Endeleg er tida her

Snart potetsetting: Med utstikt mot Bru i Rennesøy kommune, Rogaland, er Odd Sande på Randaberg i sving med steinstrenglegging av jordet for klargjering til poteter.

Vinteren er på mange måtar ei ventetid. Ei tid der bønder klør i fingrane etter å koma i gang med utearbeidet. Vær og temperatur blir nøye observert – i tilfelle våren skulle koma litt tidlegare enn venta.
Me vil gjerne sjå korleis ditt vårarbeid ser ut; korleis er utsikta di frå traktoren, kva skjer på din gard no og kva likar du best med tida me er i.
Send oss eit bilete eller tre, og fortel oss litt om din kvardag. Me premierer dei tre beste bidraga med eit Bondevenn-krus.

Bidraga skal sendast til post@bondevennen.no innan 15. juni.