bv07_aktuelt3a

Det vert inga endring av forholdstalet for kumjølkkvotane i 2014, men starttidspunktet for kvoteåret er endra.

Liv Kristin Sola

Inga endring i forholdstalet

I møte 31. januar i år la Tine SA fram et forslag om eit forholdstal på 1,05 for kvoteåret 2014. Forslaget var basert på situasjonen i marknaden i dag og forventningar om året som kjem. Forslaget vart støtta av faglaga. Landbruks- og matdepartementet vurderte prognosane noko annleis og sette forholdstalet til 1,03 for kvoteåret 2014. Forholdstalet vert dermed uendra. For kvoteåret 2014 vert kvotetaka på 412.000 liter for enkeltbruk og 773.000 liter for samdrifter. Auken på 3 prosent gjeld og for produsentar som har ein høgare historisk leveringsrett. Avtalepartane vil ta ein statusgjennomgang av marknadssituasjonen i løpet av mai/juni 2014.

Endra starttidspunkt

Frå og med inneverande år vil kvoteåret fylgja kalenderåret. Endringa har ført med seg ein diskusjon om korleis ein skal handtera overgangen slik at det vert opplevd mest mogleg rettferdig for alle partar. Etter sterke innvendingar frå partane mot den overgangsordninga som først vart bestemt, vedtok departementet å endra på ordninga. Resultatet vart at den leveransen som i januar og februar i år vert belasta med overproduksjonsavgift, skal trekkast frå og ikkje belasta føretaket si disponible kvote for 2014. Overproduksjonsavgifta for 2013/2014 skal krevjast inn som normalt.
Satsen for overproduksjonsavgift i kvoteåret 2014 vert vidareført med kr. 3,20 per liter. Endringane kan føra til at kvotebreva frå SLF vert noko forsinka.

Kjelde: slf.dep.no

Kjøp og salg av kvote

Reduksjon i sal av kumjølkkvote i 2013

Sal av mjølkekvote til staten vart redusert frå 38,3 millionar liter i 2012 til 24,0 millionar liter i 2013. Dette er ein nedgang på 37,3 prosent. I 2013 var det 271 produsentar som selde kvota, mot 436 produsentar i 2012. Av den totale mengde som vart seld, så var den statlege delen av kvotekjøpet på 59 prosent. Hordaland er bland dei fylka der der vert seld meir enn minstekravet på 50 prosent av kvoten, til staten.
Kjelde: slf.dep.no

Tabellen syner sal av kvote, statlig og privat del, samt ønska og faktisk kjøp av kvote frå staten.

bv07_aktuelt3b

Stikkord denne saka: ,