Nøgd leiar: Leif Øie, dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt er godt nøgd med utmerkinga. – Denne prisen er eit symbol på at me har tilfredsstilt kunden sitt behov, seier han. (Foto: Hardanger Fjordfrukt)

Hardanger Fjordfrukt vart nyleg kåra til Årets leverandør til Bama. No planlegg fruktpakkeriet for storstilt vekst.

Jane Brit Sande

Hardanger Fjordfrukt vart i starten av november utnemnt til Årets leverandør til Bama.
– Denne prisen er eit symbol på at me har tilfredsstilt kunden sitt behov. Dei bestiller, og me leverer ein standard som er i Bama si ånd, seier Leif Øie, dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt.
Pakkeriet ligg i Utne, på vestida av Hardangerfjorden.

Optisk sortering

Det har skjedd mykje sidan Hardanger Fjordfrukt sin første pakkedag i 2004. Siste innslag er ein ny fotoboks som syter for optisk sortering av epla.
– Maskinen sorterer både på storleik, og på kosmetisk preferanse, seier Øie.
Maskinen har ein kapasitet på opp mot heile fire tonn eple i timen, men Øie fortel at det ikkje kjem til å gå så mykje frukt gjennom maskinen.
– Hjå oss vil maskinen sortere nærare 2,5 tonn eple i timen. Me må pakke i esker, og då må me halde igjen på sorteringstempo, forklarar Øie.
Pakkeriet skal vekse i framtida.
– Me har starta prosessen med å få utvida pakkeriet. Me har kjøpt areal til ei utviding av tomta, og bygget skal bli større. Både kjølelager og pakkeriareal skal vekse. Bygginga er ikkje starta, det er fortsatt eitt par år fram i tid, seier Øie.

Vil ha meir eple

I år har Hardanger Fjordfrukt pakka 1600 tonn eple, 16 tonn pære, 317 tonn plomme og 76 tonn morell.
– Me har kapasitet til å pakke meir enn me har pakka i år. Sommaren har ikkje vore til fruktbøndene sin fordel. Det merker me hjå oss, seier Øie.
I den kommande sesongen vil Hardanger Fjordfrukt, med Øie i spissen, arbeide for å få meir areal i produksjon. Det er særleg stor mangel på eple.
– I Hardanger er det ciderbonanza, og me greier ganske enkelt ikkje dekke etterspurnaden, fortel Øie.
Også i butikkane er etterspurnaden større enn det norske fruktprodusentar greier å dekke.
– Den norske eplesesongen i butikkane er så kort som den er fordi me går tomme for frukt, seier Øie.

Meir i vente

Pakkerisjefen ser lys i enden av tunnelen. Fleire av dei 150 produsentane som leverer til Hardanger Fjordfrukt har gjort grep for å auke produksjonen.
– Eg trur arbeidet som er gjort med å oppmode produsentar til å plante fleire tre, vil bere frukter. Mengda frukt vil stige betrakteleg dei komande åra. Om eg skal spå korleis det vil vere to til tre år fram i tid, vil me nok pakke 2000 tonn eple kvart år, minst, seier Øie.
Hardanger Fjordfrukt pakkar fire eplesortar: Discovery, Summerred, Gravenstein og Rød Aroma.
– Marknaden vil ha meir av alt, det er ingen preferanse på sort. Me greier ikkje levere nok av noko, seier Øie.

Ny sorteringsmaskin: Hardanger Fjordfrukt har investert i ny pakkemaskin som syter for optisk sortering av epla. Det er lagt inn bilete av eple med storleik og utsjånad basert på standarden dei ynskjer. Maskinen har ein kapasitet på opp til fire tonn i timen. (Foto: Hardanger Fjordfrukt)

Stikkord denne saka: ,