• Temperaturen i massen er 60-70 grader under komposteringa.

50 år med jordforbetring på garden har blitt ei historie om å laga ettertrakta vare av avfall frå landbruket.

Liv Kristin Sola

Heime i stova på Reve sit tre generasjonar Refve, Thore, Thor og Thore Jr., i lag med Ragnvald Gramstad frå NLR Rogaland. Thore og kona Gunvor overtok garden på Reve i Klepp kommune, på Jæren, i 1978. Garden ligg heilt ute ved sjøen og mesteparten av jorda er sandjord. Vinden flytta på store sandmasser, jorda held dårleg på vatn, og det var vanskeleg å få gode avlingar. Strandrøyr var omtrent det einaste som ville spire og vekse.

– Slikt vert det ikkje mjølk av, kommenterer Thore.

Frå tare og kloakkslam til kompost

Bonden ville ikkje akseptere at han ingenting kunne gjera for å auka avlinga og produsere eit betre fôr. Bøndene nytta tare frå sjøen og kjørte ut på jorda. Det vart starten på mange kreative idear. Tare, kloakkslam og gjødsel og vominnhald frå slakteria vart prøvd. Mykje prøving, noko feiling, men stadig meir kunnskap og erfaring.

– Det nærmar seg 50 år sidan. Nokre utfordringar har det vore undervegs, men det har vore lærerikt, summerer Thore.

Reve Kompost vart etablert i 2004. Dei tek årleg imot 8.500-9.000 tonn organisk avfall, og har konsesjon på 10.000 tonn. 60-70 % er vominnhald frå dei fire slakteria i regionen. Resten er kornavrens frå kraftfôrfabrikkane, ein del gartneriavfall, og ei blanding av halm og gjødsel frå rideskular, frå travbanen og pelsdyrnæringa.

Fri for smitte og ugras

Komposteringa skjer innandørs i ranker. Prosessen er aerobisk. Det betyr at mikrobane som bryt ned plantematerialet, er avhengig av luft. Tilhøva er mest optimale når temperaturen er rundt 60-70 grader. Temperaturen blir regulert ved å blanda inn luft i massen. Når massen er ferdig kompostert, vert den solla. Større partiklar vert fjerna og får ein ny runde i komposten.

– Med så høge temperaturar er den ferdige komposten hygienisert og smittefri, og fri for ugras. Det gjer den spesielt godt eigna til nyanlegg, forklarer Thor.

Flott hagejord

– Kompost fungerer svært godt som toppdekke i private bed og hagar, ikkje minst eit tips til hagane på landbrukseigedommane. Dette er det gamle jordbruket. Å nytta eige avfall som ein ressurs og som ein del av det store kretsløpet, seier Ragnvald.

Gjødselverknaden frå kompost er bunde til humus og verkar derfor over lenger tid enn om ein tilfører vanleg handelsgjødsel. Ei blanding med 50/50 jord og kompost er eit fullgodt alternativ til mineralgjødsel. Då treng ikkje jorda meir gjødsel gjennom sesongen. Ei blanding av sand og kompost gir også ei næringsrik og luftig jord som gir gode veksttilhøve for plantene.Tanken er å få fram spennande produkt som eit fullgodt alternativ til torv.

– Entreprenørane melder om at plantene etablerer seg godt når dei blandar kompost i jorda. God og jamnare tilførsel av næring i etableringsfasen gjer at dei får mindre reklamasjonar på tap av planter, forklarer Thor.

Ein levande hobby

Etter 9-12 månadar er komposten klar for sal. Den er solla og stabil og ligg lagra ute på betongdekke, som er kravet. Når lagringstida aukar, skjer det ei ettermodning. Mikrobeaktiviteten aukar og meitemarken dukkar opp og gir nytt liv til komposthaugen.

– Det er slik det skal vera i ei frisk og levande jord, smiler Thore Jr.

50 år med ulike tiltak har auka humusinnhaldet i jorda på garden på Reve. I dag karakteriserer bøndene jorda som moldhaldig/moldrik sandjord. Det starta som eit nødvendig tiltak for å betra jordkvaliteten på garden. I dag er det ei familiebedrift. Men for Thore og Thore er det vel så mykje ein levande hobby.

– Me kjem i kontakt med så mange «jille» folk. Me har reist mykje, snakka med mange og lært mykje om livet i jorda. Og me har nøgde kundar som kjem attende år etter år. Dei ser at komposten har god effekt, det er det viktigaste, seier den erfarne bonden på sandjorda på Reve.

 

Stikkord denne saka: , ,