustekostnaden var 1,21 kroner per FEm. Samla kostnad var 2,19 kroner per FEm.

Alle under kraftfôrprisen

Tidsforbruket per dekar grovfôrareal i regionen var 1,4 timar, medan avstanden til jordet var 1,7 kilometer. 40 prosent av deltakarane greidde ein grovfôrpris fram til fjøsdøra på under to kroner per FEm. Det var ingen av deltakarane som hadde grovfôrkostnadar som passerte kraftfôrprisen.
Og, medan vi er inne på tal og kroner: Ein rundballe levert på fjøsdøra kosta 450 kroner å produsera i snitt for deltakarane. Med berekningsverktøyet til Tine og Norsk Landbruksrådgiving kan kostnadane i grovfôrdyrkinga på gardsnivå splittast opp på detaljnivå der både tidsfôrbruk og eksakte maskinkostnadar blir rekna inn.
– Vi registrerer nyverdi på maskinane og reknar verdien i dag. Dermed kan vi finna og fordela verditapet, som til dømes vil vera større på ei rundballepresse enn ein plog eller ei harv. Dette er interessante tal for bonden som skal finna dei eksakte verdiane og få eit grunnlag for å velja strategi for fôrdyrkinga på garden.
(Saka held fram under biletet)

Mykje grovfôr: Petter Klette t.v., frå Tine, saman med Henning Kolnes, på Grovfôr 2020 si samling i Stavanger sist i november. Kolnes er frå Lista og hausta 1250 FEm gras per dekar med ein grovfôrkostnad på berre 1,16 kroner per FEm i 2016. Foto: Geir Paulsen.

Suveren slangespreiar

Ein god grovfôrpris er resultat av gode innkjøp og ein fornuftig bruk av utstyret.
– Enkelte har ein omfattande og dyr maskinpark og brukar leigekjøring i tillegg, medan andre kjøper pent brukt og sel/bytar reiskapen medan restverdien framleis er god. Begge kan oppnå god grovfôrpris, påpeikar Klette.
Storleiken og effektiviteten på maskinparken spelar inn på resultatet. Det same gjer til dømes mengda husdyrgjødsel og metode for spreiing. Klette held fram slangespreiaren som suveren. Berekningar synar ein kostnad på 20-30 kroner tonnet. Snittet på alle metodar, inkludert vognkjøring, var 41 kroner per tonn blant bøndene som deltok.
– Slangespreiaren er rimelegast. Pumpa sviv kontinuerleg, du brukar færre timar og har lågare dieselforbruk enn med andre alternativ. Kapasiteten er stor, nokre klarer 200 kubikkmeter i timen. Utstyret er lett med lite jordpakking og du kan køyra i duskregn og få større effekt av husdyrgjødsla.
Klette meiner at det kan vera god butikk for dei med lange avstandar å leiga ledige gjødsellager eller etablera eit mellomlager for så å nytta slangespreiaren når gjødsla skal ut på jordet. Eit anna alternativ er å byta møkk med ho eller han du helser på langs vegen, seier han.
– Du kan kryssa vegen med slangen ved å bruka eksisterande stikkrenner. Alternativt går det an å setja opp eit skilt og å byggja ei lita provisorisk bru over ein mindre trafikkert veg.

Kalk og sprøyt

Innsatsfaktorar som kalk og naudsynte plantevernmiddel skal brukast om du vil produsera billeg grovfôr med høg kvalitet.
– Ja, og så skal du vera medviten på tørrstoffprosenten, for å treffa med eit smakleg fôr med optimale mengder i rundballen eller siloen. Klette tilrår 30-35 prosent. Tørker du for mykje blir det gjerne andingstap. Dessutan går det ut over smaken på fôret.
– Det blir som å bare eta Mariekjeks, seier Klette.
Ideelt handlar fôrberginga om å nå ein fôreiningskonsentrasjon på kring 0,90. Det er avgjerande å utnytta slåttevindauga og slå, tørka og hausta innan kort tid.
– Slår du med ein smal slåmaskin og brukar heile dagen på dette, blir det vanskeleg å breia ut graset, tørka og få graset konservert innan fôret blir utsett for andingstap.

Effektiv butterfly

Å leiga ein effektiv butterfly kan vera eit smart alternativ, i følgje rådgjevaren. Han synar til eit døme frå Trøndelag der bonden med sin tre meter breie slåmaskin brukte 70 timar til å slå graset. Entreprenøren med butterfly brukte 23 timar til same jobben.
– I dette tilfellet betydde det fire øre per FEm i reduserte kostnadar. Det kan med andre ord løna seg å leiga, særleg om det også fører til at du kjem tidlegare i gang med innhaustinga av fôret.
– Skal enga fornyast med jamne mellomrom, eller er praksisen med vedlikehald gjennom isåing ein god strategi?
– Med ei solid grasmatte er det enklare å unngå spor og jordpakking. Dette er gjerne ein brannfakkel, men min påstand er at vedlikehaldssåing er like aktuelt å nemna som pløying, der etablering av grasmatte er ei utfordring. Dei som sår i enga regelmessig og startar tidleg (gjerne andre året), får god utteljing.

Handlingsdyktig

Grovfôr 2020 har som mål å auka avlingane og bruken av grovfôr i mjølkeproduksjonen og tilhøyrande storfekjøtproduksjon med 20 prosent i løpet av prosjektperioden frå 2016 til 2019. Petter Klette er optimist.
– Malen vi bruker synar kor det er mest å henta hjå den einskilde produsenten. Det handlar om å arbeide seg systematisk gjennom postane i berekningsprogrammet. Her får du også høve til å sjå korleis du ligg an i høve til snittet, og du får noko å strekkja deg mot. Dessutan gir verktøyet moglegheit til å finna svar på lønsemda for planlagde investeringsalternativ. Har du ein eksakt grovfôrpris kan du faktisk rekna ut kva du tener på garden din frå dag til dag. Då blir du handlingsdyktig til ei kvar tid.

Stikkord denne saka: ,