Straum av sol: 190 solcellepanel plassert på fjøstaket forsyner garden med straum. Foto: privat

Stavanger-bonden Torgeir Kinn har sansen for teknologi og gode idear. No er den eine delen av fjøstaket dekka av 190 solcellepanel.

Jane Brit Sande

Det starta med ein idé om å ha vindmøller på garden.
– Eg tenkte at all denne vinden burde kunne nyttast til noko fornuftig, fortel Torgeir Kinn.
Konklusjonen var klar, solceller var meir aktuelt på garden på Jåttå i Stavanger. Men prisane var i høgste laget for investeringa for snaue tre år sidan, så Kinn la heile prosjektet på vent. Men prisane på solcelleteknologien rasar nedover. I følgje Framtiden i våre hender (FIVH) er prisane på solcellepanel halvert dei siste seks åra, og prisane fortset å falle.
– Det blei til spørsmålet «kvifor ikkje?». Eg brukar mykje straum her på garden, og no hadde eg moglegheit til å produsera noko av den sjølv, seier Kinn.

Rett på taket: Skjenene blei fastmontert rett på taket, og panela skrudd fast i skjenene. Eitt panel måler 1×1,70 meter. (Foto: privat)

Sel overskotsstraumen

Solcellepanela på fjøset hans dekker 325 kvadratmeter, og er vendt mot sør-vest. I løpet av eit år kan Kinn sine panel produserer 45 000 kilowattimar. Det som ikkje blir brukt på garden, blir sendt ut på nett. Straumselskapa er plikta til å kjøpe denne overskotsstraumen, gitt at eigar har alle målarar og avtalar i orden.
– Eg brukar mellom 115 000 og 120 000 kilowattimar i året her på garden, men det er varierande kor mykje straum som blir brukt i løpet av døgnet. Eg skal få eit program som kan føra statistikk over produksjon, forbruk og sal av straum. Det ser eg fram til, seier Kinn.

 

Frå vind til sol: Det starta med ein idé om vindmøller på garden, men enda med eit fjøstak med solcellepanel. Torgeir Kinn har sansen for teknologi og gode idear.

Lokalt firma

Kinn nytta eit lokalt firma, Saga Energy, for å få solcellepanela til gards. Panela er produserte i Tyskland. Han monterte sjølve, men med god hjelp, av faren då skjenene skulle festast på taket. Då panela skulle monterast fekk han hjelp frå Saga Energy. Kinn anslår at eit liknande anlegg vil kosta 550 000 kroner, inkludert montering.
– Det er mogleg å montera anlegget sjølv, men det er greitt å vere minst to når ein held på. Eg leigde ein god lift i tillegg, først då skjenene skulle monterast, og igjen då panela skulle på plass, fortel Kinn.
– Panela har ei levetid på 30 til 40 år, så det kan vere lurt å passe på at taket kan leve like lenge, seier bonden.
Då Bondevennen var på besøk i slutten av mai, hadde anlegget vore i produksjon i ein månad. Anlegget hadde då rukke å produsera 7403 kilowattimar. Dagsrekorden så langt er 365 kilowattimar.
– Panela er mest effektive ein kald og solrik dag, men skydekke er det aller mest avgjerande, seier Kinn.
FIVH meiner at solcellepanel i Noreg er like effektive som solcellepanel i Tyskland, trass i at solinnstrålinga er lågare i nord. Solcellepanela er meir effektive på temperaturar ned til fem minusgrader.

Lønsamt?

Var installeringa av solceller lønsam? Kinn har grubla og rekna lenge, og angrar ikkje.
– Lønsemd er sjølvsagt avhengig av prisane framover. Ein høg straumpris betyr at eg får betalt ned anlegget fortare, men samstundes må eg kjøpa straum i same marknad. Den låge renta kjem sjølvsagt godt med, seier Kinn.
– Men det mest lønsame er det eg nyttar sjølv frå eigen produksjon, seier han.
Solcelleteknologien er stadig i utvikling, blant anna blir det forska på betre utnytting av sollyset. Kinn fortel av verknadsgraden, det vil seie den energien i sollyset som det blir straum av, i solcellepanela er på 16 prosent. Dette talet kan bli høgare. I følgje FIVH er solenergi den raskast veksande energikjelda i verda, og kjem til å vere den vanlegaste energikjelda i 2050.
– Det er ikkje for å redde verda at eg har investert i solcellepanel, men eg kan godt bidra litt, seier Kinn.