Storhandel: Felleskjøpet Rogaland Agder kjøper årleg 200.000 tonn norske kornråvarer for 500 millionar kroner. Med den nye avtalen kan kraftfôrprodusenten handla norsk korn hjå både Felleskjøpet Agri og Strand Unikorn. Foto: Bjørn Georg Øie

Felleskjøpet Rogaland Agder har signert avtale med Strand Unikorn om handel av norsk korn.

Sjur Håland

Samvirkeverksemda Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), som driv landets største kraftfôrfabrikk på Kvalaberg i Stavanger, kjøper årleg 200.000 tonn norsk korn til ein samla verdi på kring 500 millionar kroner. Tonnasjen utgjer halvparten av det samla råvarebehovet.

Kjent handelspartnar

Strand Unikorn er ikkje ein ukjent handelspartnar for den bondeeigde kraftfôrprodusenten på Sør-Vestlandet. I åra mellom 2009 og 2012 var Strand Unikorn eineleverandør av norsk korn til FKRA. I 2012 og 2013 leverte Strand Unikorn parallelt med Felleskjøpet Agri (FKA), som sidan 2013 har vore eineleverandør av norsk korn til FKRA.
– Det har vore peika på at denne eineavtalen ikkje er ei optimal ordning i høve til forvaltinga av norsk korn. Den nye avtalen bidreg til ro kring marknadsordninga for korn. Det har vore periodar då Strand Unikorn har hatt norsk korn på lager samstundes med at det har blitt importert tilsvarande korn frå utlandet, forklarer administrerande direktør i FKRA, Ola Bekken.

Ola Bekken. Foto: FKRA

To leverandørar

Aktørane i kornbransjen har no rydda opp, og ordninga med FKA sin eksklusive rett til å selja norsk korn til FKRA er fjerna. Den nye avtalen med Strand Unikorn har ein verdi opp mot 100 millionar kroner, avhengig av den norske kornavlinga.
– Med denne avtalen får me høve til å nytta to parallelle leverandørar. Me kjøper framleis korn av FKA og er ikkje misnøgde med dei. Men avtalen betyr ein viss konkurranse kring kvalitet, volum og dekking av vårt råvarebehov, noko som sjølvsagt er positivt, understrekar Bekken.

Ønskjer marknadsretting

Den administrerande direktøren i Felleskjøpet Rogaland Agder vonar også på ei vriding mot meir marknadsretta kornproduksjon ute hjå kornbøndene.
– Ja, det hadde vore bra. Korndyrkinga har stått meir eller mindre stilt frå 1970-talet, medan krava til råvarekvalitet og innhald i fôrråvarene har blitt monaleg skjerpa hjå oss som produserer kraftfôr.
– Vil kundane merka noko til den nye avtalen. Blir kraftfôret billegare?
– Dette har ingen samanheng med prisen på kraftfôret, men me håpar på meir dynamikk i konkurransen om å tilfredsstilla krava til ein stadig meir effektiv husdyrproduksjon. Den dynamikken vil bidra til å halda prisane nede, meiner Bekken.

Stikkord denne saka: , ,
Share This