Noko var heilt galt då Solfrid kom i fjøset. Kraftfôret flaut i roboten. Grovfôret hopa seg opp på fôrbrettet, og kyrne hang med hovudet.

Liv Kristin Sola

Kyrne til Solfrid Auestad Pettersen flytte inn i nytt robotfjøs i august 2013. Fire månadar seinare var drifta godt i gang. Kyrne tilpassa seg og bonden stortreivst i fjøset. Ho såg fram til ein lang ferie til varmare strok, i lag med familien.

Raste i mjølk

Ein morgon snudde alt seg. Dei 20 mjølkekyrne stod apatiske i fjøset. Mjølkemengda hadde stupt frå 700 liter i døgnet til ingenting.
– Det var heilt krise, seier Solfrid.
Ho minnast at ei av kyrne viste teikn til sjukdom dagen før. Elles var det ingenting som var unormalt. Heile situasjonen var uverkeleg. Solfrid ringde dyrlegen. Frå då av gjekk det slag i slag.

Frå industriarbeidar til bonde

Fjøset er planlagd slik at ho kan handtere dyra åleine, inkludert å få dyr ut til slaktebilen. Mannen til Solfrid, Roger Pettersen, arbeider offshore. Solfrid får avløysing av døtrene.
– Ei fordi ho treng pengar. Ho andre fordi ho er interessert, spøker Solfrid.
22 år gamle Suzann går på vinterlandbruksskulen, medan 17 år gamle Janne går på ambulanse-linja i Sauda. Sjølv bygde ho oljeplattformar i ungdommen. Men då det vart snakk om generasjonsskifte på garden, skifta ho beite.
– Eg ville ikkje at garden skulle gå ut av familien.
Ho innrømmer at ho vert i overkant engasjert – og glad i dyra sine.

Snakk med dyra

Naboen ville avvikle mjølkeproduksjonen hjå seg sjølv. Han ønskte at Solfrid skulle overta kvoten. Som ein del av avtalen, skulle ho ha forkjøpsrett på grovfôret på nabogarden.
– Eg hadde ikkje bygd dersom ingen av døtrene våre hadde vore interesserte. Men eg skal aldri bli så stor at eg ikkje kan handtere drifta åleine, understrekar Solfrid.
Ho er i gang i fjøset i sju-tida om morgonen, og er inne til frukost rundt 08.30. Midt på dagen er ho også nokre timar i fjøset.
– Ofte sit eg berre og observerer, eller går inne blant dyra.
Alle som driv i fjøset har fått beskjed om å snakke med – og å ta på dyra. Ein dag fann ho dottera syngande i fjøset.
– Ho visste ikkje kva ho skulle snakke med dyra om, seier ei lattermild Solfrid.

Fyller kvoten, ikkje fjøset

Det er god plass i fjøset. 31 mjølkekyr har 45 liggebåsar å velja mellom. Solfrid vil ikkje kjøpa inn livdyr, men skal auke buskapen med eigen rekruttering til ho får så mange kyr ho treng for å fylla kvoten. Målet er å fylle kvoten, ikkje fylle fjøset og skaffe meir kvote.
Solfrid har ingen kraftfôrstasjonar i lausdrifta. To veker før kalving får kyr og kviger tilgang til kraftfôr i mjølkeroboten. På fôrbrettet er det rundballesurfôr. Fôringsvogna er programmert til ti utfôringar i døgnet. Kvigene får grovfôr to gonger i døgnet.
Solfrid følgjer nøye med på mjølkekvaliteten, spesielt urea-verdien. Den vil ho helst sjå over 5,5, opp mot seks. Stabiliserer den seg på eit lågare nivå, endrar ho kraftfôr til eit med meir protein. Sjølv med aktivitetsmålar er det ei utfordring å få kalv i kyrne.
– Spesielt vanskeleg er det med kyr som er lågt på rangstigen, seier bonden.
Det var lettare når kyrne stod på bås. Kyrne viste tydelegare brunst, og Solfrid registrerte slim og blod. No mistenker ho at høg yting er ei av utfordringane for enkelte kyr. Bonden tar ein kikk på dataskjermen og ser på ytinga. Fleire kyr mjølker 40-50 liter per dag i fleire månadar.

Velferdsavdelinga

Solfrid var ein av dei første som fekk planlagd ei velferdsavdeling i fjøset. Eit val som stadig fleire prioriterer. Avdelinga har fem liggebåsar og tre kalvingsbingar og tilgang til mjølkeroboten.
– Kyr i brunst kan få nokre timar her inne for å roa seg ned. Halte kyr, tynne kyr, kyr som er langt nede på rangstigen, kan få litt avlasting her inne, seier Solfrid.
Ho har merka seg at for dominante kyr er det som ei straff å vere i velferdsavdelinga, medan kyr som er lenger nede på rangstigen ser ut til å trivast utan alle dei andre rundt seg. Kalvingsbingane har tett golv med matter, og enkle grinder slik at kyrne har kontakt med dei andre i avdelinga.
– Kalvingsbingane er ikkje så populære blant kyrne. Dei vil helst kalve på spaltene, seier Solfrid.
Solfrid har latt kalvane gå i lag med mora dei første dagane.
– Eg må sjølvsagt passe på at kalvane får i seg råmjølk og at dei drikk av mora, understrekar ho.
Helst vil ho ha kalv og ku i lag i tre døgn, men etter at kalvane fekk leddproblem har ho redusert tida dei får i lag til rundt eit døgn.

