Sparegruppe: Dette er ei sparegruppe, der også menn er med. Dei er femti medlemmer i gruppa som møtest jamleg. Kvar gong betaler dei alle inn ein førehandsbestemt sum, og kvar sin gong får dei med seg heile den innsamla summen heim til å gjere høvelege investeringar. Foto: Terje Øen

Rogalandsbøndenes sitt arbeid i Kamerun held fram. No skal prosjektet snart flytte til ein ny stad i landet.

Jane Brit Sande

Rogalandsgarden vart etablert i Meng i 1962, og fungerte som eit jordbrukssenter med rettleiing og skuledrift. I februar i år var ein delegasjon frå Norge på besøk i Kamerun for å sjå kva som var skjedd sidan førre besøk for tre år sidan.

Ny infrastruktur

I 2007 starta Rogalandsgarden sitt arbeid i Sambolabo, nord i Kamerun, nær grensa til Nigeria. Dette er den femte staden i Karmerun prosjektet har sitt virke. Ulandsutvalet, med representantar frå Bondelaget, Bygdekvinnelaget og 4H i Rogaland, driftar prosjektet.

– Prosjektet er same stad i 12 til 15 år, seier Terje Øen, leiar i U-landsutvalet.

– Dei neste to åra trappar me ned i Sambolabo.

Øen har vore med i Rogalandsgarden sidan før starten i området.

– Det har skjedd mykje sidan me først kom til området. Det var eit isolert område, utan infrastruktur. Først no, 10 år seinare, tar landbruket i området seg skikkeleg opp. Lokalbefolkninga dyrkar sukkerrør og kokebananer som bli selt på marknaden. Dette kunne dei ikkje tidlegare, då dei var isolert utan bruer over elvene, seier Øen.

Vil fornya: Denne brua har innbyggarane i Sambolabo bygd sjølve. Den ønskjer dei å fornye, med hjelp av midlar frå Rogalandsgarden. Foto: Terje Øen

Viktig kvinnearbeid

Rogalandsgarden har to tilsette i Kamerun. Iya Paul arbeider med landsbyutvikling, og Asta Pauline arbeider med kvinneretta bistand. Dei er viktige brikker for Rogalandsgarden. I Sambolabo er det bygd brønnar og bruer, og fleire landsbyar blir mobilisert for å få dette til. Det blir også danna forskjellige grupper, spesielt blant kvinner og ungdom, med vekt på motivering, organisering og mobilisering av lokale ressursar. Kvinnearbeidet er viktig for prosjektet.

– Det er så flott å sjå resultat av haldningsendrande arbeid, seier Øen, og viser til kvinnearbeidet.

– Då prosjektet først kom til Sambolabo, var kvinnene isolert bak murane i landsbyen. No er fleirtalet av kvinnene med i sparegrupper, og me ser at små næringsaktørar tek seg opp.

Lenge har koranskule vore einaste skulegang jentene fekk. Dette har endra seg.

– Utdannar du ei kvinne, utdannar du ein heil generasjon. Me satsar på kunnskapsformidling i kvinnegruppene, og me ser ei auke i talet på jenter som får gå på skule og vidare på ungdomsskule, seier Øen.

Arbeidet vidare

U-landsutvalet kartlegg no neste prosjektet for Rogalandsgarden.

– Me har ikkje konkludert kvar vegen går, men me ser at mykje fortsatt er ugjort i området. U-landsutvalet tenker at prosjektet vil bevege seg sørover, mot Galim, seier Øen.

Kompetanseoverføring innan jordbruk samt landsbyutvikling er områder utvalet vil satse på.

– Prosjektet er brukarstyrt, så befolkninga er med og bestemmer kva som skal prioriterast. U-landsutvalet vil tilrå å prioritere reint drikkevatn, då dette gir raske og gode resultat på folkehelsa. Vår erfaring frå Sambolabo, er at det er behov for opplæring i rekning blant kvinnene. På koranskulen har dei lært å lese og skrive arabisk, men dei får problem når sparesummane skal summerast, seier Øen.