I råvarefatet: Sebastian Hattland (t.v.) og Mads Ekrheim er elevar på Bryne vidaregåande skule på Jæren. – Eg trur det vil vere eit større fokus på gode råvarer og god smak, og kanskje meir økologisk mat, seier Ekrheim på spørsmål om korleis han trur mattrendane vil vere i framtida.

Kokkeelevar fekk nærkontakt med matproduksjonen på Jæren. Målet er å rekruttera ambassadørar for norskprodusert mat.

Jane Brit Sande

Kvart år inviterer Rogaland Bondelag, i samarbeid med Kokkemesterlauget Rogaland og Jærkokken Heine Grov, kokkeelevar på gardsbesøk og fagdag. Elevane er frå vidaregåande skular i Rogaland. Førre torsdag var eit titals elevar på busstur på Jæren for å komma tett på matproduksjonen.

Tradisjon

– Dette har vore ein tradisjon i ti år. Me vil visa elevane kor maten kjem frå. Desse ungdommane skal lage maten vår i framtida, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.
Ikkje alle har nokon i omgangskretsen med ein gard som dei kan besøka, og difor blir eit fagopplegg som dette viktigare og viktigare, meiner Epletveit.
– Målet vårt med dagen er å la elevane samle inntrykk av kva som skjer og korleis det er på åkeren og i fjøsa, og gi ei høve til å stilla bøndene spørsmål. Seinare kan kanskje også me i Bondelaget få innspel frå dei, om kva vekstar som er spanande å satsa på, seier ho.

Åker er første stopp

Første stopp for skuleelevane denne dagen er hjå Marianne og Ola Sunde, gulrot- og tomatprodusentar på Vik i Klepp kommune.
– Det er viktig å visa komande kokkar litt jordbruk. Det handlar om å rekruttera ambassadørar for norsk mat så tidleg som råd, seier Ola Sunde.
Svein Kenneth Vormestrand er elev på Karmsund vidaregåande i Haugesund. Dette er første gong han er i ein grønsaksåker.
– Det er kjekt å koma seg ut av klasserommet og sjå korleis det er i råvarelivet, seier han, og nyttar høvet til å hausta lilla blomkål.
– Denne blomkålen smakar litt annleis, kommenterer han, og er spent på korleis blomkålssuppa vil sjå ut.

Midt i matfatet: Ola Sunde nytta anledninga medan elevane åt lunsj, til å fortelje om tomatproduksjonen.

Første gong: Svein Kenneth Vormestrand er i ein grønsaksåker for første gong, og har ikkje sett lilla blomkål før.