Råd: – Holdvurdering er svært viktig i år, for å sikre at dyra kjem i god nok stand til paringa og neste års lamming, understrekar veterinær Siv Meling. (Illustrasjonsfoto)

Siv Meling, veterinær, opplyser at holdvurdering og snyltarbehandling er avgjerande etter ein våt beitesesong.

Jofrid Åsland

Nå er tida inne for å rette merksemda mot søyene som skal bli klar for paringa.
– Når paringa startar skal søya vere på sitt beste. Då er det lurt å sette inn tiltak fem til sju veker før paringa skal starte, fortel Meling.
Her er hennar sjekkliste for å sikre at dyra er i god stand:

  1. Behandle mot leverikter og andre snyltarar
  2. Holdvurdere søyene
  3. Legge ein plan for paringa
  4. Planlegge fôringa etter behova i flokken
  5. Syte for at mineralbalansen er god

Førebygging: Siv Meling er veterinær og er oppteken av førebyggjande helsearbeid i saueflokken. Ho er sjølv bonde og driv gard på Åmøy i Rogaland.

Snyltarar må bort

– Dersom ein har problem med leverikter hastar det å få behandla mot det no, understrekar veterinæren.
Ho rådar til å ha særleg god kontroll på snyltarbehandling av påsettlamma og gimrane før paringa. Eventuelt kan bonden sende inn avføringsprøvar for å avdekke om behandling er naudsynt.

Optimalt hold

Meling arbeider med førebyggande helsearbeid, og har ei eiga side på Facebook der ho deler nyttige nyheitsbrev med følgjarane. I siste nyheitsbrev skriv ho mellom anna om holdvurdering, og opplyser at dei fleste søyene har gått ned i hold. Etter ein lang krevjande mjølkeperiode har søyene ofte eit hold på 2-2,5 poeng.
– Det er viktig å få søyene tilbake til ønska hold på 3-3,5 poeng til paringa. Søyene bør ha stabilt hold gjennom heile drektigheitsperioden, slik at dei lammar med same hold (3-3,5), fortel Meling.
Ho påpeikar at det kan ta 3-5 veker å justere 0,5 holdpoeng. Dermed har bøndene knapp tid fram til paringa for å få søyene i korrekt hold.

Planlagt paring

Meling understrekar at der er viktig at lamma blir tatt frå søya i september, slik at søya ikkje produserer mjølk. Dette for at dyret skal få orden på hormonbalansen og koma i god brunst. Det er spesielt viktig å ta bort vêrlamma, slik at ein ikkje får uønskt paring på hausten. Dersom bonden vil synkronisere søyene, bør ikkje søyene sjå/høyre/lukte ein vêr på minimun tre veker. Deretter bli vêren introdusert for søyene i maksimum 48 timar før han blir tatt bort att. Då vil søyene synkronisere brunsten sin når vêren blir sluppen 12-14 dagar etter.
– Det er greitt å legge ein plan for ønska lammetal. Vil ein auke lammetalet eller heller forsøke å halde det litt nede? Dersom målet er mest mogleg lam, vil sterkare fôring påverke dette. Dersom målet er å halde lammetalet stabilt, er stabil fôring utan fôrauke løysinga.

Paring: Anten bonden skal inseminere eller nytte vêren til naturleg paring er god mineralbalanse hjå søyene eit godt utgangspunkt for drektigheita. (Illustrasjonsfoto)

Nok godt fôr

– Det har vore ein forferdeleg sesong når det gjeld beite. Frå slutten av juli har næringsinnhaldet i graset vore lågt, fortel veterinæren.
Ho viser til at store mengder nedbør har ført til at gjødsla har blitt vaska ut av jorda, og graset ikkje har fått teke opp nok næring. Noko som igjen har gått ut over beitekvaliteten til sauene.
– Holdvurdering er svært viktig i år, for å sikre at dyra kjem i god nok stand til paringa og neste års lamming. Det krev mykje av fôret å auke holdet. Me sparar ofte det beste fôret til våren, men kanskje det er rett å ta det gode fôret fram allereie no, fortel Meling.
Brå forandringar i fôringa er ikkje optimalt for vomma til sauen, og veterinæren oppmodar difor bøndene til å vere ute i god tid før paringa for å justere hold.
– Det optimale er å kunne fôre jamt og ha ein sau i godt hold til paringa, slik at ein kan fôre jamt heile drektigheitsperioden.

Gi naudsynte mineral

– Ha kontroll over kva beite du har, og kva mineral som bør tilførast, rådar Meling.
Ho opplyser at mange kan ha låge verdiar av både kopar, selen og kobolt.
– Gi dyra kraftfôr, mineralblanding eller andre tilskot for å sikre at dei får dekka sine behov. Meling er oppteken av å førebygge helseproblem ved å vere tidleg ute.
– Ved god planlegging kan du legge eit godt grunnlag for neste sesong, og utvikle saueflokken din i den retninga du vil, påpeikar Meling.

Stikkord denne saka: , ,