Under paraplyen: Våtare og villare klima gir nye utfordringar for landbruket. Therese Meland (NIBIO), Helga Hellesø og Ingrid Møgedal (NLR) og Edvin Vestvik (Tine) legg opp til stort engasjement på Særheimdagen 18. januar.

Kva skjer med landbruket i Rogaland når klimaet endrar seg og miljøkrava blir skjerpa? På Særheimdagen torsdag 18. januar skal både utfordringane og moglegheitene fram i lyset.

Sjur Håland

Alle snakkar om vêret. Landbruket sine rettleiingsapparat rustar seg til klimarådgjeving retta mot enkeltbruka, medan bøndene freistar å nullstilla seg etter tidenes regnsommar. Bøndene lurer på korleis neste vekstsesong blir. Det gjer også landbruksverksemdene i Rogaland Landbrukspark på Særheim i Klepp. Denne gongen har dei flytt åstaden for den årvisse Særheimdagen til det romslege auditoriet på Øksnevad vidaregåande skule. Her blir det også god plass til å møta dei einskilde aktørane på stands i pausane. Arrangørane vonar på godt frammøte og lovar ein matnyttig januardag for alle som kjem.

Still spørsmål

– Og det skal bli god plass for spørsmål og diskusjon i samband med føredraga. Førebu gjerne spørsmål i førekant av møtet, oppmodar leiar i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Helga Hellesø.
– Kven er målgruppa?
– Me rettar oss sjølvsagt først og fremst mot bøndene, men klimaendringane er også brennaktuelt for landbruksbaserte verksemder, rettleiingstenestane og forskingsmiljøa.
Odd Magne Harstad frå NMBU har fått temaet Klimavenleg og effektiv husdyrproduksjon, medan Kim Viggo Weiby frå Tine greier ut om tiltak for redusert klimagassutslepp på garden. I tillegg bidreg lokale krefter frå Rogaland Landbrukspark, som Anders Aune frå NLR Rogaland, som oppdaterer deltakarane kring Klimaverktøy på gardsnivå. Mats Høglind frå NIBIO Særheim sitt tema er Klimatilpassingar av grovfôrproduksjonen.

Mekanisering i uvêr

Mekaniseringsutfordringane i åra som kjem er eit sentralt tema, også på Særheimsdagen. Jogeir Magnar Agjeld er kjent frå Betre Gardsdrift. No jobbar sauebonden som maskinteknisk rådgjevar i NLR og formidlar sine tankar kring mekanisering under stadig verre vêrtilhøve og tøffare krav.
Edvin Vestvik er distriktssjef i Tine og medlem av arrangementskomiteen. Han understrekar at det skjer mykje relatert til klima og miljøkrav og held fram viktigheita av å halda seg oppdatert.
– Klimavenleg drift kjem oftast godt ut også frå eit økonomisk perspektiv, understrekar han.

Share This