Utfordring med leddbetennelse

Eitt år etter innflytting, kom utfordringa med leddbetennelse.
– Eg trudde først det var på grunn av oppstallinga og golvet. Men dyrlegen meinte årsaka var infeksjon gjennom navlen, då det ikkje var sår og ytre teikn på skader, forklarer Solfrid.
Bakteriar kan koma inn gjennom navlen det første døgnet, og spreier seg med blodet og skapar leddproblem. Solfrid reknar at om lag 1/3 av kalvane vart behandla med penicillin. I lag med dyrlegen la ho ein plan for å dyppe navlen med ei blanding av jod og sprit, kvar tredje time det første døgnet.
– Jod desinfiserer og sprit tørkar ut, forklarer Solfrid.
Ingen av dei ti siste kalvane har hatt leddbetennelse. No kryssar bonden fingrane for at tiltaket vil redusere tilfelle av leddbetennelse hjå kalvane.

 

Eige rom: Kalvane går i eige rom fram til dei er åtte månadar gamle. Då vert dei flytte inn i fjøset.

Tøff overgang

Kalvane har si eiga avdeling med separat ventilasjon. For å prøve å betre litt på tilhøva har ho sett inn ein omn for å halde temperaturen rundt 12 grader i rommet. Dei første dagane har dei enkeltboksar før dei går over i små grupper. For å fylla mest mogleg av kvoten, gir bonden gul Sprayfo til kalvane. Kalvane har tilgang til drikkekar, grovfôr og avgrensa mengd kalvekraftfôr. Solfrid saknar mysli-blandinga.
– Eg trur havre var med og stabiliserte magane, slik at kalvane kunne ha fri tilgang til myslien. Kalvane hadde betre tilvekst og høgare vekter då dei fekk mysli.
Det fungerer, men Solfrid er ikkje heilt nøgd med kalvane i dette systemet. Skulle ho bygd om att, ville ho hatt to store bingar fylde med halm til kalvane dei første vekene. Om lag åtte veker gamle vert kalvane flytte inn i fjøset. Overgangen frå kalveavdelinga til fjøset kunne vore betre, innrømmer Solfrid. Kalvane er litt pjusk den første tida i fjøset, men ein binge og to lenger opp i systemet, ser dei heilt annleis ut.
– Ja, ser du, seier Solfrid, – kor mykje dei endrar seg i løpet av den første tida her inne?

Okse og inseminering

Dei eldre kvigene er godt i hald, reine og blanke i pelsen. Dei ventar på tur i lag med oksen.
– Eg lova Geno å kutta ut oksen på kvigene når eg flytta inn i nytt fjøs. Men eg har ikkje kome så langt endå, flirer Solfrid.
Hennar erfaring er at kyr etter eigen okse ikkje gjer det dårlegare i besetninga. Den største utfordringa med oksen, er at ho sjølv kvir seg for å gå inn til kvigene. Dei vert ikkje så tamme som før.

 

Nøye på smittevern

Solfrid har vore nøye på smittevern heilt sidan ho flytte inn i fjøset. Utanfor kuavdelinga står ei skohylle med støvlar i ulike størrelsar. Alle, inkludert ho sjølv, skal skifte støvlar før dei går inn blant kyrne. Det betyr at ingen går med dei same skoa hjå kyrne og hjå kalvane og på fôrbrettet. Den nemnde morgonen i desember var det ingen tvil om at noko alvorleg var i gjære.
– Fôret låg urørt. Driten stod i veggen og kyrne var ikkje til å kjenne att, fortel Solfrid.
Ho ringde dyrlegen, Kay Arne Aarset, han er i dag veterinær i Tine sørvest. Den gongen var han praktiserande veterinær, blant anna hjå Solfrid.
– På veg ut til Solfrid var eg i kontakt med Dag Lindheim og beredskapstelefonen i Tine, for å halde dei informert, seier Kay Arne, som også har kome innom i fjøset til Solfrid.

Få skikk på vomma

Det var ingenting som tyda på at fôret var problemet. To hurtigtestar indikerte at årsaka kunne vere coronavirus, noko som sidan var stadfesta gjennom prøvar analysert av Veterinærinstituttet.
– Det finst dessverre ikkje medisin mot virussjukdommar, som koronavirus. Utan medisin mot sjukdommen, måtte me handtere symptoma, konstaterer Kay Arne.
Kyrne fekk ei tube med kol for å binde magen. Kraftfôret vart nullstilt. Utfordringa var å få kyrne til å ete grovfôr. For å auke appetitten, strødde Solfrid havsalt oppå grovfôret, 100-150 gram per ku per dag. Det fortsette ho med eit par veker.
– Salt aukar appetitten og får kyrne til å drikke meir vatn. Saltet bind også vatn i kroppen, og reduserer væsketapet, forklarer Kay Arne.
Mange av kyrne var i topplaktasjon etter kalving om hausten. Etter tre dagar utan kraftfôr, kunne dei starte forsiktig opptrapping.

