Me kan ikkje bruka prinsippa for forretningsdrift på naturen, skriv den verdskjende, britiske sauebonden og forfatteren James Rebanks. Foto: Siri Juell Rasmussen

Skeptisk: – Me kan ikkje bruka prinsippa for forretningsdrift på naturen, skriv den verdskjende, britiske sauebonden og
forfatteren James Rebanks. Foto: Siri Juell Rasmussen

Ein engelsk sauebonde sitt blikk på den amerikanske landsbygda

James Rebanks
Twitter: @herdyshepherd1

Matterdale, England. Eg er ein småbrukar frå Nord-England som driv med sauehald i fjellandskapet The Lake District. Sauehaldet her har røter heile 4500 år tilbake i tida, og har har vist seg å vera ei svært over­levingsdyktig driftsform. Sauene mine beiter i fjella saman med ti andre flokkar. Me har eit fellesbeitesystem som har overlevd alle endringar dei siste to hundre åra. Diktaren Wordsworth kalla det ein ”perfekt republikk for gjetarar”.

Bruket mitt er ikkje moderne agrobusiness. Sjølv med 900 sauer strevar eg med å få endane til å møtast. For det er tilførselen av
importert lammekjøtt frå andre sida av verda som bestemmer kva eg skal få for lamma mine.

Eg har med andre ord den eine foten i noko eldgammalt, og den andre i det 21. århundrets globale økonomi.

Færre enn tre prosent av folka i dei moderne industrilanda er bønder. Men ser me verda under eitt, er eg ikkje aleine. I følgje overslag frå FN livnærer over to milliardar menneske, eller kvar tredje person her på jorda, seg som bønder. Dei aller fleste er småbønder.

”Sauehald er den einaste driftsforma som passar her.
Det er difor den ikkje har endra seg gjennom årtusena.”

At garden min kastar så lite av seg, treng eigentleg ikkje uroa nokon som helst. Eg er vaksen. Eg har sjølv vald å leva slik. Eg har vald det fordi alle forfedrene mine gjorde det, og fordi eg likar denne leve­måten same kor bakstreversk andre synest han er.

Garden er der eg bur. Sauehald er den einaste driftsforma som passar her. Det er difor den ikkje har
endra seg gjennom årtusena. Reint filosofisk kunne eg godta endring. Eg kunne til og med gå med på at gardar som min blei lagde ned viss det berre førte til eit betre samfunn og ei betre verd. Men den verda eg ser veksa fram rundt meg, er ikkje betre. Ho er verre. Mykje verre.

Veka før USA valde Donald J. Trump til president, reiste eg gjennom det endelause åkerlandet og småbyane i Kentucky. Det var første gong eg var i USA. Eg var der for å snakka om boka mi. Forfallet på den amerikanske landsbygda opprørte meg.

Langs vegane sto rotnande og falle­ferdige hus. Stakittgjerda rund husa var nedblesne. Butikkane i småbyane var spikra att. Jordene låg brakk. Oppslagstavlene ved kyrkjene var fulle av tilbod om hjelp til folk med rusproblem. Og ja, av og til kom det bilar med Trump-klistermerke. Og av og til passerte eg hus med Trump-flagg på plenen.

Det økonomisk elendet og støtta til Trump heng saman. Nedgangs­tider har teke knekken på store amerikanske jordbruksområde. Matproduksjonen har flytta seg dit han tilsynelatande let seg produsera meir effektivt. Mange stader har ikkje nye arbeidsplassar erstatta dei gamle. I denne vonde sirkelen har millionar av menneske falle utafor den økonomiske utviklinga.

Økonomane seier at når verda endrar seg vil menneska også endra seg. Dei vil tilpassa seg, flytta og omskulera seg, og finna seg til rette i den nye verda. Men alle menneske gjer sjølvsagt ikkje det. Dei klamrar seg fast til staden dei kjem frå. Identi­teten deira er nøye knytta til det gammaldagse og ineffektive arbeidet dei alltid har hatt, i stålverket eller på garden. Nye utfordringar interesserer dei ikkje. Dermed blir dei hengjande etter.

”… så lenge eg har levd, har heimlandet mitt nærast viljelaust godteke den
amerikanske modellen for landbruk og matproduksjon.”

Eg har spurt meg sjølv kva eg ville gjort dersom eg ikkje dreiv med sauer, eller dersom eg ikkje fekk driva med sauer. Eg klarer ikkje koma på noko.

Kan hende skulle eg ikkje bry meg med korleis amerikanarane livnærer seg, og kva dei meiner om den økonomiske utviklinga. Eg skulle berre koma meg tilbake til Cumbria og tidd stille. Men så lenge eg har levd, har heimlandet mitt nærast viljelaust godteke den amerikanske modellen for landbruk og matproduksjon. Oftast med fast overtyding om at dette var vegen til framgang og den naturlege økonomiske utviklinga. Resultatet er at Amerikas framtid er framtida for oss alle.

Det er ei framtid der landbruk og mat endrar seg radikalt. Slik eg ser det, til det verre. Difor er eg skeptisk. Me tek billeg mat for gitt. Me ser  ikkje samanhengen mellom dette prispresset og at barna våre kanskje ikkje får meiningsfylt arbeid med ei løn til å leva av.

Kravet vårt til billeg mat drep draumen om eit betre liv for millionar av menneske. Det fører også til helseproblem som overvekt, fedme og antibiotikaresistente infeksjonar. Det øydelegg leveområda til dyr, fuglar, insekt og fisk. Det gjer dei rike rikare. Store formuar og makt kjem på færre og færre hender.

Etter turen til landsbygda i USA, kom eg tilbake til sauene mine og det gammaldagse livet mitt. Naturen rundt meg er vakker. Bygda er levande. Her fungerer alt slik det alltid har gjort. Eg er heime att og heilt overtydd om at tida nå er inne til å tenkja seg nøye om. Både i og utafor USA. Kva slags mat og landbruk vil vi ha? Kva system skal me leva under?

”Kravet vårt til billeg mat drep draumen om
eit betre liv for millionar av menneske.”

Den framtida me lenge er blitt tilbydd, fungerer ikkje. Me kan ikkje bruka prinsippa for forretningsdrift på naturen. Det går berre ikkje. Landbruk er meir enn business. Mat er meir enn handelsvarer. Jordene våre er meir enn mineralressursar.

Trass i at problema veks, har ingen av dei mest framtredande politikarane teke landbruk og mat på alvor dei siste tiåra.

Valkampen i USA er over. I det Kvite Hus sit en president vald av med hjelp av folket på landsbygda i Kentucky. Det nye politiske etablissementet bør nok tenkja nøye over dette.

Plutseleg blir landsbygda i USA viktig. Viktig for heile verda.

Omsett av Åslaug Undheim

Denne artikkelen stod først på trykk i New York Times 1.mars.
Bondevennen trykker den med tillating frå forfattaren.

Sauebondens liv

James Rebanks er forfattar av den populære boka «Sauebondens liv», gitt ut på norsk av Forlaget Press.