Avslørande: Produsent Jone Wiig letta på fiberduken, og avslørte ståa i åkeren. Blomkålen ligg godt an i år.

Eit knippe grønsaksprodusentar letta på fiberduken for å syna fram status i vekstsesongen så langt.

Jane Brit Sande

Den årlege markvandringa, arrangert av Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, vart i år lagt til Vik i Klepp. Her ligg grønsaksåkrane og drivhusa tett. Kring 40 skodelystne grønsaksprodusentar møtte opp måndag 7. mai. Tidlege kålvekstar og salatar stod på menyen.

Ventar på varmare temperaturar

Det er allereie seks veker sidan dei første kålvekstene kom i jorda. Vinteren på Jæren var kald, så nokre vekstar vart sett ut seinare enn normalt, og nokre fekk ein liten brems takka vere kalde netter i månadsskiftet mars/april. Men i dagane etter markvandringa var det meldt kring 20 varme i lufta, og skyfri himmel.

– Me planta kål 27. mars, noko seinare enn normalt. Men den har tatt det igjen, sa produsent Kåre Wiig.

– Det er stor forskjell på kulturane i år. Blomkål og brokkoli imponerer, og er godt i rute. Andre kulturar ligg litt etter, sa Kari Aarekol, grønsaksrådgivar i NLR.

Kålen er jamt over mindre enn kva som er normalt, i forhold til tidlegare år. Kinakålen var også større i fjor.

– Men kinakålen veks kjapt, og det kan vere stor forskjell på storleik fredag og søndag, kommenterte Aarekol.

– Kålrota er mindre i år, samanlikna med same tid i fjor. Då målte den fire cm i diameter, i år er den 2,5. Men når kålrota først veks, veks den raskt. Dei varme dagane me har i vente, kjem godt med, sa Aarekol.

Grøne salatar

Både Romano og Isbergssalat ser så langt bra ut, i følgje Aarekol.

– Men Isbergssalaten er noko ujamn i nokon dyrkingsfelt, påpeikte ho.

Inspiserer: Grønsaksrådgivar Kari Aarekol inspiserer brokkolien. Den er godt i rute i år.

God kåldrøs: Det var ikkje berre produsentar som møtte opp til markdagen. Også representantar frå Grøntprodusentenes Samarbeidsråd og frå frøfirma var med. Det baud på god drøs i kålåkeren.

I rute: Blomkålen imponerte, og er i rute for årets sesong.

Rekke og rad:Kålen strutta på rekke og rad. 

Litt små: Kålrota er noko mindre i år, enn i fjor på same tida. I fjor målte den 4 cm, i år er den ikkje større enn 2,5 cm.

Stikkord denne saka:
Share This