Bilde av Magnus Søyland

Tilskotsmidlane til klimaskog burde heller vore brukt til meir beitestell- og rydding, meiner bonde Magnus Søyland.

Magnus Søyland er skeptisk til meir skogplanting i Rogaland. På garden familien hans driv, har det vore tradisjon for å utnytta beiteareala maksimalt med brenning av einer og kratt, og bygging av vegar for å koma til med husdyrgjødsel.

Sjur Håland, Bondevennen

Til saman disponerer samdrifta på Søyland i Gjesdal ti kilometer med gardsvegar for å nå 1.000 dekar med kulturbeite. Dei brukar berre husdyrgjødsel. Kløveren i beita syter for at naturen sjølv syter for nitrogentilførsla.

Kløver gir nitrogen

Norge har 1,5 millionar dekar innmark. Fylket rår over tredjeparten av desse ressursane, 500.000 dekar, i følgje Magnus Søyland. Han synar til Norsk Landbruksrådgiving som har rekna at med 30 prosent kløver i beita, vil plantene få tilført 9 kilo nitrogen per dekar frå lufta.
– Det betyr eit potensiale der me kan få 4.500 tonn reint nitrogen eller tilsvarande 16.000 tonn kalkamon ferdig spreidd på beita våre utan at eit einaste gram kunstgjødsel er tilført, illustrerer han.
Tilskotsmidlane til klimaskog burde heller vore brukt til beitestell og –rydding, meiner han.

Store beiteverdiar

Søyland synar til at eit oppgjødsla og velstelt beite kan gi ei avling på 5-600 fôreiningar per dekar gjennom vekstsesongen.
– Det betyr at beita har ein grasverdi på 1.500 kroner per dekar pluss tilskot kvart år. Om ein reknar at ein skog står i 100 år, og gir ein verdi på 12.000 kroner per dekar, vil beita ha gitt ein grasverdi på 150.000 kroner. Beita gir utbytte kvart år, i motsetnad til skogen, der det kan gå 100 år, her er rentetapet stort, seier Magnus Søyland.
Sjølv har han ein granskog på kring 250 dekar som vart planta for 75 år sidan. Skogen ligg vanskeleg til. Det er ikkje råd å ta ut tømmer med effektive hogstmaskinar.
– Slik prisane på tre er no, er det langt frå rekningsvarande å hogga på tradisjonelt vis hjå meg. Skogen som blir teken ut no rundt om i Rogaland med hogstmaskinar, dekker knapt utgiftene til entreprenøren meiner han.

Orkanar vil øydeleggja

Bonden trur at klimaendringane, med meir ekstremvêr, vil gjera det vanskeleg å etablera skog i eit fylke som har mykje vind frå før.
– Me får fleire orkanar, som vil gjera skogen om til pinneved, spår han.

– Kva med klimaargumentet. Meir skog gir meir karbonbinding?
– Ja, og den innsatsen kan gjerne intensiverast med meir planting og stell i dei områda av landet der skogen alt er etablert. Her i Rogaland må me prioritera beiteressursane og produsera verdfull mat.

Beita blir viktigare

– Det er planen å nytta areal som har begynt å gro att og som kanskje ikkje blir nytta. Her må det vel vera klimasmart å planta effektiv skog?
– Eg trur det blir vanskeleg å i det heile få entreprenørane til å hogga desse små felta, når den tid kjem, meiner han. – Er det så bratt og utilgjengeleg at du ikkje kan beita, kan du heller ikkje planta skog. Det må uansett ikkje nyttast sitkagran, ho spreier seg verre enn tistlar og er som eit ugras å rekna for oss beitebrukarar.
Magnus Søyland held fram at det blir fleire munnar å metta, og at det slett ikkje er sikkert at tilgangen og prisen på kraftfôr blir som i dag. At nydyrkingspotensialet og tilgangen på jord er avgrensa, talar i følgje bonden for at beita blir ein stadig viktigare ressurs framover. Skog vil han ikkje ha.
– Å binde opp areal i fleire generasjonar for knappar og glansbilete har eg ikkje sans for. Vi kjenner ikkje verda om 40 år – å binda areal i 100 år er ikkje vegen å gå. Dette vil etter mi meining også redusera verdien på gardane.

Stikkord denne saka: ,