Forvitne på vekta: (Foran) Stian Espedal, Nortura, bøndene Olaug Siqveland og Eirik Braut Serigstad. (Bak) Karina Sinnes, elev på på Øksnevad og i utplassering hjå Nortura, og Martin Siqvaland.

Mykje nedbør og vedvarande overskot av kjøt, set sit preg på lammesesongen 2017.

Bothild Å. Nordsletten

Den våte sommaren pregar lammesesongen og mange er forvitne på vekta på årets lam. Bondevennen treff Stian Espedal, tilførselsmedarbeider småfe i Nortura, under veging av lam på ein gard på Varhaug på Jæren. Han fortel at bønder har trekt fleire hundre innmeldte lam ettersom dei ikkje er slakteklare. Samstundes kan lamma som blir sende til slakt jamt over ha lågare vekt enn tidlegare – eit tiltak for å få bukt med det vedvarande overskot av lammekjøt.

Grei vekt på Elgane

– Det skal me ha!, seier Olaug Varhaug Siqveland bestemt.
Den unge bonden står ved klemvekta i sauefjøset, mellom ektefellen Eirik Braut Serigstad, og Espedal. Det er sau og lam frå både heiebeite og heimebeite som skal vegast her på garden på Elgane i Hå kommune, i dag.
Eirik jagar dei inn i vekta, Olaug les av på indeksmålaren og saman med Espedal grip dei over ryggen på dyra for å vurdera holdet. Dinest blir dyra slusa vidare, kvart til sin lagnad; slakt, kåring, påsett, eller eit par veker ekstra i kosten. Alt i alt ser det ikkje så verst ut.

Betre i heia enn heime

Martin Siqveland gav frå seg garden til dottera Olaug og svigersonen i mars, men er med på veginga. Det var han som henta sauene ned frå Sirdalsheiene helga i førevegen.
– Eg var litt usikker på vekta i år, det var difor eg ville at Stian frå Nortura skulle koma, seier han.
Sommaren har vore den våtaste Martin kan minnast. Difor er det knytt ei viss spaning til vekta på årets lam.
– Eg trur heialam kjem betre ut av det enn dei som går heime, det er også det eg høyrer folk seia. I motsetnad til i heia, er graset øydelagt her nede, seier Martin.
Nokre av lamma som har vore til fjells er ennå litt frimodige, dei hoppar når dei kjem i vekta.
– Den var galtynn, påpeiker Olaug.
– Nei, den treng berre to veker til, seier Stian, og slusar dyret vidare til fôring.
Dyra skal vegast att om to veker, men førebels ser det jamt over greitt ut. Eit flott vêrlam syner 63 kilo på vekta, før det luntar vidare til kåring.

Lågare vekt for betre pris

Lam, rett nok i godt nok hold, blir no gjerne slakta med ei vekt på 40-42 kilo, noko som gir ei slaktevekt på omlag 17 kilo. I tidlegare år har lamma blitt sendte til slakt ved høgare vekt.
– Prisen på lam var høg fram til dei første heielamma kom i veke 35, seier Espedal.
– Sidan dess har prisen falt med to kroner. Me går no såpass ned på vekta for å sikra bonden ein skikkeleg inntekt, før prisen synk for mykje, forklarar Espedal.
På spørsmåla om i kva grad alt regnet spelar ei rolle for drifta til dei unge bøndene kjem svaret frå Olaug kontant.
– Me gir oss iallfall ikkje!

Stikkord denne saka: ,