• Heile gjengen samla. F. v. Malin, Mari, Kaspar, Einar, Elida, Einar, kalven Nim, og Hanne Elin.

 

Det finst ein type missekonkurranse kor dommarane diskuterer jurstørrelse og form på jur, utan å blunka.

 

Liv Kristin Sola

– Ho er sterk på bein og jur. Ei ku som kunne gjort det godt internasjonalt.

Det var karakteristikken den svenske dommaren, Gill Zeilon, ga Etonie. Den to år gamle holsteinkua vart kåra til Miss Jæren under kuutstillinga på Jærmessa i fjor.

Etonie er etter 33275 Arden og morfar er 22011 S Adam

29. – 31. august skal Etonie forsvara tittelen på kuutstillinga på Jærmessa 2015.

Etonie, som er ein del av buskapen til He-Rosnes samdrift på Austre-Åmøy, har kalva andre kalven, og er på topp i produksjon med 56 liter mjølk til dagen.

Miljøet er viktigst

Eksteriør er viktig, men langt frå alt.

– Det gir ein boost å vinna, men det kjekkaste er å vera i lag med så mange andre ku- og avlsinteresserte bønder, seier Hanne Elin Herrebrøden.

Livdyrauksjon

– Me sel livdyr på auksjonen på Jærmessa. Men det er vanskeleg å velja, me har store forventningar til kvigene våre, seier Hanne Elin. Dei nyttar mykje kjønnsseparert sæd på dei beste dyra, og har ein god gjeng med kyr og drektige kviger som dei har store forventningar til.

Ho fortel om stort engasjement rundt livdyrauksjonen og kuutstillinga, men at det er plass til fleire.

– Det viktigaste er å delta og la seg engasjera av miljøet, seier bøndene på Austre Åmøy.

 Arveleg belasta

Avlsinteressa går i arv hjå familien Rosnes Herrebrøden. Så lenge ho kan huska har familien reist på hundeutstilling.

Allerede for 20 år sidan, starta far, Einar og mor, Hilde Rosnes, å kryssa holstein inn i besetninga.

– Etter kvart vart det meir og meir rein holstein, og det vart stadig meir interessant med avl, fortel Einar.

– Far gjer alltid alt heilt ekstremt, kommenterer Hanne Elin.

Einar har eit dårleg skjult smil i munnviken, og nektar ikkje for det dottera seier.

Eit godt team

I 2010 overlot han ansvaret for drifta på garden til Hanne Elin og familien hennar. Han sit ikkje lenger ved roret, men har eit godt tak om ei av årene, og gjer ein betydeleg innsats på garden. Ikkje minst er han god å ha som samtalepartnar, både i den daglege drifta og i det meir langsiktige avlsarbeidet.

Dei to veterinærstudentane, Malin og Mari, er i fire vekers praksis på garden. Dei kan ikkje unngå å bli smitta av engasjementet.

– Me er heilt imponert over kunnskapen til bøndene. Sjølv visste me lite om handtering av kyr før me kom hit. Kvar dag lærer me noko nytt, fortel dei to studentane.

Kalvemønstring

Minstejenta Elida på 8, og storebror Einar på 11, er så vidt i gang med å trena kalvane dei skal nytta på kalveutstillinga. Einar har besøk av kameraten, Karsten.

– Kalvane må ikkje vera for små under mønstringa, då vert dei trøtte og går lei. Størrelsen på kalvane må stå i stil med størrelsen på mønstraren, Dei største ungane bør ikkje ha dei minste kalvane, seier mor, Hanne Elin.

– Me tar på grime og bruker tid på kalvane heilt frå dei er små, men startar ikkje treninga før dei er over ein månad, legg ho til.

Eldste dotter, Veslemøy, har eit spesielt lag med kalvane.

– Ikkje veit eg kva ho gjer med dei, men dei blir så tamme at me kan gjera kva me vil med dei, seier mor, Hanne Elin.

 

 

Stikkord denne saka: , ,