• Ommund Todnem inviterte "heile bygda" - og litt til, til gards. Her framføre fjøset, som var bygd i 2014.

Dei kom fartande på både fire og to hjul, til garden på Todnem i Randaberg, Rogaland. Åpen gard er kjekt for både små og store.

Jane Brit Sande

Det var ikkje første gong Åpen Gård vart arrangert på Todnem i Randaberg, men det var første gong Wenche og Ommund Todnem opna fjøsdørene for publikum. I snaut ti år har dei drive garden, og i 2014 stod eit nytt lausdriftjøs på garden.

– Me er nøgd med oppmøte så langt, det kjem folk sigande heile tida ser eg, sa Ommund Todnem ein liten time etter arrangementet starta.

– Det er kjekt at folk kjem på ein dag som denne.

Tett på garden

– Kan eg ta på dei, spør Jonas Steen Bethuelsen.

Han stakk hovudet inn i kassen til hønene, og såg ei god samling med egg. Han lot dei ligge, men entusiasmen dalte ikkje av den grunn. 4-åringen var i farta, det var mykje kjekt å sjå på denne dagen. Både griser, sauer, og høner hadde tatt turen til Todnem, for at skodelystne få helse på. Dei gamle traktorane var pussa ekstra godt, det same var lastebilen som var flunka ny då den kom til gards for over 70 år sidan. Køen til hesteridinga var lang heile dagen, og på låven kunne ungane boltre seg i høyet.
Oppmøtet var så godt som arrangørane håpa på; nærare 1.000 besøkande fann vegen til Randaberg Bondelag sitt arrangement.

 

Stikkord denne saka: