Ta vare på dyra: Stian Espedal er glad for at fleire bønder vil lære å slakte heime. Å avlive skadde dyr er god dyrevelferd. Samstundes kan du nytte heile dyret til å lage smakfulle rettar.

Auka interesse for sjølvberging og skjerpa krav til dyrevelferd gjer det meir aktuelt å slakte heime.

Liv Kristin Sola

 

Somme gardsbruk har halde på tradisjonane med heimeslakting, men for mange bønder er dette tapt kunnskap som dei no ønskjer å lære seg og bære vidare.

– Interessa er heilt klart aukande. Folk frå 14 til 70 kjem på kurs, somme gonger heile familiar, seier slaktar Stian Espedal.

Espedal har tjuetre års erfaring som slaktar. Han er i dag rådgivar og tilførselsmedarbeidar småfe ved Nortura Forus. I tillegg er han kursinstruktør for bønder og andre som ønskjer å slakte, skjere ned og foredle slakt. Berre i fjor arrangerte han 45 kurs for 876 deltakarar. Espedal er glad for utviklinga og har merka seg at ikkje berre bønder, men også jegerar, og andre som tek heim eller kjøper heile skrottar vil lære korleis dei tek godt vare på kjøtet og kan nytte heile dyret.

 

 

Skjekker helsestatus: Når sauen er slakta og flådd undersøker Espedal levra, livmora og lungene. Han vil sjekke at dyret er friskt før han fortset prosessen.Utvomma skrott må henge nokre døgn for å modnast før nedskjæring.

Heimeslakt er god dyrevelferd

– Alle opplever at dyr vert skadd. Høge kostnadar gjer nødslakt uaktuelt som alternativ for slaktegris og sau. Det same gjeld i stor grad også veterinærbehandling. Då er heimeslakt eit flott alternativ til å kassere dyret, seier Espedal.

Han viser til at krav til transport av livdyr og kva som vert rekna som transportdyktige dyr er skjerpa. Det har også gjort det meir aktuelt å slakte heime for å ta vare på kjøtet frå dyr som ikkje kan flyttast på.

Bruk heile skrotten

Når sauen er slakta og flådd undersøker Espedal levra, livmora og lungene. Han vil sjekke at dyret er friskt før han fortset prosessen.

– Sau som har teikn på fersk lungebetennelse, bukhinnebetennelse, eller infeksjon på meir enn tre stader i skrotten, ville eg ikkje ha nytta til mat. Då må dyret kasserast, seier Espedal.

Han har merka seg at livmorhalsbetennelse er svært vanleg, og gjer seg nokre tankar om kvifor det er slik.

– Eg mistenker at hard fødsel og fleire lam har sine konsekvensar, seier han.

På kursa sine demonstrerer Espedal først korleis eit lam skal skjerast opp, før han diskar opp med lammelår, sadel, skank, bogsteik, lårsteik, lammecarré, og lammerullar mellom anna.

Når dei ulike delane er klar til steiking eller koking står Espedal att med ei handfull feitt og brusk som ikkje kan nyttast. Slaktaren er oppteken av at det skal vere minst mogleg svinn.

 

Kunsten å flå: Skarp kniv og god teknikk er nyttig når skinnet skal av.

 

Slakting i bokform

Tradisjonen med å slakte heime forsvann mot slutten av 60-talet. Stadig fleire husmødrer gjekk ut i løna arbeid utanfor heimen. Utvalet av foredla varer i butikkane auka i takt med velstandsauken og betre økonomi i norske heimar. Reine råvarer er i stor grad erstatta med halvfabrikata. Samstundes har matvareprisane gått ned samanlikna med betalingsevna. Espedal ivrar for at fleire skal sjå verdien av å slakte heime. Ikkje minst for å ta godt vare på slaktet og bruke heile dyret. Han er i gang med ei bok om temaet. Boka vil ta føre seg heile slakteprosessen, frå avliving til ferdig måltid.

– Eg har tenkt på det ei stund. Mange bønder spør etter ei godt illustrert bok som tek føre seg heile slakteprosessen. Dei ønsker seg også tips til nedskjering og bruk av dei ulike stykningsdelane. Mange vil ha tips til steiketemperatur og servering slik at dei kan lage og servere gode måltid av lam og sau, seier Espedal.

Målet er at boka skal vere klar før jul.

Gourmet av lam: Kursdeltakarane får ei innføring i heile prosessen, frå å blø av dyret, flå og vomme ut, til kjøtet ligg ferdig i form – med tilbehøyr, klar til å setjast i omnen.

Vidaresal av heimeslakta skrottar er ikkje lov

Det er berre bønder som sjølv eig dyr som kan avlive og slakte dyr til eige bruk. Dyr som er slakta heime på garden kan ikkje seljast vidare til andre. Bøndene kan derimot ta att skrottar av eigne dyr som er slakta på slakteriet og selje heile eller halve skrottar, eller stykningsdelar av dei ulike dyreslaga. Dette tilbodet vert stadig meir etterspurt av forbrukarane, gjerne via sosiale media.