Eit roleg første år: Svein Hia (t.v) og Øystein Tuntland Kleppa er spente på kva sesongen vil bringa. For fruktdyrkarane har det vore ein dårleg sesong, men i pakkeriet får dei tid og rom til ein oversiktlig første pakkesesong.

For berre tre år sidan såg det mørkt ut for frukta og fruktdyrkarmiljøet i Ryfylke. Fylkesmannen i Rogaland, med fleire, lanserte eit prosjekt for å få opp fruktproduksjonen. Fruktdyrkarane svara med millionsatsing.

Jane Brit Sande

I 2014 inviterte regionrådet Ryfylke IKS, Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Rogaland, og kommunane i Ryfylke sine landbrukskontor fruktdyrkarar i Ryfylke til eit møte om status på fruktdyrkinga i regionen. Det er freistande å kalla det for eit kriseråd: Talet på dyrkarar, areal og volum var på veg nedover. Noko måtte gjerast, elles ville både Ryfylke og heile Rogaland forsvinna ut av fruktnæringa. Resultatet av møtet vart prosjektet Fruktsatsing i Rogaland, som skulle stimulera til auka fruktareal- og produksjon. Innovasjon Norge og Fylkesmannen stod i spissen for satsinga. Fruktdyrkarmiljøet svara med generasjonsskifter og rekruttering av nye produsentar.
– Om fem år har me firedobla volumet samanlikna med då det var på det lågaste i 2016, seier Øystein Tuntland Kleppa, styreleiar i Ryfylkefrukt SA.
Ryfylkefrukt SA er satt saman av 20 produsentar frå Hjelmeland, Finnøy, Suldal og Strand kommune. I tillegg kjem det produsentar frå Forsand, Randaberg og Lund til samvirkeføretaket dei kommande åra.

Eit samla fruktmiljø

– I fjor på denne tida hadde me ennå ikkje hatt årsmøtet der det vart vedteke at me skulle satsa med på eige pakkeri, seier Kleppa.
Det har gått slag i slag det siste året. Tidlegare vart frukta pakka i fruktpakkeriet på Rennesøy. Kapasiteten der nærma seg breistepunktet, og nye løysningar måtte til. Skulle det byggast eit nytt pakkeri, eller skulle pakkeriet på Rennesøy utvidast? Driftige fruktdyrkarar i Ryfylke valde det første, og Ryfylkefrukt SA eig og driftar i dag Ryfylke fruktpakkeri, som ligg i Årdal i Hjelmeland kommune. I september 2016 vart det vedteke at fruktpakkeriet skulle byggast. Det gjekk fort med forprosjekt, synfaringar og planlegging. 15. august i år opna pakkeriet.
– Heldigvis for oss fekk me kjøpa denne tomta som Hjelmeland kommune hadde regulert for næringsverksemd ein gong på 1980-talet. Det var avgjerande for at me skulle få pakkeriet i sving på så kort tid, og me fekk ei bra tomt til ein rimeleg pris, seier Kleppa.
For å finansiera investeringa fekk dei støtte frå Innovasjon Norge, éin million i kapitalinnskot, og fem millionar i lån. Resten av lånet har dei hjå Sparebanken Vest. Kvar av samvirkemedlemmene har 50 000 kroner i kapitalinnskot.

Klare for butikk: Plommene blir pakka i plastboksar før dei blir sendt til butikk. Boksane fører til mindre svinn i butikkane, men Kleppa trur det ikkje er lenge før dei blir bytta ut med boksar i nedbrytbart materiale.

Stille før stormen: Det er ikkje pakking kvar dag, enn så lenge. Så langt er det hovudsakleg plommer dei har fått bryne seg på, men snart kjem sesongens eple og pærer.

God plass

Pakkeriet er godt overdimensjonert, og utsiktene for auka aktivitet er gode.
– I kvart pakkeri styret var på synfaring før bygginga starta, vart dei råda til å overdimensjonera. Det er svært kostbart å utvida eit pakkeri, og me veit fleire produsentar kjem til å pakka frukta hjå oss, seier Svein Hia, dagleg leiar på pakkeriet.
Haustens eple og pærer er venta først om eit par veker.
– I år blir eit opplæringsår for pakkeriet. Det er dårlege avlingar hjå alle produsentar, etter lite sol og mykje regn. Fleire bønder vart også råka av ein haglskur i juni. Det er dårleg nytt for pengetaska, men her i pakkeriet får me ein meir oversiktlig start. Eg trur me vil vere tent med det til neste år, når me har fleire produsentar på laget og mykje meir frukt, seier Kleppa.
I pakkeriet kan dei pakka mellom 800 og 1000 tonn frukt i løpet av fruktsesongen.
– For å klare 1000 tonn må me strekke oss, men det skal gå. Kjølen er nok det første som blir for lite, men me skal klare 1500 tonn frukt i bygget, seier Kleppa.
Læringskurven er bratt.
– Me har auka pakkemengd kvar dag, og arbeider heile tida for å finna ein god flyt og logistikk her i pakkeriet, seier Hia.
Mengda frukt som går gjennom pakkeriet i Årdal kjem til å vekse kraftig, med nye produsentar som etter kvart vil bli del av Ryfylkefrukt SA.
– Me er ikkje uroa for kapasiteten, dette skal me få til, seier Kleppa.

Lokal arbeidskraft

Hia og Kleppa skryt av godvilje frå bygda. Det har vore oppmuntringar i heile prosessen, og no når pakkeriet er i sving, har dei hjelp av lokal arbeidskraft.
– Det er fleire forskjellege oppgåver som skal utførast, og me har flinke folke med oss på laget. Førebels er det timebasert, men me har fire faste som kjem når det er frukt som skal pakkast. I tillegg stiller produsentane sjølve opp no i oppstartingsfasen, seier Hia.
– Det er ikkje dyrare å nytta lokal arbeidskraft, samanlikna med utanlandske sesongarbeidarar. Dette er vår måte å gi tilbake til nærmiljøet, legg Kleppa til.

Meir enn eit pakkeri

I tillegg til å pakke frukt, skal Ryfylkefrukt SA også selja dyrkingsutstyr til bøndene og planlegga samla bestillingar på frukttrær, slik at ventetida blir kortare. Eit møterom i bygget blir eit samlingspunkt for fruktmiljøet i regionen.
– Satsinga har gitt eit godt samhald, og eg trur det berre kjem til å bli betre, seier Kleppa.

Stikkord denne saka: ,