Avtroppande styreleiar: Gabriel Joa stiller ikkje til attval som styreleiar i FKRA. Foto: May-Linda Schjølberg

Gabriel Joa stiller ikkje til attval som styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder.

Sjur Håland

Det melder styreleiaren gjennom dei åtte siste åra i ei pressemelding.

Felleskjøpet Rogaland Agder har opplevd ei rivande utvikling dei siste åra og levert gode resultat i både mor- og dotterselskap. Joa held fram at konsernet har ein sunn økonomi og mange dyktige tilsette som kvar dag arbeider for å styrka bonden sin økonomi.

– Alt har si tid, og eg har bestemt meg for å ikkje stilla til attval. No gir eg stafettpinnen vidare til nye krefter, skriv avtrappande styreleiar i meldinga.

Jobbar med saka

Åge Gyland er leiar av valnemnda til årsmøtet som finn stad 22. mars. Han har ingen namn på aktuelle kandidatar å røpa.

– Men me arbeider med saka og har kome eit godt stykke på veg. Eg reknar med at valnemnda har eit namn å gå ut med innan utgangen av februar, seier han til Bondevennen.

Share This