Isolerte kalvane

Då ho oppdaga at alle kyrne var sjuke, stengde ho døra til kalveavdelinga.
– Eg hadde eigne klede og sko, og gjekk inn til kalvane frå utsida i denne perioden, seier bonden.
– Det var ein genistrek, kommenterer Kay Arne.
Ho mista ingen kyr, og ingen av kalvane vart ramma. Men ho tapte mykje mjølk.
– Og laktasjonskurva vart noko spesiell, kommenterer Solfrid.
Det er umogleg å seie kor mykje det kosta økonomisk. Nytt fjøs gjer det vanskeleg å estimere kva produksjonen kunne ha vore i den perioden.
– I ein litt større besetning på 400 tonn mjølk, rekna dei ut eit tap mellom 100 og 150 tusen, berre i tapte mjølkeinntekter. I tillegg kjem utfordring med reproduksjon, seier Kay Arne.

Lengre liggetid: Minst mogleg hindringar i båsane aukar liggetida og mjølkeproduksjonen.

Alt ved det normale: Det var krise, men det går over. Smilet er attende hjå bonden Solfrid og dyrlegen Kay Arne.

Koronavirus (BCoV)

Ein virussjukdom som gir smittsam diaré (også kalla vinterdysenteri), og som rammar spesielt kyr. Symptom er redusert matlyst, redusert produksjon og mjølkekvalitet, og nedsett reproduksjonsevne.
Solfrid og Kay Arne sine råd:

  • Diaré hos kyr er ingen normalsituasjon. Det må handterast.
  • Stopp spreiing av smitte, både utanfrå, men også mellom avdelingane i fjøset.
  • Bruk smittesluse og eigne sko i avdelinga for ku.
  • Er du i tvil, ta kontakt med veterinæren din. Ikkje nøl. Du får hjelp til å handtere situasjonen.
  • Beredskapstelefonen aktiverer automatisk informasjon til meieri, slakteri, veterinær, servicepersonal, inseminør og andre som har ein tilknyting til garden.

– Gi beskjed til alle som vil høyre! Du har ikkje gjort noko gale, understrekar Solfrid.

Ukjend smittekjelde

I tankane gjekk Solfrid gjennom tida i forkant av utbrotet. Så langt ho hugsar, hadde det ikkje vore besøk i fjøset. Ifølge dyrlegen går det berre kort tid frå smitteoverføring til dei første utbrota, alt frå timar til få dagar. Det er sjeldan at korona rammar så kraftig og heile buskapen. Men i besetningar som ikkje har vore utsett for smitte tidlegare, kan utbrota vere så kraftige som det dei opplevde hjå Solfrid.
– Som oftast startar det med at nokre av kyrne vert sjuke, før det spreier seg til fleire. Det er truleg derfor enkelte bønder opplever diaré om vinteren som ein normaltilstand. Det kan godt vere koronavirus som er årsaka, utan at bonden sjølv er klar over det, seier Kay Arne.

Meld frå

– Ikkje ver redd for å gi beskjed når sjukdom rammar. Om det er virus, diaré, klauver, same kva, meld frå, er Solfrid si sterke oppmoding til alle andre bønder.
Etter besøk av dyrlegen, vart Tine, Nortura og Mattilsynet kontakta, i tillegg til inseminør, veterinær og slaktebil. Dei har sine retningslinjer for kva dei skal gjere, og kan handtere slike situasjonar.
– Eg visste at eg ikkje hadde gjort noko gale. Målet mitt var å informere flest mogleg om at eg hadde smitte, slik at eg ikkje smitta andre. Einaste konsekvens for meg, var at eg ikkje fekk selje livdyr før besetninga vart friskmeldt, seier Solfrid.

Ikkje krisemaksimer

Det er tøft når det står på. Som alle andre sjukdomsutbrot, kostar det tid og pengar og tærer på motivasjonen. Men det går over. Tre veker etter utbrotet var alt som normalt i fjøset, men det påverka laktasjonen til kyr som var i tidleg og midtlaktasjon. Ho fekk levere livkalv i slutten av februar.
– Kan hende kunne eg oppdaga at noko var i gjære dersom eg hadde sjekka drøvtygginga meir rutinemessig, undrar Solfrid i ettertid. No har ho skjerpa rutinane.
– Eg bruker mykje tid framfor dataskjermen, minst ein time om dagen. Sjekkar blant anna drøvtygging, mjølkemengde osv. Det er nyttig investering av tid og ein viktig del av fjøsstellet. Men det går ikkje ut over tida eg bruker blant dyra, seier Solfrid Auestad Pettersen.

Har det godt: Romsleg fjøs og romslege liggebåsar gir god dyrevelferd. Kyrne kan stå med begge føtene i båsen. På baksida av roboten er velferdsavdelinga med opne kalvingsbingar.

Denne reportasjen var på trykk i Bondevennen nr. 7 – 17. februar 2017

Stikkord denne saka: , , ,