• Kyrne kjem til Varhaug i ulike kjøretøy. Dei fleste kjem med slaktebilen, medan somme kjem i eigen hengar.

 

 – Eg har lest meg opp og fått med meg at det er jurstellet som betyr noko, sa Anne Berit Berge Ims, då ho heidra jerseykua Malena som Årets Gullku og holsteinkua Callo som Miss Jæren.

Tekst – Liv Kristin Sola

Foto – Kristin Søyland og Liv Kristin Sola

Nokre av regionens flottaste kyr var samla for å konkurrera om stasband og titlar under kuustillinga på Jærmessa på Varhaug lørdag 29. august. Berge Ims, rådmann i Hå kommune, var invitert til å dela ut prisane Miss Jæren og Årets Gullku.

Resultat frå kuutstillinga, Miss Jæren og Gullkua her.

Miss Jæren

Rundt 40 mjølkekyr av rasane NRF, holstein og jersey, stod oppstilt og venta på sin tur i ringen. Dei konkurrerer i seks klassar, to klassar innan kvar rase, 1. kalvs og eldre. Innan kvar rase vert det kåra ein rasevinnar. Alle seks vinnarane kjem attende i ringen mot slutten av dagen for å kjempa om heiderstittelen Miss Jæren.

– Herligt! Eg hadde eit håp om at ei, og kanskje to, av kyrne skulle gjera det godt i holsteinklassane. Eg var meir usikker på Miss Jæren kåringa, sa Ole Morten Aanestad, då det vart klart at 2.kalvskua hans Callo, vart kåra til Miss Jæren med best mogleg poengsum.

– Men det har vore ei helvetesveke, la han til, og understreka at det krev mykje innsats å koma heilt til topps.

Gullkua

Ei haldbar ku er som oftast ei økonomisk god ku. Ei ku som får mange kalvar, har god mjølkekvalitet, god helse og høg avdrått er draumen for ein kvar mjølkeprodusent. Når Gullkua skal kårast, er det ytre berre ein liten del av det heile. Det som er avgjerande er kor godt kua har gjort det gjennom laktasjonane. Kyrne som deltek må ha min. 3 fullførte laktasjonar, og ein avdrått på min 7.000 kg EKM i snitt av alle fullførte laktasjonar.

For Årets Gullku, Malena, og eigaren Kåre Sigurd Undheim, heng denne tittelen mest høgare enn nokon av dei andre som vert delt ut. Dei haldbare kyrne er viktige i drifta. Ekstra stas var det likevel at Malena også vart kåra til den finaste jerseykua i konkurransen, og kom på tredjeplass i Miss Jæren kåringa. Malena er ei ku som er ni år, og har hatt sju kalvar.

Uerfarne gratulantar

– Dette kjem i kategorien av ting eg aldri har gjort før. Gratulerer med prisen. For Hå kommune, som er den dominerande husdyrkommunen i Norge, er dette eit viktig arrangement, understreka rådmannen i Hå.

Blant tilskodarane dukka også landbruksminister Sylvi Listhaug opp. Heller ikkje ho hadde vore på kuutstilling tidlegare, men ville gjerne koma attende om ho vart invitert.

– Dette føyer seg inn i rekka av positive tiltak og aktivitetar som eg opplever her på Jæren, sa Listhaug.

Erfarne dommarar

Dommarane Tore Joa og Svein-Egil Skartveit er begge avlsrådgjevarar i Tine, og har lang erfaring med avlsplanlegging, eksteriørbedømming og konkurransedømming.

Tore Joa dømde i NRF klassane. Svein-Egil Skartveit dømde jerseyklassen.

Bert Groen frå Dansk Holstein, har brei internasjonal dommererfaring frå blant anna Danmark, Holland, Frankrike og Ungarn. Groen dømde holsteinklassane, og det var første gong han dømde i Norge.

– Eg er imponert over kvaliteten på kyrne og det postitive miljøet. Dei beste kyrne i desse klassane, kunne gjort det godt i samtlege danske dyrskuer, sa Groen.

– Det er likevel dei som står sist som lager skuet, og det er viktig å gi postive tilbakemeldingar til alle som er med, understreka den erfarne dommaren.

 

 

 

 

Stikkord denne saka: , ,