• Arne Nyberg påpeiker at han er veldig nøgd med fjøset, og at han ikkje angrar på investeringa, trass i utfordringar undervegs.

 

Lillesandbonden Arne Nyberg nytta ein kollega som byggeleiar og sparrepartner, då han skulle bygge nytt fjøs. Erfaringane er positive, men det har også vore utfordringar.

 

Jane Brit Sande

 

I slutten av november 2014 var endeleg dyra på plass i det nye fjøset, tre månadar seinare enn planlagt. Det gamle fjøset var rive ned på under ei veke.

Byggeleiar – skal, skal ikkje?

For å få støtta frå Innovasjon Norge, var det krav til at det er ein som står oppført som byggeleiar for prosjektet. Arne Nyberg visste godt kva fjøs han ville ha på garden: Ein kopi av fjøset til Øyvind Steinnes, mjølkeprodusent i Lund kommune.
– Me diskuterte det fram og tilbake, men me kom fram til at det ikkje var naudsynt med ein ekstern byggeleiar, men at me saman kunne fylle den rolla sjølv. Eg visste kva fjøs eg ville ha, og me var samde om at me kom til å greie dette fint, fortel Arne.
Planane var klare. Arne skulle bygge fjøs med full gjødselkjellar under fjøset, gasstett spaltegolv, fullisolert bygg, og mjølkerobot. Øyvind Steinnes fungerte som byggeleiar og mentor i byggeperioden.

Resultatet

Arne er godt nøgd med det nye fjøset, og fortel at det fungerer veldig bra. Frå utsida kan han enkelt setje ein siloball rett inn på fôrbrettet, skraperoboten gjer jobben på spaltegolvet, klauvhelsa er god, og kyrne er godt vande med mjølkeroboten.
– Eg velde ha full gjødselkjellar under fjøset, på «gamlemåten», fordi eg ikkje likar det utvendige gjødsellageret eg allereie har. Det kjem mykje regnvatn, dette frys om vinteren, og tiner seint. Eg likar betre løysninga med kjellaren, og med dette spaltegolvet som har små spalteopningar, er golvet å rekne som gasstett, fortel Arne.
Frå fjøset vandrar kyrne fritt ut på beitet. Arne stenger fjøsdøra på natta, slik at ingen av dyra er ute desse timane. Han fortel han har forsøkt med døra open heile døgnet, men at det ikkje har fungert hjå han.
– Den første veka med open dør til beitet, var det for godt beite. Eg er avhengig av at kyrne går inn av seg sjølv i løpet av dagen, og det gjorde dei ikkje. Det er betre no, dei er både ute og inne i løpet av timane døra er open, fortel Arne.
Bonden meiner han har vald ein smart byggemåte, med full gjødselkjellar, åtskilte fôrbrett til mjølkekyr, sinkyr og ungdyr, og ei løysning der siloballane blir lagt rett inn på fôrbrettet.
– Med 30 forskjellige jordstykker, er siloballar uansett den beste løysninga for drifta mi, seier Arne.

Byggefasen

Arne og Øyvind var samde om at dei skulle klara byggefasen utan ekstern byggeleiar. Øyvind hadde fleire erfaringar med seg frå eiga fjøsbygging, og dei visste godt kva leverandørar dei skulle nytte seg av.
– Byggeperioden var veldig tøff. Fjøset vart tre månadar forseinka, og det vart ein del dyrare enn kva kalkylen viste før start. Det oppstod hindringar som feilleveranse, og andre, såkalla vanlege problem. Det krev litt erfaring å løyse opp i desse tinga, fortel Arne.
– Før byggeprosjektet starta opp, kunne eg ikkje heilt forstå kvifor Innovasjon Norge stilte krav om byggeleiar, og velde derfor ta den oppgåva sjølv. Eg ser det no i etterkant. Det er mange forskjellige firma som er involvert i prosessen, og dei forskjellige entreprenørane gjer ikkje meir enn det dei skal.

Budsjettsprekk

Totalt kom kostnadane på rett over 6 millionar kroner, 15 prosent over kalkyle. Innovasjon Norge bidrog med både tilskot og rentestøtte. Arne har gjort seg nokre tankar om kva som er årsaka til budsjettsprekken.
– Først og fremst burde eg hatt betre kontraktar. Det skjedde mykje med valutakursen i perioden eg heldt på, blant anna vart euroen ein del dyrare, og det slo ut på sluttprisen, fortel Arne.
– Eg enda opp med å låne ein halv million kroner meir, ein prosess som i seg sjølv kosta mellom 10 og 15.000 kroner. Dette lånet fekk eg i den lokale banken, men eg måtte ha ny verdivurdering på huset og ny driftsplan for å få dei med på laget.
Arne er tydeleg på at han ikkje angrar på investeringa. Det nye fjøset fungerer godt, og det gamle fjøset som stod på garden, måtte skiftast ut. Men byggeperioden hadde han ikkje sett føre seg at kom til å by på så mange utfordringar.
– Både Øyvind og eg meinte det ikkje var nødvendig med ein ekstern byggeleiar, og at me kunne ta det meste av kommunikasjonen oss i mellom på telefon. I ettertid ser eg at avstanden mellom oss var for stor, med han buande i Lund, og eg her i Lillesand.
Til andre som sit med tankar om investering, har han eit klart råd.
– Sett opp eit realistisk budsjett. Det er betre å la vere å bygge slik du hadde tenkt, og heller endre på planane, enn å setje opp eit dårleg budsjett og gå på ein kronesmell mot slutten av bygginga, slår han fast.
– For meg var Øyvind ein god sparrepartner i byggeperioden, og me har eit flott samarbeid. Det er godt å diskutere med ein annan bonde, om kva løysningar som passar best og så vidare, som ikkje har eigne salsinteresser i byggeprosjektet. Men ein ekstern byggeleiar, med erfaringar frå liknande prosjekt, kan løne seg, konkluderer Arne.

 

 

Positivt å kunne dele kunnskap

I ein kommentar til Bondevennen fortel Øyvind Steinnes at han har opplevd rolla som rådgjevar og sparring partnar som positiv og meiningsfull.
– Byggeprosessar er svært utfordrande, av fleire årsaker, seier Steinnes.
Byggherren skal handtere ein løpande byggeprosess, der det stadig kjem opp nye spørsmålsstillingar.
Det er ein svært travel periode der drifta skal gå sin gang parallelt med byggefasen. Til sist og ikkje minst skal ein lære seg ein ny måte å drifte på, med større besetning og ny teknologi.
Som byggherren er inne på peikar også Steinnes på utfordringar i forhold til valutaendringar for euro og danske kroner som var kostnadsdrivande. Vidare blei tomta dyrare enn kalkulert. Øyvind peikar også på viktigheita av ei god beskriving og avtale med tenester for levering av straum og vatn. Dette er område der ein lett kan gå på ein budsjettsprekk.

 

Stikkord denne saka: , ,