Grovfôrøkonomi: Femten organisasjonar og bedrifter står bak storsatsinga Grovfôr 2020. Karin Hansen Nærland (t.v.), Edvin Vestvik og Helga Hellesø ønskjer mjølkeprodusentar velkomne til fagsamling i Stavanger i november.

Grovfôr 2020 legg opp til auka utnytting av grovfôrressursane og betre grovfôrøkonomi. No inviterer det treårige nasjonale samarbeidsprosjektet til matnyttig fagsamling om grovfôrdyrking i Stavanger.

Sjur Håland

Det er mogleg å skvisa meir ut av grovfôret, noko fagsamlinga på Clarion Hotel Stavanger 24.-25. november ønskjer å synleggjera. Målgruppa for samlinga er mjølkeprodusentar som ønskjer å finna og ta i bruk gode tiltak for å auka kvaliteten og betra økonomien i fôrproduksjonen på bruket.
– Samlinga i Stavanger rettar seg særleg mot bønder på Agder og i Rogaland, men det er ingen geografiske grenser for deltaking, understrekar distriktssjef for Tine på Jæren og Agder, Edvin Vestvik.
Lenger nord på Vestlandet, i Sogn og Fjordane, blir tilsvarande fagsamling gjennomført på Thon Hotel Jølster 3. – 4. november. Han fortel at det alt er gjennomført tilsvarande samlingar i Midt-Norge og på Austlandet med gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Eigne tal

Det treårige samarbeidsprosjektet, der femten landbruksorganisasjonar og –verksemder er engasjert, kjører regionale fagmøter med grovfôrøkonomi som tema. Det er ikkje tanken at deltakarane skal møta heilt uførebudde i hotellfoajeen i Stavanger.
– Dei som deltek må i førekant ta eit lite djupdykk i eigen grovfôrproduksjon saman med ein rådgjevar frå Tine eller NLR, som nyttar kartleggingsprogrammet Grovfôrøkonomi, forklarer dagleg leiar i NLR Rogaland Helga Hellesø og Agder-rådgivar på grovfôr og økonomi, Karin Hansen Nærland.
Tala som blir henta ut frå dataprogrammet er omfattande og endar opp med eit beløp som synar kva grovfôret frå din produksjon kostar per fôreining. Programmet talfestar mellom mykje anna tidsforbruk, maskinkostnadane og kostnadar knytt til for eksempel leigejorda fem kilometer frå bruket kontra enga heime.

Diskusjonsgrupper

Deltakarane må vera viljuge til å dela eigne tal med sine yrkesbrør og –søstrer på samlinga. Arbeid med grovfôrøkonomi, praktiske erfaringar og nøkkeltal frå eiga grovfôrdyrking i diskusjonsgrupper er ein viktig del av programmet på fagsamlinga.
– Data frå Grovfôrøkonomi kan sjølvsagt nyttast i eiga planlegging seinare. Målet er å bli motivert og finna dei rette verktøya til å auka avlingane, fôrkvaliteten og løfta økonomien i grovfôrproduksjonen, understrekar Vestvik.

Fagføredrag

I tillegg til gruppearbeid med grovfôrkostnadar som tema, er fagføredrag ein viktig del av programmet. Blant tema her er avlingsregistrering, arealbruk, gjødsling, kalking, attlegg, hausting, konservering og økonomi og driftsleiing.
Samlinga kostar 2000 kroner per bruk, anten du kjem åleine eller saman med partnar, og inkluderer mat, underhaldning og overnatting.
– Kapasiteten er avgrensa til 50 bruk, så det er ingen grunn til å venta med påmeldinga, seier representantane frå NLR og Tine.

Share This