Stian Espedal (i midten), gir instruksar på korleis «dømminga» skal gå føre seg. Bøndene skulle bruke si erfaring og kunnskap, og klassifisere dyra i kjøttklasse og feittklasse, og angi slaktevekt.

Stian Espedal (i midten), gir instruksar på korleis «dømminga» skal gå føre seg. Bøndene skulle bruke si erfaring og kunnskap, og klassifisere dyra i kjøttklasse og feittklasse, og angi slaktevekt.

Meir enn tjue sauebønder møtte opp på Norturaanlegget på Forus for å sjå slakterianlegget og lære meir om ull- og kjøtklassifisering.

– Eit av måla med å invitera sauebønder til å koma inn på slakterianlegget, er for at dei skal få sjansen til å læra meir om holdvurdering, slik at dei kan ta dette med seg når dei skal velje ut eigne dyr til slakt, forklarar Stian Espedal, tilførselsmedarbeidar i Nortura.
– I dag får bøndene anledning til å følja klassevurderinga både før, der dei sjølv vurderer dyra, og etter slakt, når det er gjort av våre folk.

Frå klippelinje til ullavdeling

Torbjørn Andersen viste fram klippelinja, og fortalde om endringar og forbetringar som kom med denne utbygginga. Betre dyrevelferd, høgare effektivitet, og betra forhold for klipparane, var noko av det han peika på. Vidare går ulla ned til sortering og veging.
– Norsk ull er av generelt god kvalitet, sett på verdsbasis, fortalde Espedal. – I Australia og New Zealand har dei merinosauen, og den ulla er det stor etterspørsel på. Men både på kjøt og ull ligg me langt framme her i Norge. Både beiteforhold og dyrevelferd er noko av det som speler inn her.
Arne Stangeland, med meir enn 40 års erfaring med klassifisering av ull, fortalde om forskjellige ullkvalitetar, og kva dei ser etter når dei sorterer ulla.
– For å stadfesta kvaliteten på ulla, ser me på både tjukkelsen på fibrane, og på kor tett krusen er, forklara han. – Til tettare krusen på ulla er, til betre er kvaliteten.

Torbjørn Andersen viste fram klippeavdelinga, og fortalde om forbetringane som kom med den.

Torbjørn Andersen viste fram klippeavdelinga, og fortalde om forbetringane som kom med den.

 

Fokus på forbetring

– Eg meiner det er bra for produsentane å sjå korleis dyra blir behandla, fortel Espedal. – Og me får vist frameffektiviteten i linja på slakteriet. Me har gjort mykje forbetringar på tekniske områder her, og dette har ført til færre tilsette, noko som betyr meir pengar i kassen til bøndene. Me har pågåande konkurransar, der dei tilsette kjem med forslag til forbetringar, som gjer at me kan tene meir. For eksempel så har me gjort ei endringa på sal av grisehalar. Tidlegare skar me grisehalen ved rota, og selde den for 2,70 kr per kg. No skjer me den i to deler; rot og hale, og får 1,60 kr per kilo for rota, og 5,50 kr per kg på halen.

Stikkord denne saka: