Astrid Brekken heldt foredrag knytta til si nye bok «Kvinnebønder».

Astrid Brekken heldt foredrag knytta til si nye bok «Kvinnebønder».

Birte Usland meiner det er sjølvsagt å vere med på Sørlandssamlinga. Her viser ho ei utseld loddbok. Inntektene gjekk til Bondelagets prosjekt i Malawi.

Birte Usland meiner det er sjølvsagt å vere med på Sørlandssamlinga. Her viser ho ei utseld loddbok. Inntektene gjekk til Bondelagets prosjekt i Malawi.

 

Den årlege Sørlandssamlinga i Kristiansand gjekk av stabelen andre helga i januar. 300 bønder, hovudsakleg frå Agderfylka, samla seg til faglege foredrag og sosialt lag – 50 av desse høyrer til gruppa «unge bønder».

 

Jane Brit Sande

 

Sørlandssamlinga blei i år arrangert for 35. gong, og arrangørane såg med stolthet på utviklinga av arrangementet. Frå å vere ei samling for lokale svinebønder, har Sørlandssamlinga utvikla seg til å blir ei viktig samling for bønder av alle slag i Agder.

Fagleg og sosialt

– Sørlandssamlinga er det jo viktig å få med seg, påstår Birte Usland, fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag. – Det er viktig med eit nettverk og fellesskap rundt seg, og dette arrangementet er ein god stad og treffe nye folk, og komme i god bondedrøs med bondekollegaer. Det kan ganske enkelt ikkje overvurderast å treffa nye folk, seier den sosiale bondelagsleiaren.

Kvinnebønder løfta fram

Fredagens program var fylt opp med fleire forskjellige foredrag og foredragshaldarar, og på posten ”Bondelagets time” var NRK-journalist Astrid Brekken på plass. Ho har skrive boka ”Kvinnebønder”, og heldt foredrag knyta til tekstane i boka. 19 kvinnebønder og to reineigarar er intervjua om arbeid og liv.
– Det er vanskeleg å tru, men i 1929 var det 208.000 registrerte gardsbruk her i landet vårt, påpeika Brekken. Astrid Brekken krydra foredraget med å trekke fram kvardagshistoriar frå bønder av fleire slag; både skogeigarar, grønsaksbønder, sauebønder, og mjølkebønder. Nokre av dei er nok kjente for fleire av dei som sat i salen.
– Kvinnebønder driv mindre effektivt og stort på sine gardar, viste Brekken til. – Det blir sagt at dette er fordi kvinner ikkje har ei kone til å gjere husarbeid, forklara ho. Publikum protesterte ikkje. I tillegg til intervju med kvinnebønder, er det i tillegg tre fagartiklar knytta til kvinnene si rolle i landbruket.

Stikkord denne saka: