Inviterer til ope møte:

Nye moglegheitar: Martin Mæland, arbeidsutvalet Nortura, region Agro, og fagutvalet for storfe (nr 2 f.v.) og dei tre Tine produsentlagsleiarane (f.v.) Jofrid Torland Mjåtveit, Nærbø, Sigmund Rangen, Varhaug, og Bjørn Friestad, Ogna og Vigrestad inviterer mjølkeprodusentane til å tenka nytt.

Kan auka kjøtproduksjon på mjølkebruk vera eit godt alternativ til å produsera dyre mjølkelitrar?

Liv Kristin Sola

Kvoteprisane når stadig nye høgder. Prisar som var sjokkerande i går, er normale i morgon. Det gir grunn til uro.
– Me må flytta fokus og sjå kor korleis me kan betra økonomien i det me held på med. Det handlar om å sjå nye moglegheitar for inntening på garden, seier dei fire bøndene.
– På 80-talet fekk me mjølkekvotane. Auka mjølkeyting var ikkje lenger noko mål å strekka seg mot. Alt vart låst. Den gongen snudde bøndene seg rundt. Jorda, grovfôret og avlingane vart viktigare. Me sette oss nye mål. Det må me gjera på nytt, seier Sigmund Rangen, leiar i Varhaug Produsentlag.
Arrangørane summerer dagens situasjon i tre punkt:

  • Utviklinga i kvoteprisane.
  • Behov for meir storfekjøt.
  • Auka kvalitetsutbetaling for dei beste kvalitetsklassane for storfeslakt.

Kva er økonomisk lønsamt på ditt bruk? Er det aktuelt å kryssa inn kjøtfe? Kva med 3-rasekryssing? Kva vil gi best økonomi? Tine og Nortura ønsker å samarbeide om rådgiving til bønder som er interessert i å tenke alternativ for si drift.
– Dette er like interessant for små som for store kvotar, understrekar dei tillitsvalde, og ønsker velkommen til ein prat om ulike moglegheitar.

I samarbeid med Nortura inviterer produsentlaga i Hå til ope møte om kjøtproduksjon på mjølkebruket, i kantina til Prior i Kviamarka (Nortura), mandag 6. mars kl. 19.00.

Stikkord denne saka: , ,