Ku_på_beite2

Samanlikning av referansebruk viser ujamn auke i årsinntekt. (Illustrasjonsfoto)

Det framforhandla tillegget på 400 millionar kroner skal gi rom for 3,75% auke i jordbruksinntektene, som skal svara til om lag 13.000 kroner per årsverk. Desse pengane blir ikkje jamt fordelte på alle årsverk.

 

Odd Magne Nordmark

 

Utslaga på referansebruka varierer frå minus 18.300 kroner på fjørfeslakt og planteprodukt (referansebruk 10) som er det einaste som går i minus, til 23.300 kr på referansebruk 5, som gjeld svin og korn, med 47 avlssvin.
Referansebruka er baserte på verkelege gardsbruk, og skal spegla utviklinga.
Her skal me nøya oss med å sjå på 3 referansebruk av ulik storleik: bruk 12 med 14 årskyr, bruk 13 med 38 kyr, og bruk 14 med 54 årskyr. Dei ser slik ut:

Bv24.indd

 

Les også: Like tillegg per dyr

 

Referansebruk 12 har eit arbeidsomfang på 1,64 årsverk. Kvart årsverk har ei godtgjering på 326.400 kroner før oppgjer til alt arbeid (også innleigd) og eigenkapital, og oppnår 3.900 kroner ekstra som følgje av oppgjeret. 3.900 kroner er langt under gjennomsnittet på 13.000 kroner.
Referansebruk 13 har eit arbeidsomfang på 2,24 årsverk. Godtgjersla her er 410.000 kroner per årsverk før oppgjer, og bruket oppnår 12.400 kr per årsverk i tillegg. Det er i nærleiken av gjennomsnittsauken.
Referansebruk 14 har eit arbeidsomfang på 2,44 årsverk. Kvart av desse årsverka blir før oppgjer godtgjorde med 520.000 kroner for arbeid og eigenkapital, og oppnår eit tillegg på 18.000 kroner. Altså meir enn gjennomsnittet på 13.000 kroner.
For å komma fram til samla bruksinntekt og endring frå 2015 til 2016, multipliserer du inntekt og endring med talet på årsverk.
Me vil presisera at årsverkinntekta skal dekka alt arbeid på bruket, også innleigd. Med mykje innleigd arbeid, blir det mindre pengar att til familien.
Kanskje gir den ujamne fordelinga av inntektsauken ei forklaring på kvifor Norsk Bonde- og småbrukarlag braut forhandlingane også i år?

 

Stikkord denne saka: , , , , , ,