Ikkje den beste sommaren: Dårlege lysforhold har sett eit visst preg på årets tomatavlingar.

Ein grå sommar har gitt utfordringar også for tomat- og agurkprodusentane.

Bothild Å. Nordsletten

Rogaland er det store tomatfylket. Over 90 prosent av den norske tomatproduksjonen føregår her. Sjølv om dei ca. 50 produsentane dyrkar under tak, i ly for vind og vêr, har gråveret sett sitt preg på sesongen. I førre veke møttest dei saman med agurkprodusentane for å oppsummera året, i regi av GPS, Grøntprodusentenes samarbeidsråd.
– Sesongen har vore spanande, konkluderer Bjarte Åsbø, ikkje heilt utan ironi.
Han er konsulent med ansvar for tomat og agurk i GPS og er tett på næringa kvar dag.
– Det har gått noko treigt å selja norsk tomat. Hovudårsaka er mengda med importvarer. Gråvêret har ikkje gitt dei største avlingane, det har trigga importen. Salet av tomat blir også komplisert av at det finns eit vidt spekter av ulike typar.
Åsbø fortel at den totale produksjonen av tomat aukar litt og at det som ein konsekvens av dette er registrert ein liten nedgang i importen.
– Men det er framleis eit stort potensial for norske tomatar, presiserer han.

Tett på næringa: Bjarte Åsbø

Kan bli sjølvforsynte

Den runde tomaten, som er noteringsvara, generer årleg om lag 100 millionar kroner i verdi, berre til produsentane, ifølgje Åsbø. På toppen av dette kjem verdien av eit aukande sal av små tomatar. Åsbø meiner Noreg kunne vore sjølvforsynt med tomat, gitt visse føresetnadar.
– I norsk tollperiode frå 10. mai til 15. oktober, kunne me vera sjølvforsynte, ja. Produsentane har kompetansen, viljen og utstyret til å få dette til. Me har rein energi. Det handlar berre om produktpris. Me må ha ein marknad som er villig til å dekka produksjonskostnaden til produsenten, og som føretrekk norske tomatar framfor importerte. Med dagens importpris og med den dårlige preferansen for norsk tomat, er sjølvforsyning heile året ein fjern tanke.
Produsentar Bondevennen har snakka med fortel om ei nedgang i avlinga på mellom ti og 15 prosent grunna dårlege lysforhold. Når dei norske tomatane så nådde marknaden i sommar, blei store mengder liggjande på lager og tapa seg i kvalitet, medan grossistane selte unna importvarene. Næringa oppnådde målpris berre i to av 23 veker.
– I norsk tollperiode vart det importert totalt 5000 tonn tomat. Importen berre i juli var på 760 tonn. Forbruket per veke ligg på ca. 730 tonn. Målet vårt er å nå målprisen, men når importvarene er så billege som dei er, blir det vanskeleg for dei norske å selja, forklarar Åsbø.

Bevisstgjering viktig

Rogaland er også størst på agurkproduksjon i volum. Næringa melder at produksjonsvolumet har vore stabilt denne sesongen. Agurkprodusentane har opplevd stor framgang dei siste åra og produserer nok til å dekka marknaden, iallfall i norsk tollperiode. Preferansen for norsk er sterk blant forbrukarane, seier Åsbø.
Likevel blir det importert agurk heile året, til dømes 200 tonn i april og 380 tonn i august.
– Kva kan gjerast for å handtera presset som import utgjer på norsk produksjon?
Åsbø presiserer at det ikkje er GPS si rolle å driva næringspolitikk, men skisserer nokre framgangsmåtar.
– Norske forbrukarar føretrekk allereie norsk i stor grad. God marknadsføring er naudsynt, likeeins auka bevisstgjering om kvalitetane ved norske varer. Kundane må bli tilbudd grønsakene i butikken heile tida.

Stikkord denne saka: