Framleis til for bonden: HMS-rådgivarane i NLR er klare for å hjelpe bønder både viss kvardagen blir litt vanskeleg, og viss beredskapsplan må lagast. Frå venstre: Maria Helliesen (for tida i permisjon), Arnfinn Særheim, May Ann Levik. Foto: NLR Rogaland

Ny rådgivar: Sunniva Veen (til venstre) er ikkje ny i HMS-verda, men ho er ny blant HMS-rådgivarane i NLR. Her saman med Helga Hellesø, dagleg leiar i NLR Rogaland.

Telefontenesta «Til for bonden» er fasa ut. I staden vil no HMS-rådgivarane i NLR Rogaland stille opp for bønder i ein vanskeleg livssituasjon.

Jane Brit Sande

2017 starta med ei stor omlegging for Norsk Landbruksrådgiving (NLR). 39 regionale rådgivingseiningar blei redusert til 11. I tillegg vart Landbrukets HMS-teneste (LHMS) ein del av NLR. For ordens skuld: HMS er ei forkorting for helse, miljø og sikkerhet.

«Til for bonden»

Telefontenesta «Til for bonden» starta opp i 2013. Ideen var eit resultat av at ein bonde opplevde at han fekk mange telefonar frå andre bønder som trengte nokon å snakka med. NLR Rogaland blei prosjektansvarleg for telefontenesta som blei organisert i eit frivillig vaktsystem. Bønder, med teieplikt, både aktive og pensjonerte, svara på telefonen. No er denne telefontenesta fasa ut, men NLR Rogaland sine HMS-rådgivarar er klare for å tre inn.
– Det handlar om at det er tungt å oppretthalde ei frivillig teneste. Då HMS-tenesta blei ein del av NLR, valde me å fasa ut frivillighetsarbeidet, seier Helga Hellesø, dagleg leiar i NLR Rogaland.
I NLR Rogaland er dei fire HMSrådgivarar.
– Tilbodet blir ikkje svekka, eg meiner det vil vere vel så godt med denne omorganiseringa. Rådgivarane har eit godt nettverk rundt seg, som dei kan nytte etter behov, om dei treng å rådføre seg med kollegaer eller mobilisere andre einingar. Også HMS-rådgivarane har teieplikt, seier Hellesø.
– «Til for bonden» var ein god teneste, men me meiner den er enklare organisert no, når me få samla ressursane.

Ikkje berre Rogaland

Det er ikkje berre i Rogaland, at HMS-rådgivarane vil stilla opp.
– Det er ei forventning frå både styresmaktene og faglaga at me har ein slik funksjon, seier Halle Arnes, fagkoordinator for HMS i NLR.
– Me blir gjerne kontakta av nokon som er uroa for ein dei kjenner, og då hender det ofte at dei ikkje er kunde i NLR. Me stiller likevel opp, og det gjeld i heile landet. Denne tenesta er eit tapsprosjekt for oss, reint økonomisk, men me skal likevel stille opp. Det viktigaste for oss er at me blir involvert tidleg.

Del av HMS på garden

HMS på garden handlar ikkje berre om beredskapsplanar og føre var. Mange bønder uroar seg over mangt og mykje, krava til gardsdrift og matproduksjon er utfordrande. Dyr skal fôrast og stellast, graset skal slås til rett tid, fristar skal haldast, nye krav og forskrifter blir med ujamne mellomrom ein del av kvardagen, bonden saknar nattesøvnen, familien saknar bonden. Slikt går på helsa laus.
– Me som er rådgjevarar reiser mykje rundt på gardane, og får god relasjon med bøndene. Antennene våre er alltid ute, og me ser ofte signala. Det er ikkje ukjend for oss å ende opp som ein nøytral tredjepart eller buffer for bonden og andre i familien. Garden er ein familiebedrift, seier Sunniva Veen, HMS-rådgivar i NLR Rogaland.
– Det er viktig at bonden har det greitt med seg sjølv. Det er ein del av HMS. Ein kan ikkje få til ein gard utan, meiner ho.

Krisebistand

For å ta kontakt, må ein ikkje vere medlem av NLR Rogaland.
– Alle skal kunne ringe våre rådgjevarar, og alle får hjelp i første runde. I andre runde vil problemet kartleggast, og bøndene blir sendt vidare til dei rette folka, dersom våre rådgjevarar ikkje sit med den rette kompetansen, seier Hellesø.

Stikkord denne saka: