I ei travel vårvinne, når mykje skal gjerast i godt og lageleg ver, er det ein stor fordel å få til fleire arbeidsopreasjonar i ein og same omgang

 

Liv Kristin Sola

Sissel Iren og Tor Torland driv mjølkeproduksjon i samdrift på Torland, i Hå, i Rogaland. Mjølkekvota er på 400 tonn, i lausdrift. Familien driv 280 dekar dyrka jord. Dei har 180 dekar med gras, og 100 dekar med korn.

For å optimalisera avlinga, vert jorda pløgd om lag kvart 3. år. I lag med attlegget, raigras Figgjo, vert det sådd 18 kg korn. Kornet vert hausta som heilgrøde og nytta som fôr til mjølkekyrne. Avlinga ligg rundt 900 kg ts/daa. Fôrblandinga består av rundt 200 kg heilgrøde og 1.600-1.700 kg gras + byggrøpp.

Tor nyttar ein 5-skjærs Kverneland vendeplog med plastikkfjøler, for å unngå at jorda kliner seg på fjølene. Etter pløying kan bonden så rett i pløgsla, og sparar med det ein operasjon.

I lag med såsettet har Tor har ein frontpakkar som pakkar, jamnar og sletter jorda, slik at såsettet bak får ei fin flate.

Les meir: Bondevennen nr.13/14 – 8 april 2016

 

 

 

Stikkord denne saka: ,