Svoltne på kunnskap: Ann-Kristin Sætre, Steffen Fjellestad, Lisa Meek Ljotebø, Andreas Akse, Brage Klakeg Mulen, Lars Martin Berge og Rakel Torpe, er sju av tolv elevar ved Vg3 landbruk ved Mo og Øyrane vgs. i Førde. Gjengen vart sist observert under Grovfôrkonferansen 2018 i Stjørdal.

Agronomelevane frå Mo og Øyrane vgs. skaffar eigne sponsormidlarog køyrer timesvis – på jakt etter fagleg påfyll.

Liv Kristin Sola

Elevane er ofte å sjå på samlingar rundt om i Sogn og Fjordane, plassert sånn passe langt bak i salen. Men dei har aldri tidlegare kryssa fleire fylkesgrenser for å komme på konferanse.

– Det er her me får høyre siste nytt frå landbruket, seier Steffen Fjellestad, frå Gloppen i Sogn og Fjordane.

Jakta på sponsorar

– Me leste om arrangementet på Facebook, og spurde læraren om me fekk fri dersom me klarte å skaffe oss sponsorar til å dekke kostnadane, seier Ann-Kristin.

Elevane var frimodige. Spurde skulen om 10.000 kroner, og fekk 4500. Ungdommane tok føre seg sponsorlista til arrangørane av konferansen. Brukte fleire dagar på å kontakte dei ulike firma for å få støtte.

– Me sleit, men fekk 7500 frå Miljøkalk, seier Andreas.

– Det ga oss motivasjon og tru på at dette skulle me klare, seier Steffen.

Då Felleskjøpet også ville bidra, sat elevane att med 500 i eigenandel. Ein eigenandel som Fylkesmannen i Trøndelag dekte inn då ungdommane kom til Stjørdal.

Ni timar kvar veg

Agronomelevane leidde ein sjusetar, køyrde ni timar på vinterføre frå Førde til Stjørdal, og fann sin plass blant dei om lag 380 deltakarane på Grovfôrkonferansen 2018.

– Her møter me folk som jobbar med det nyaste av det nye, seier Ann-Kristin.

– Fagleg påfyll av dagsaktuell kunnskap, legg Lisa til.

– Lærarane klarer ikkje halde seg heilt oppdaterte på alt heile tida, utdjupar Andreas.

Engasjementet er stort, og elevane trivst i lag med erfarne bønder, forskarar og rådgivarar.

– Me er sosiale heile gjengen og likar å reise i lag, seier Steffen.

Elevane er frå ulike delar av Sogn og Fjordane. Mange skal overta heimegarden. Nokre er usikre. Andre har ikkje odel, men vil søke seg arbeid i landbruket.

Viktig nettverk

Dei skildrar kvardagen som ventar etter at dei er ferdig utdanna agronomar. Ann-Kristin, frå Eid, vert ein av dei yngste bøndene i bygda. Steffen, frå Gloppen, skal heim til eit ungt og engasjert landbruksmiljø. Heime i Hyllestad, hjå Andreas, ventar ein kvardag der stadig fleire naboar legg ned drifta. Dette er framtidsutsikter som ungdommane diskuterer. Dei understrekar verdien av det sterke nettverket dei har seg imellom, og trur og håpar dei kan dra nytte av kvarandre når dei etter kvart skal kvart til sitt og drive gard.

– Kvifor utdanning og konferansar, når de kan lære av mor og far?

– Det er utdatert informasjon. Utviklinga skjer så fort og drifta må utvikle seg, seier Lars Martin.

– Me driv jo ei bedrift og treng god kunnskap om økonomi og driftsleiing, seier Brage.

Etter tre år med landbruksutdanning har dei mykje kunnskap som dei ser fram til å prøve ut i kvardagen.

– Eg var ikkje klar over alt papirarbeidet. Det har far teke seg av, seier Ann-Kristin.

– Det har vore ein tankevekkjar å sjå kor stort utslag små marginar kan gi, til dømes i grovfôrkostnadane, seier Andreas.

Elevane diskuterer. Utfordrar kvarandre. Alle kjem til orde. Dei har ulike synspunkt, men trur utdanning er viktig for unge som skal inn i næringa, men er skeptiske til å innføre krav for erfarne bønder.

– Det ville gjort at fleire la ned drifta, trur Lars Martin.

Rakel nikkar. Brage har fått mange spørsmål om kvifor han går på agronomen, han har jo så mykje praksis.

– Men etter tre år på skulen er eg ikkje i tvil. Alle som tek over eit gardsbruk bør ha agronomutdanning, seier Brage.

– Det kan kome krav til utdanning, eller mangel på utdanning kan bli brukt mot oss, seier Andreas.

– Krav til utdanning kan nok vere bra for omdømmet for næringa, gi yrket ein høgare status, undrar Steffen.

Dei andre nikkar.

Utfordre læraren

Grovfôrkonferansen er over. Elevane vender nasen heimover. Dei skal levere leigebilen og kome seg attende til skulebenken. Dei skryt av skulen og av lærarane.

– Dei har gitt oss eit solid fundament. Gjort oss i stand til å følgje med under slike samlingar som dette, seier Brage.

Men no skal økonomilæraren utfordrast.

– Me har lært å rekne grovfôrkostnadar, men eg var ikkje klar over dei store kostnadane som er knytt til møkkakøyring og handtering av husdyrgjødsel, seier Steffen.