Dead cow by the side of a road in northern California.

Hjerneprøve: Det er krav om hjerneprøvar frå daude småfe over 18 månadar, dette gjeld sau, vêr og geit. I tillegg skal det takast hjerneprøver av daude storfe over fire år. Foto: Istock

Langt frå alle kjenner til kravet om hjerneprøvar, kva slags dyr det gjeld og korleis dyra skal meldast inn.


Sjur Håland


I Rogaland sør for Boknafjorden (inkludert Finnøy og Talgje) tar Herredsvela Transport ut hjerneprøver frå aktuelle kadaver på vegne av Mattilsynet. I tillegg tar dei prøvar i Sirdal, Tonstad og Sira. Dei som bur i grensetraktene mellom Rogaland og Vest-Agder, og som er usikre, kan ringa Herredsvela Transport eller Mattilsynet og få beskjed.

Får ikkje beskjed

Dyret skal ikkje meldast inn til Norsk Protein før hjerneprøven er teken.
– Me har store problem med at daude dyr ikkje blir meldt inn for prøvetaking, verken til oss eller gjennom Mattilsynet, seier Elisabeth Steinnes hjå Herredsvela Transport.
Ho ønskjer å oppklara ulike mistydingar.
– Det er ulik praksis rundt om i landet, dette kan nok skapa forvirring. I tillegg er det kanskje ikkje alle som kjenner til krava, og det er gjerne bønder som av ulike årsaker kvir seg for å melda inn dyr som det skal takast hjerneprøvar på.

Småfe og storfe

Mattilsynet krev hjerneprøvar frå daude småfe over 18 månadar, dette gjeld sau, vêr og geit. I tillegg skal det takast hjerneprøver av daude storfe over fire år og hjort over 12 månadar. Mattilsynet presiserer at det ikkje skal takast omsyn til aldersgrensene dersom dyra har hatt endringar i åtferda eller mista evna til å bevega seg naturleg. Er årsaka til at dyret døydde ukjent, skal Mattilsynet eller Herredsvela ta hjerneprøve uansett alder.
– Er dødsfallet mistenkeleg? Kontakt din lokale veterinær eller Mattilsynet, tilrår Elisabeth Steinnes.

Mail eller telefon

Herredsvela Transport tar i mot innmelding om prøvetaking via telefon eller mail. Mattilsynet ønskjer primært innmelding via internettsida mattilsynet.no
– Her skal du trykke «Varsle oss» og klikke deg vidare på «Innmelding av døde produksjonsdyr».
Opplysningane til Mattilsynet eller Herredsvela Transport skal innehalda namn, adresse, telefon, individnummer til dyret saman med fødselsdato og kva dato dyret døydde. Eventuelle andre kommentarar skal også med her.
– Når me får inn melding direkte eller via Mattilsynet om at det skal takast hjerneprøve, prøver me å ta prøven innan ein eller to dagar, seier Steinnes.
Det er ikkje sjåføren i kadaverbilen som tar prøven. Herredsvela Transport har to eigne tilsette som reiser rundt og tar ut prøven i forkant.
– Dyret skal ha øyremerke. Personen som tek prøven tar med seg merket, seier Elisabeth Steinnes.
Etter at prøven er teken, må bonden sjølv melda inn dyret til henting hjå Norsk protein.

Stikkord denne saka: , , , ,