Utfordringar i kø: Trine Hasvang Vaag

Fornya tillit til Trine Hasvang Vaag under årsmøte i Nortura.

Bothild Å. Nordsletten

Trine Hasvang Vaag vart attvald til styreleiar under årsmøte i Nortura på Lillehammer i dag. Hasvang Vaag, som vart styreleiar i 2017, vart attvald for eit år med 111 stemmer. Tre stemde blankt. Hasvang Vaag er kjøt- og mjølkeprodusent frå Snåsa.

– Kjekt å bli attvald, seier den attvalde styreleiaren til Bondevennen.

– Me har hatt eit godt årsmøte med «god skuv», som me seier i Trøndelag. Meldingane har vore klåre om kva eigarane forventar. Når du går ut med berre tre blanke stemmar under valet, er det ei stor tillitserklæring som eg eg audmjuk til.

– Nortura slit med dårlege resultat, skal spare inn 700 millionar over dei tre neste åra og kutte 300 årsverk. Kva vil du konsentrere deg om framover?

– Å løyse utfordringane! Me har alt lagt fram ei tiltakspakke. For meg handlar det om å gjennomføre den – det er jobb nummer éin. Me har avdekka fleire område kor me slit litt, og kor me må finna løysingar. Årsmøte var svært tydelege i forhold til at me må løysa utfordringane med distribusjonsavtalane våre. Me skal gjennomføre dei tiltaka som me har synt eigarane at me vil gjennomføre, slik at me kjem opp på det inntektsnivået me var på i 2016. Dette er eg veldig klar for å ta tak i, seier Hasvang Vaag.

Nestleiar Per Heringstad fra Heidal i Oppland vart også attvald under årsmøte. Han har vore nestlerar sidan 2016. Fire stemde blankt.